av Trine Dale
—
sist endret
2021-04-08T11:42:19+02:00
Bergen Offentlige Bibliotek inviterer til ein eventyrleg dag i parken. Teaterkompaniet Eventyr i parken vil ha to framsyningar om Askeladden, kl. 11.00 og kl. 13.00.
- https://bergenbibliotek.no/bibliotekene/ytre-arna/eventyrdag-i-ytre-arna
- Eventyrdag i Ytre Arna
- 2021-04-24T11:00:00+02:00
- 2021-04-24T14:00:00+02:00
- Bergen Offentlige Bibliotek inviterer til ein eventyrleg dag i parken. Teaterkompaniet Eventyr i parken vil ha to framsyningar om Askeladden, kl. 11.00 og kl. 13.00.
Askeladden og prinsessa som babla og babla - bli med på vandreteater i Sætreparken og møt sjølvaste Askeladden som har tenkt seg ut på tur! Prinsessa av Sætreparken klarar ikkje å slutte å bable. No er kongen lei og prøver å finne nokon som kan klare å underhalde prinsessa slik at dei kan få litt ro i slottet igjen.
Det er mange som vil prøve seg! Men prinsessa har ikkje tenkt å gjere det lett for dei. Kan Askeladden klare det, tru?
Påmelding kl. 11.00: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/askeladden
Påmelding kl. 13.00: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/askeladden2
Påmelding kl. 13.00: https://bergenkommune.pameldingssystem.no/askeladden2
Det vil også vere mogleg med drop in-påmelding om det er plassar igjen.
Møt opp ved inngangen til Sætreparken. Kvar framsyning varer i ca. 40 minutt og passar for heile familien. Alt skjer utandørs, så kle deg og dine etter vêret!
Ytre Arna bibliotek stiller med pop-up bibliotek og kjekke aktivitetar for heile familien. Biblioteket vil også være opent som vanleg frå kl. 10.00 til 16.00.
Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement ønsker å skape kulturopplevingar utandørs for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna.
For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengige av at publikum overheld gjeldande smittevernstiltak. Personar frå same husstand går samla. Vaksne er ansvarlege for å halde sine barn på minst 1 meter avstand frå andre. Er nokon i husstanden sjuk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp.
Det vil også bli opplyst nærmare rundt smitteverntiltak før oppstart.