Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Ut av komfortsona

by Alf Kåre Blindheim last modified 2016-11-21T11:56:16+00:00
Ut er ein roman som utfordrar oss til å sjå verda i eit anna lys enn det tradisjonelle. Forfattaren pirkar i vedtatte normer og er ikkje redd for å lufta politisk ukorrekte standpunkt.
Ida Hegazi Høyer

Ut

Tiden, 2013, Norge
978-82-10-05324-5
voksen

Ho – namnet blir aldri sagt – er hovudpersonen som arbeider på ein institusjon for folk med sterke funksjonshemmingar. Eigentleg er ho utdanna ernæringsfysiolog, men har arbeidd ni år som pleiar. Mannen Andreas jobbar med diverse bistandsprosjekt,  retta mot u-land. Sonen Emil på sju år kjem inn i senga om morgonen, "som en kjærkommen reptil".

Ida Hegazi Høyer viser altså til tider eit lekent og sprekt språk. Stilen kan vera tørrvittig, distansert, ironisk, litt kjøleg, men ho er ein god betraktar: "Og Andreas, han er helt suveren, helt eksepsjonelt dyktig til å få aksjene sine til å vokse. Han gjør, og har alltid gjort, en uklanderlig jobb som foretaksleder. Vi er så glade i hverandre, det ville krevd absurde feiltrinn, syke investeringer, å skulle havne i minus."(s.14) "Foretaksleder" er meint som sjefen for bedrifta familien på tre. Andreas er prototypen på den perfekte, gode, oppofrande, politisk nesten overkorrekte mannen, og ho får etter kvart all denne godheita langt opp i halsen.

Nokre gonger tøyer språket grensene for kva vi klarar å få med oss: "Første gang jeg merker at noe ikke er som det skal, er en onsdag i februar. Det kommer som en speilhvit tåke inn i hagen, inn i veggene, som et godstog, som en sommerfugl. Som et annet hus i huset."(s.5) Forfattaren rissar opp fantasifulle og til dels absurde bilete og metaforar. Når det verkelege og uverkelege blir fletta inn i kvarandre på denne måten, er ho på sitt mest spennande som forfattar. Men andre gongar tøyer ho strikken for langt og misser bakkekontakten.

Hovedpersonen finn seg ikkje til rette i den velfungerande familien sin. Ho veks ut av det ho trudde var ei idealverd; ein dag kjenner ho seg ikkje igjen. Når mannen og guten ler, forstår ho ikkje humoren. Ho innleiar eit forhold til ein tilfeldig mann i parken som sit der med sin raude termos med te. Ein særs enkel mann utan reglar og normer i heimen. Han har for eksempel berre eit sengesett som han støvsug når det blir for mykje sand nede ved beina.

Forfattaren tør å ta debatten om kva vi skal med trettiåringen Hugo som aldri utviklar seg lenger enn til  to månadersstadiet. Men ho snur også på det: Kva skal Hugo med oss? I eit hardare samfunn ville ingen tatt seg av Hugo. Likevel ymtar ho innom: ”Kanskje skal man ikke prøve på det umulige.” Ho tar også opp aktiv dødshjelp, men på ein annan måte og i ein annan samanheng, enn slik vi til vanleg kjenner debatten.

Ein god del av handlinga er relatert til arbeidet hovedpersonen har på institusjonen for sterkt pleietrengande folk. Ho stiller spørsmål ved korleis dette arbeidet fungerer, og hovudpersonen har sitt eige syn som ho prøver ut på bebuarane. Realismen i denne utprøvinga, er ei utfordring å tru heilt på. Denne overdrivinga blir innimellom ei svakheit ved romanen for meg. Men romanen er godt skreve, og såkalla vedtatte verdisyn blir verkeleg sett under lupa.

Ida Hegazi Høyer er opprinneleg dansk-egyptisk med røter frå Lofoten, har vakse opp i Oslo og studert sosiologi. No skriv og bur ho i Oslomarka.
Debutromanen Under verden kom ut i 2012 og fekk gode kritikkar.

Lån ebok     Lån trykt bok


Les mer om lån av e-bøker med eBokBib
 
eBokBib