Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Trine Dale sist endret 2019-04-10T14:34:04+02:00
Siri Angela Gamborg og Hanne Dale frå Norsk Trikotasjemuseum fortel om museet si nye strikkebok, Ruter og lus - Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik.
Tirsdag 7. mai 18:00
Ytre Arna bibliotek

Kontakt

55 56 71 20

Som Ytre Arna, vaks Salhus fram saman med tekstilindustrien på staden, og Salhus Tricotagefabrik (1859–1989) var ein av dei første norske produsentane av maskinstrikka klede. I 130 år strikka strikkemaskinene opp metervare som blant anna vart til islendarar og tjukke ullgenserar. I boka har dei latt seg inspirere av mønsterarkivet til fabrikken, og saman med gode strikkedesignarar har dei laga nye oppskrifter på plagg du kan strikke for hand. Tradisjonelle islendarar og arbeidstrøyer fått nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr.

Velkommen til ein inspirerande strikkekveld på biblioteket, og ta gjerne med strikketøyet!