Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Voldens historie

by Trine Dale last modified 2017-03-20T11:13:59+00:00
Nakne og komplekse betraktningar om vald.
Édouard Louis

Voldens historie

Aschehoug, 2016
voksen

Den unge forfattaren Édouard Louis vekte oppsikt med boka Farvel til Eddy Bellegueule som kom ut på norsk i 2015. Utan å legge noko imellom, skildrar Louis sin eigen oppvekst i eit lite fransk arbeidarsamfunn, eit samfunn der ein dyrkar fram den stereotype maskuliniteten og der det er lite eller ingen aksept for å vere homofil. Vald, homofobi og rasisme florerer. I eit forsøk på å legge fortida bak seg, skiftar han miljø og forlet industribyen i Nord Frankrike. Han tek farvel med Eddy Bellegueule og skiftar namn til den han er i dag, Édouard Louis.

I Paris skjer det fryktelege, han blir offer for grov voldtekt og drapsforsøk. Det er julenatt og stille i gatene. Louis er på veg heim til leilegheita si då ein mann ropar etter han, tar han igjen og slår følge med han heimover. Han er vennleg, interessert og insisterer på å bli med inn. Louis er nølande i starten, men han gir til slutt etter for begjæret. Dei elskar, pratar og ler, og denne mannen, Reda, fortel openhjartig om seg sjølv. Forholdet dei imellom startar lovande, men utviklar seg som eit intenst kammerspel og endar i det fatale.

Boka vekslar mellom hans eige perspektiv og systera si utbrodering av hendingane for mannen sin, der Louis lyttar frå gjesterommet. Eit enkelt og smart forteljargrep som gjer at boka rommar så mykje meir enn ei skildring av grufulle hendingar. Korleis forandrar ei historie seg med utgangspunkt i kven som fortel, kva haldningar ligg implisitt i ei slik attforteljing, kven er ein med andre sitt blikk og i kor stor grad fargar fordommar og agg hendingane som blir skildra?

“Han var altså på vei hjem, og jeg er bombesikker på at han sa til seg sjøl: Litt av ei reise jeg har gjort. Og når han tenker på det, tenker han sikkert noen ganger på meg også. Ingen grunn til at han skal spare meg. Vær trygg på det. Og for å berolige seg gjentar han for seg sjøl: Jeg er ikke sånn som henne lenger, jeg har nådd langt. Litt av ei reise jeg har gjort.”

Allereie tittelen, Voldens historie, vitnar om at dette er noko meir enn eit personleg vitnesbyrd. Louis meistrar å løfte blikket og fortelje om overgriparen og hans far. Han kjem tett på kjernespørsmål om korleis vald kan oppstå, kor vidt det har ein samanheng med klasse og kva konsekvensar valden kan ha for dei involverte. Han spør seg om kva pris ein må betale for å melde noko til politiet. Er det verdt det, og for kven? Og tek du då omsyn til dine eigne behov, eller lyttar du til eit kollektivt behov for å straffe den som har utøvd kriminelle handlingar?

“Hvorfor pålegger man historiens tapere å vitne om den – som om det ikke var nok å være tapere, hvorfor må taperne i tillegg vitne om tapet, hvorfor må de i tillegg fortelle om tapet til de ikke har krefter igjen, til tross for at de ikke har krefter igjen, jeg er ingens beskytter, det er ikke rettferdig, det er ikke rettferdig”

Dette er ei bok som sit i lenge etter ein har lese den, både som følge av den vonde handlinga og den nakne språkdrakta, men særleg grunna dei fundamentale og vanskelege spørsmåla den vekker, spørsmål som samstundes er sterkt private og underliggande systemkritiske.