Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Hennes løgnaktige ytre

av Anne Merete Hegrenes sist endret 2017-02-22T21:05:21+00:00 ReadSpeaker Lytt
Selma Aarø Lønning kom i haust ut med den historiske romanen Hennes løgnaktige ytre. Her møter vi den nokså ukjente norske forfattaren Anna Munch, som levde i perioden 1856-1932. Aarø Lønning ville i utgangspunktet skrive ein biografi om Fru Munch, men til det var kildematerialet for tynt, og forfattaren valde å skrive ein dokumentariske roman, ein roman som ligg så nært opp til røynda som mogleg.
Selma Lønning Aarø

Hennes løgnaktige ytre - en roman om Anna Munch

Cappelen Damm, 2016, Norge
978-82-02-52747-1
voksen

Anna Dahl Munch er ei moderne kvinne med ein sterk kunstnarleg drivkraft, og ho passar ikkje inn i 1800-talets kvinneideal. Å vere kone og mor er vanskeleg for Anna, ho må skrive, ho må samtale og dyrke åndslivet. Ektemannen er sterkt imot skrivinga hennar, og er av den oppfatning at åndsarbeid ikkje er for kvinner. Han tar frå ho alt som kan skrivast med og på, men likevel klarer Anna å få gitt ut bøker. Den skapande trongen er så sterk, og ingenting kan stagge den.

Den ikkje ukjente Knut Hamsun er på denne tida aktiv som føredragshaldar, og dette pirrar interessa til Anna. Ho oppsøkjer eit av foredraga, og blir umiddelbart fanga av den oppildna stemninga. Etter foredraget går ho rett heim og skriv brev til Hamsun, og allereie frå fyrste møte er ho særs fascinert og føler ei sterk sjeleleg tiltrekning til han. Men den svimlande fascinasjonen går over i fiksering, og Anna blir fullstendig opphengt i Knut Hamsun. Ho oppsøkjer han, reiser etter han og skriv brev til han. Brev på brev på brev.

Anna Munch “var slave av sin trang til å følge suget i brystet”, og reiste frå mann og barn. Hennar ukonvensjonelle val førte til fordømming frå både familie og samfunn, og ho levde eit uroleg og omflakkande liv prega av tidvis pengemangel og materiell fattigdom. Men når ho hadde pengar, levde ho eit bohemisk liv i kunstnarkrinsar, og vanka med ei rekkje kjende personar. I Hennes løgnaktige ytre møter vi Munch og Bjørnson, Ibsen, Sinding og Grieg, og det vert drukke champagne midt på dagen. Og den rette atmosfæren blir satt gjennom orda, for her har Aarø Lønning gitt romanen ei språkdrakt som speglar tida på ein ypparleg måte utan at det blir gammalmodig.

I
Hennes løgnaktige ytre er det er dottera Signe som fortel historia om mora. Vi møter henne i 1945, krigen er over og ho tenker tilbake på sitt liv og kva konsekvensar mora sine val fekk for henne. Ho undrast; kva dreiv henne til det? Var det irrasjonell kjærleik, var det galskap eller var det lidenskap for kunsten? Og korleis kunne mora velje vekk henne, bornet?