Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Butcher's Crossing

by Anne Merete Hegrenes last modified 2016-11-21T11:56:08+00:00
Debutromanen til John Williams i norsk omsetjing - 55 år etter at den vart utgitt.
John Williams

Butcher's crossing

Cappelen Damm, 2015
voksen

John Williams, mannen bak bestselgaren Stoner, skreiv tre romanar då han levde, men ikkje før i den seinare tid har han oppnådd suksess. Debutromanen Butchers Crossing, vart opphavleg gitt ut i 1960, fem år tidlegare enn Stoner. I august 2015 vart den publisert på norsk, og slik vart også denne romanen av John Williams gjort tilgjengeleg for fleire å oppdage. Williams’ tredje roman, Augustus, frå 1972, kjem på norsk i 2016.

I romanen Butcher’s Crossing møter vi den unge William Andrews, som etter tre år som student ved Harvard College, hoppar av studiane på søken etter eit anna liv. Året er 1873, og han reiser frå heimbyen Boston til Butcher’s Crossing i Kansas, eit vegkryss som består av seks bygningar og nokre telt. Dette er ein stad for skinn og handelsjegerar, og på Jackson’s Saloon i Butcher’s Crossing oppsøkjer Andrews den erfarne jegeren Miller. Andrews har ei von og eit ynskje om å komme i kontakt med villmarka og har blitt fortalt at Miller kan vere ein veg til målet.

Miller har halde til i distriktet i åresvis, og fortel at dei siste fire åra har det vore massiv jakt på bøffel rundt Butcher’s Crossing, og at det er lite dyr igjen i området. Men, “det er fremdeles steder å finne bøffel hvis man vet hvor man skal lete”. Og det veit Miller. For ti år sidan kom han over ein flokk på fleire tusen dyr i ein avsidesliggande dal i Colorado, og sidan den gong har han planlagt å reise attende. Lenge har han prøvd å overtale nokon til å bli med - utan å lukkast. Dette er den villskapen Andrews drøymer om, han har midlar til å finansiere bøffeljakta og lar seg rive med. Saman med to andre karar, ein kokk og ein flåar, legg Miller og Andrews ut på ein strabasiøs jaktekspedisjon til dalen.

Tidsperioden der handlinga i Butcher’s Crossing finn stad, var den mest ekstreme for denne type jakt på bøffel. Frå 1700-talet var bøffelen ein viktig ressurs for prærieindianarane, men bøffeljakta som byrja på 1860-talet var av eit anna slag. Der indianarane hadde nytta alle delar av dyret, vart bøffel no felt kun for den ettertrakta huda, og skrottane vart liggjande igjen og rotne. Den massive nedslaktinga av bøffelen gjorde arten utryddingstrua, og bestanden var nede i berre 100 dyr på det minste.

På same måte som Stoner, er Butcher’s Crossing ei roleg forteljing der handlinga glir sakte framover. Men denne romanen er likevel svært ulik Stoner. Der Stoner søkte eit akademisk tilvære, vil hovudpersonen Andrews vekk frå det akademiske livet, han vil oppleve villmark og fridom, og er på jakt etter kjelda til sjølve livet. Butcher’s Crossing er ein westernroman, men samstundes har den i seg så mykje meir enn ein klassisk roman i denne sjangeren. Vi får høyre om det rå og harde livet som jeger, om manndomsprøver, og Williams skildrar dette på ein vakker, detaljert og og realistisk måte. Romanen handlar om jakt og søken i dobbelt forstand; jakt på bøffel, og jakt på sjølvet og meininga med livet.