Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Vårar seinare

by Alf Kåre Blindheim last modified 2017-01-14T09:41:05+00:00
Sterke dikt fri for sminke og fjas. Lavmælt sorg formidla utan store fakter. Men og tenåringsjenter med både tunge vipper og plastposar som klirrar våren inn.
Anna Kleiva

Vårar seinare

Forlaget Oktober, 2014, Norge
978-82-495-1355-0
voksen

Anna Kleiva si andre diktsamling er kontrastfull. Våren - denne oppløftande årstida då livet skyt knoppar og alt vaknar frå dvalen - vert hos henne samstundes ein varslar om døden. Forfattaren kvir seg til dei såkalla lyse lette dagane kjem trillande, for ho har dårleg erfaring:

for tidleg begynner folk
å mangle, slik er det her
ein morgon manglar ein
på lageret, ingen køyrer trucken
ingen tek imot vareleveringa

Diktar-eget tar på seg å skriva denne dystre historia når menneske og natur og krefter vi ikkje rår med, får spelerom. Med eit enkelt men poetisk språk maler Kleiva fram eit stykke bygde-Noreg. Pass deg for elva, vegen og jernbanelina. Desse tre stygge trolla et dei unge. Farane lurer bak neste sving. Forfattaren kunne vore hyra inn av Trygg Trafikk for å formidla kva uvetig omgang med hestekrefter kan føra til:

mai:
eg hugsar at vi sang i kyrkja
at eg kom meg over
midtpartiet før leppene reiv
seg vrange …

- og alle musklane
i spenn som ein høgdehoppar
gjennom minneorda

Lavmælt sorg formidla utan store fakter. Den litterære verktøykassa inneheld ikkje sminke eller fjas. Aldri banalt, men ekte og dermed på sine premisser, originalt. I nokre dikt er det eit eg som snakkar. Andre uttrykker kollektivet; eit vi som fører ordet. Kleiva er også ein skarp observatør av skifte i årstid:

snøen smeltar og let
grusen att etter seg, som ein slange
når han kastar hamen
og buktar vidare
ein knitrande rest
av vinter

Dikta er nettopp på sitt beste i denne fortetta forma, med poengterte og presise metaforer, som då rektoren formidlar nok eit tungt budskap til elevane: ”og rektor bankar på/med nærvær som eit tjern”. Elevane taklar den triste meldinga med ”bratte stup i bringa”. Og sjølv om det er mykje sorgtung blues i denne diktsamlinga, så øyner vi eit lite håp. I alle fall gjev ikkje menneska opp, men møter våren på ny med blanke ark. På dei nye varme dagane finn jentene fram syklane: ”dei triller ut på vegane/på to eller tre hjul/flerrar spindelvev/helsar kjekt”.

Anna Kleiva er født i 1985 og vaks opp på Vinstra, men bur i dag i Oslo. Den første diktsamlinga Ti liknande versjonar, kom i 2011. Kleiva har gått på både  Skrivekunstakademiet i Hordaland og forfattarstudiet i Bø, samt studert litteraturvitenskap.

Lørdag 4. oktober er ho på Forfattarsleppet i Bergen. Høyr henne lese på Poesikveld kl 20.00 i Litteraturhuset.

Lån ebok     Lån trykt bok


Les mer om lån av e-bøker med eBokBib
 
eBokBib