Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Lillegraven, Ruth: Urd (2013)

by Ingrid Ytre-Arne last modified 2017-01-31T12:05:11+00:00
Diktboka for deg som trur at dikt er noko du ikkje forstår.
Ruth Lillegraven

Urd

Tiden, 2013

Urd er ei vakker og poetisk forteljing, i diktform, om Seselja og Cecilie, to kvinner som levde i kvar sin ende av det tjuande hundreåret.

Seselja veks opp på ein gard på Vestlandet, ho lever sitt enkle liv der og syr for folk i bygda. Ho giftar seg aldri og får ingen etterkommarar. Cecilie skal no flytte inn i det vesle huset der Seselja budde, og slik blir skjebnane deira knytt saman. Dei små og store hendingane i Seselja og Cecilie sine liv er varmt og innsiktsfullt skildra.

Ruth Lillegraven fekk Brageprisen for denne boka i 2013.

 

sessa
gjorde så
lite ut av seg
men ingen
kunne sy
som ho

huset, ja,
det vesle
huset

det har
berre blitt
ståande, seier
besten

så ta det, du
bruk det, du

skriv det
til liv