- https://bergenbibliotek.no/bibliotekene/ytre-arna/anders-totland-om-til-jord-skal-du-bli
- Anders Totland om Til jord skal du bli
- 2023-04-24T18:00:00+02:00
- 2023-04-24T19:00:00+02:00
- Hør Totland foredra om sin nyeste roman, Til jord skal du bli.
Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprør. Til jord skal du bli er hans andre roman for vaksne.
I 2022 kom romanen Til jord skal du bli Her møter vi presten Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.
Møt forfattaren sjølv til foredrag.