Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Film: Kimen

by Birgit Bjørgum last modified 2012-10-10T07:06:12+00:00 Omtale: Statens filmsentral
På ei grøn øy i havgapet bur ei handfull menneske. Eit lite samfunn som lever i harmoni med seg sjøl og naturen - ser det ut til.
Erik Solbakken

Kimen

Statens filmsentral, 1973, Norge

Ein framand kjem til øya, og brått vert jamvekta øydelagd. Som ein orkan rammar ulukka det lille samfunnet. I løpet av nokre korte, dramatiske timar av fortetta vold endrar tilveret seg for øyfolket. Eit drap utløyser redsle og hat. Løynde krefter slepp laus. Ein familie opplever i løpet av eit døgn at dattera døyr og sonen vert mordar. Men ein ny moralsk styrke veks fram etter tragedien, og øyfolket gjer bot for den kollektive misgjerninga si. Kimen til eit nytt liv for det lille øysamfunnet slår rot.

S
pillefilm, vhs
Aldersgrense: 16 år
Spilletid: 1 t. 35 min.