Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Tarjei Vesaas: Fuglane

by Birgit Bjørgum last modified 2016-07-21T11:14:23+00:00 Foto og bokomtale: Gyldendal
Dette er fortellingen om Mattis eller Tusten som de kaller ham. En stakkar i folks øyne, men med en rik indre verden og i nær kontakt med naturen.
Tarjei Vesaas

Fuglane

Aschehoug, 1957, Norge

Tarjei Vesaas
Fuglane
er nok meisterverket til Tarjei Vesaas. Ingen annan romanperson er så omslutta av forfattarens omsorg og kjærleik som Mattis tust. Hjelpelaus i kvardagsliv og arbeidsliv er Mattis, og skarp er han ikkje. Men likevel forstår han på somme måtar meir enn dei skarpe. Naturen openberrar løyndomar for Mattis. Han kan tyde fuglespråk. Han kan lese dei breva som rugda skriv til han med nebb og føter. Og han kan formulere dei djupaste livsspørsmål: Kvifor er det slik det er? spør han den venlege gardkona som byr på kaffi når arbeidet endå ein gong har gått i stå for han.

Ingen kan gje svar, men diktaren fortel på ein slik måte at også vi lesarane må ta Mattis inn i vår omsorg, samstundes som vi forstår systera Hege og alle dei som gjerne vil hjelpe Mattis, men ikkje kan nå heilt inn til han