Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Svar på brev frå Helga

by Anne Merete Hegrenes last modified 2016-11-21T11:56:07+00:00
I denne vesle perla av ei bok, møter vi ein islandsk sauebonde som ser tilbake på livet og vala han tok.
Bergsveinn Birgisson

Svar på brev frå Helga

Pelikanen, 2012, Norge
voksen

Forfattaren Bergsveinn Birgisson er islending busett i Bergen, og då Svar við bréfi Helgu kom ut på islandsk i 2010, vart den umiddelbart ein suksess i heimlandet. Romanen fekk den islandske bokhandlerprisen i 2010, og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012,same år som den kom i norsk omsetjing.

Her møter vi sauebonden Bjarne Gislason på Kolkustad, som i sitt nittiande år svarar på brevet han fekk frå Helga mange tiår tidlegare. Han skriv brevet han aldri skreiv. Romanen er brevet, og her ser han tilbake på livet og grunngjev vegen han valde å gå. Kvifor han valde naturen og buskapen framfor kjærleiken, og kvifor han ikkje svara på brevet frå Helga tidlegare.

Handlinga utspelar seg på den islandske landsbygda rett etter den andre verdskrigen. Bjarne er gift med Unn som ikkje kan få born, og han utviklar kjensler og attrå for Helga på nabogarden. Eit samliv for dei to er vanskeleg på bygda med folkesnakket, gifte som dei er begge, og einaste alternativ vil vere å busetje seg i Reykjavik. Men dette er utenkjeleg for Bjarne. ”Kvar dag i livet har eg trivest saman med buskapen”, skriv han til Helga. Men samstundes har han lengta etter henne.

Gjennom brevet får vi friske skildringar av islandsk natur og kultur. Boka er full av gamal visdom, og talar om kvifor kunnskap nedarva i generasjonar ikkje skal skiplast med. Vi får høyre om den stuttføta væren hans Ingjald som var ubrukeleg til paring, men som sekretæren frå sjølvaste Landbruksdepartementet likevel gav førstepremie på vérutstilling.”Det fyrste som folk lærde av dei gamle, var at feet skulle vera høgføtt så ein kunne lata sauene beita i fjøra og i tuvete landskap. Her var komen ein som var høgt på strå, ein høglærd mann som hadde lese seg til at sauene skulle vera lågføtte.”

Romanen er omsett frå islandsk til nynorsk ved Johannes Gjerdåker, og vi møter eit nydeleg språk i gamal drakt med til dels framande nynorske ord. Det er traust, men likevel så vitalt og poetisk, og ein får ei kjensle av at det ligg nær opp til originalspråket. Det spelar inga rolle om det er ord ein ikkje kjenner, det passar så godt inn i heilskapen og er eit godt verkemiddel som gjev oss ei sterkare kjensle av livet slik det ein gong vart levd.

Eg tar meg sjeldan tid til å lese ei bok fleire gonger, men denne vesle perla av ein roman har eg nett tatt fram og lese om att. Romanen er klok og humoristisk og samstundes så trist og tankefull. Den er ogå ein tankevekkjar, og minner oss om kva som forsvinn når lærdom ikkje lenger blir nedarva i generasjonar, og når menneske ikkje lenger lev i pakt med naturen.