Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Novellefilm: Laurdagskveld

by Birgit Bjørgum last modified 2012-10-10T07:07:22+00:00 Omtale: Norsk filminstitutt
Dei to småjentene ventar utolsame på at laurdagskvelden skal begynne. Men mykje arbeid står enno att å gjere på garden der dei bur.
Eli Ryg

Laurdagskveld

Norsk filminstitutt, 1977, Norge

Far kjem omsider sliten og trøytt inn for å varme vatn til kveldsbadet deira, men mor dryer. Kjem ho ikkje snart, undrar jentene, som til slutt spring ut til henne i fjøset. Ved eit mistak skremmer dei mora, som skrik opp. Laurdagskvelden  er mest øydelagd, men foreldra freistar å dekke over og skape familiehygge trass i underliggjande vanskar og konfliktar. Ein stemningsfull og urovekkjande novellefilm som bygger på Tarjei Vesaas' novelle Laurdagskveld.

Novellefilm, vhs
Spilletid: 41 min.