Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Tarjei Vesaas: Is-slottet

by Birgit Bjørgum last modified 2016-07-21T11:16:12+00:00 Foto og bokomtale: Gyldendal
Is-slottet er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft.
Tarjei Vesaas

Is-slottet

Gyldendal, 1963, Norge

Tarjei Vesaas Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn. Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.

Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta. For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas - som første norske forfattar - Nordisk Råds litteraturpris i 1963.