Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Lillann Kvalheim Bue sist endret 2020-02-18T08:23:50+01:00
Har du lese «verdas fyrste Arna-roman»?
Torsdag 26. mars 19:00
Ytre Arna bibliotek

Kontakt

55 56 71 20

Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle.

Forfattaren Erlend Kaasa (f. 1976) kjem ifrå Vinje i Telemark, men har budd i Arna dei siste atten åra. I den siste romanen hans, Men ikkje Maria, har han lagt handlinga til, nettopp Arna. Denne intime koplinga mellom biografi og litteratur har vore eit gjennomgåande trekk i alle bøkene hans. 

I føredraget vil han diskutere fordelane, men også utfordringane knytt til det å skrive tett opp mot eins eige liv. Han kjem til å snakke om kva som fekk han til å enda opp som forfattar, og kva han har prøva å uttrykke gjennom bøkene sine. Her vil forfattaren særleg vektleggje Men ikkje Maria, boka han noko spøkefullt har omtalt som «verdas fyrste Arna-roman».