Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Fosse, Jon: Nokon kjem til å komme (1996)

by Siv Røyneland last modified 2017-01-31T13:17:04+00:00
Kunsten å seie mykje med få ord.
Jon Fosse

Nokon kjem til å komme

Samlaget, 1996

Du kan lese stykket på ei lita kveldsstund, men stemninga og bileta orda skapar,  sit lenge.

Ho og han kjøper hus i aude landskap for å vere to-eine, men så dukkar nabo og tidlegare huseigar opp. Uroa spreier seg, kva kan denne mannen bringe med seg? Sjalusi og mistenking slår sprekker i den skjøre idyllen.

 

…Vi vil jo berre vere
Saman med kvarandre
åleine
ein stad
vi vil jo
berre vere åleine ein stad
der vi kan bu
Der du og eg kan vere
åleine saman
Åleine i kvarandre…

Intervju med forfatteren