Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Peaky Blinders

av Anne Merete Hegrenes sist endret 2017-02-13T12:13:28+00:00 ReadSpeaker Lytt
I heimen hos oss er det trongt med eigentid for oss vaksne, og då er det viktig å sørge for å finne seriar som er verdt å sjå. Mitt beste serietips til deg er den britiske TV-serien Peaky Blinders. Den tredje sesongen kom våren 2016 og to nye sesongar er på trappene.
TV-serie

Peaky Blinders

2entertain Video, 2013-, England
voksen

Serien omhandlar den kriminelle gategjengen Peaky Blinders i Birmingham, og namnet siktar til barberblada medlemmane har sydd inn i hattebremmen på sixpencehuene sine. Vi møter the Blinders rett etter første verdskrigen, ein epoke prega av ulike politiske, økonomiske og sosiale problem i England. Handlinga utspelar seg rundt den frykta gangsterfamilien Shelby, som tenar pengar på svartebørshandel og illegale veddemål. Overhovudet i familien er Thomas Shelby, og saman med tanta Polly, som er kasserar i familiebedrifta, styrer han Peaky Blinders med stø og voldeleg hand.

Politiinspektør Chester Campbell blir sendt frå Belfast til Birmingham for å rydde opp i alt og alle som har tilknytning til IRA, kommunisme, gjengar og kriminalitet i byen. Thomas Shelby har ved eit slumpetreff funne ei sending med våpen frå den lokale våpenfabrikken, og politiet fryktar at han vil selgje desse vidare til IRA eller kommunistane. Merksemda til Campbell blir difor satt på Peaky Blinders, og han sender spaneren Grace Burgess for å jobbe i The Blinders sin stambar, med von om at ho klarar å få tak i informasjon om dei stolne våpena.

Vi finn eit nydeleg persongalleri i serien, og samtlege av karakterane i serien er mesterleg portretterte. Spesielt vil eg dra fram Cillian Murphy som gir liv til ein særs karismatisk og “cool” Thomas Shelby. Tommy framstår som ein skarp og reflektert mann trass i levebrødet, og sjølv om har er kald og kynisk, kalkulerande og hensynslaus, så likar vi han. Sam Neill gjer ei aldeles utmerka rolle som den hatefulle og hemnsjuke politisjefen Chester Campbell, ein karakter som går over lik for å gjennomføre det han har satt seg føre.

Og sjeldan har ein høyrt eit finare og tøffare soundtrack enn det til Peaky Blinders. Temamelodien “Red right hand” står Nick Cave and the Bad Seeds bak, og er ein mystisk, gåande melodi som perfekt set stemninga for serien. Andre artistar som bidrar til soundtracket er mellom anna The White Stripes og PJ Harvey. Trass i at lydspora alle er av nyare dato, bryt det på ingen måte med stilepoken i Peaky Blinders. Låtane er møysommeleg valde, og understrekar scenene der dei blir brukte på ein heilt spesiell måte.

Serien er fullspekka med alkohol, narkotika og brutal vald, men la deg ikkje avskrekke av dette. Peaky Blinders er eit svært fascinerande, fengande og underhaldande familiedrama, og vi klarar ikkje å la vere å like the Blinders. Serien er velskreven og skarp, den er stilig og tøff og ispedd ei passeleg dose romantikk. Gled deg, du har spennande tider i møte!

Lån sesong 1
Lån sesong 2
Lån sesong 3