Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Utvandring

by Alf Kåre Blindheim last modified 2016-11-21T11:56:07+00:00
Kan vi ved å bli bedre kjent med vår eiga utvandrarhistorie få ei større forståing av kvifor folk frå Syria, Afganistan og andre urolege eller fattige land, ønskjer seg eit nytt liv i Norge?
Edvard Hoem

Slåttekar i himmelen

Oktober, 2014
voksen

”Eg såg i dag i bladi eit oppgjer yver innvandringa til Amerika, der Noreg var eit av dei fremste i verdi som heve sendt folk yver. 40 000 frå Noreg, og eg tenkte med meg sjølv: Kva vil der verta av mor Noreg skal detta halda ved?” Slik uttrykker grandonkelen min Andreas Blindheim seg i eit julebrev 5. des 1902 til foreldra heime i Ytre Arna.

Og ja, det var mange som tok båten over til Amerika i håp om eit betre liv. I perioden 1865-1930 utvandra om lag 780 000 nordmenn. Dette var 1/3 av befolkninga! 

Kven drog? Dei første utvandrarane som fór på slutten av 1820-talet, var for det meste religiøse minoritetar som ikkje fekk praktisera fritt i Norge. På midten av 1800-talet kom der ei ny gruppe som søkte lykke og velstand. Frå 1870 og utover flykta dessutan ein del frå mindre og større lovbrot. Ei slags overbefolking på landsbygda og mangel på nytt jordbruksland i Norge, kombinert med generell fattigdom, undertrykking og klasseinndeling, fekk og folk til å bryta opp. Eventyrlyst og billeg jordbruksland var to andre grunnar. 

I kjølvatnet av denne utvandringa, har det dukka opp skjønnlitteratur som skildrar korleis livet i det forgjetta amerikanske landet blei, men óg saknet etter dei der heime og det livet som dei ikkje lenger var ein del av. Ole Rølvaag kom i 1924 ut med I de dage som var første av i alt fire romanar frå det norske innvandrarmiljøet i Amerika. Han hadde reist frå Norge i 1896. 

Cleng Peerson-trilogien som kom på byrjinga av 1960-talet blei verkeleg folkelesnad. Alfred Hauge traff midt i den norske folkesjela med historia om denne første norske emigranten til Amerika. Kvekaren frå Tysvær i Rogaland rørte det norske folket. Dessutan hadde svensken Vilhelm Moberg bana veg på slutten av 1950-talet med sine fire eminente bøker Innvandring og Utvandring. 

Men no skriv vi 2016 – ”og om 100 år er allting glemt”, skulle ein tru at denne delen av historia ikkje ville fenga like sterkt. Toril Brekke har ikkje merka noko til dette, for i 2006 kom romanen Drømmen om Amerika som er første bind i hennar framifrå utvandrartriologi. Bøkene er fortsatt populære og er stadig lånt ut.

Med Slåttekar i himmelen har Edvard Hoem befesta eller erobra sin posisjon som ein stor episk fortellar. I ein litt gammalmodig stil, men som står godt til stoffet han skildrar, vert vi sugde inn i historia frå gardane rundt Molde. Det strevsomme livet fører til at fleire drøymer om å settja spada i amerikansk jord, og byggja eit nytt tilvere. 

Hoem diktar vidare om eigen familie i Bror din på prærien. Slåttekaren Knut Nesje i Rekneslia er fortsatt med i denne boka, men no er det sonen Eilert som er hovedpersonen. Og det er venta at Hoem vil skriva eit par bind til.

Kvifor skal vi lesa desse bøkene i dag? Kritikar Brynjulf Jung Tjønn i VG seier det slik: 

”Denne romanen er ikke bare et stykke norsk historie, men den er også dessverre svært så aktuell. Mens vi følger Eilerts trygge båtferd fra Norge til USA, faller tankene fort på dagens båtflyktninger, litt over 100 år etterpå, flyktninger som reiser videre til Norge og andre europeiske land.

Bror din på prærien setter ting i perspektiv. Vi har også vært et fattig land. Et folk på flukt. Et folk som har kjempet hardt for å overleve. Og mange av oss måtte søke lykken et helt annet sted.”

Les ein god utvandrarroman og forstå meir av kvifor flyktningar ønsker eit nytt liv i Norge.