Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2017-01-13T13:00:59+00:00
Tradisjonen tro presenterer Bergen Offentlige Bibliotek også i år en oversikt over vestlandsdebutantene. Er det snakk om en gjeng one hit-wonders, eller skjuler det seg hamsuner og løveider blant disse ferske forfatterne? Andre del.

 

Her er de! Årets vestlandsdebutanter! Disse nybakte forfatterne kan i år endelig se sine utgytelser plassert mellom stive permer. Biblioteket spurte i den anledning disse parnassets nyankomne om erfaringer og forventninger i forhold til debuten, om inspirasjonskilder og lesetips, og ikke minst om deres forhold til sivilisasjonens ytterste frembringelse, biblioteket.


 

Kristina Leganger Iversen: Hjartemekanikk (Samlaget)legangeriversen

1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Boka er ein diktroman, som fortel om ei jente som mister kjærasten i ei billulukke der ho sjølv blir skada. Boka er forteljinga om ho og sambuaren, om kjærleik og sakn, og om skade og heling.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
For meg har det vore ei slags skattejakt. Det heile byrja med at eg hadde ein del dikt som eg følte hang saman, og så måtte eg finne ut nett korleis alt høyrte saman. Når eg leita då fann eg ei historie, og når eg hadde funne historia var det om å gjere å skrive alle dei dikta som skulle til for å få ho skikkeleg fram. Og nett det har kanskje vore det vanskelegaste, å vite nett kva som er det viktigaste, det ein treng å syne fram for at folk skal få kjensla av eit bilete.

3.  Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Det er både veldig fint og veldig skummelt. Noko av det finaste ved det er jo at det finnest folk som tykkjer det du har skrive er godt nok til å bruke tid på å lese og arbeide med det. Og det er nett det som er skumlaste òg, for eg har veldig ærefrykt for nett det å gje ut ei bok, å skulle ta den plassen, i bokhyllene til folk og og bokhandlarar. Eg veit at ho har vore verdt mi tid, og no vonar eg at folk skal tykkje det same, at ho er verdt tida dei nyttar på å lese ho, plassen ho tek opp i hyllene.

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Eg gler meg til å halde boka i hendene, til å sjå ho i ei hylle. Men først og fremst vonar eg nokon skal lese, skal ha lyst til å lese ho, og skal vere glad for å ha haldt ho i hendene, ha ho i hyllene og fordi dei har lese ho. Skjer det, så er det det finaste som kan skje. Då vert eg tusen glad.

5. Hva skal du bruke bokhonoraret til?
Lese, skrive, leve. Skrive ei bok til!

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?
The Golden Notebook av Doris Lessing. I boka blir vi kjent med forfattaren Anna, livet og skrifta hennar og forsøket på å halde verda fast og galskapen unna. Eg las ho i eitt strekk i ein regnvershelg på ein øy på Sørlandskysten, og forsvann heilt inn i boka. Anna har for fleire år sidan skrive ein vellukka roman som ho enno lev på. No skriv ho berre i dagbøkene sine. I boka får vi lese dei alle, i tillegg til ein rammeforteljing. Til saman blir det ei nærgåande skildring av å vere ein eks-kommunist, desillusjonert forfattar og menneske.

Prinsens gate av Pedro Carmona-Alvarez. Prinsens gate var ein av dei absolutt viktigaste bøkene eg har lese. Eg las ho når eg var femten, og rava rundt i Bergen, tykte alt var himla poetisk og ville reise verda rundt. Boka er ein rastlaus ferd gjennom historia til hovudpersonen, og menneska omkring han. Dikta er like kvilelause som hovudpersonen sjølv, og korkje historie eller personen er einskapeleg eller klår, men i eit stadig vrimlande møte med verda.

Biopsi av Lars Ramslie. Debutboka til Lars Ramslie,har vore ein av desse som har følgd med meg. Frå eg las ho omtrent samstundes med Prinsens gate har eg lese ho igjen og igjen. Boka er ein punktroman der vi får fortalt historia om ein son og far hans. Faren er først boksar, men blir etter ein ulukke hardt skada, og etterkvart både funksjonshemma og avhengig av rusmiddel. Kanskje ein av dei vakraste skildringane eg har lese av det å vakse opp med ein far som gjer både seg sjølv og andre vondt.

Beloved
av Toni Morisson er kanskje ein av dei største bøkene eg har lese etter eg byrja å studere litteratur. Det er ei bok som klarar å skildre det ufattelege, og samstundes tvinge lesaren til å leve seg inn i det, og akseptere det. I boka får vi skildra historia om korleis Sethe, ein rømd slave, drep dottera si når den tidlegare slaveeigaren deira kjem for å hente dei attende til fangenskap. Boka er eit meisterverk som synar fram liva til slavane frå dei amerikanske sørstatane, før, under og etter frigjeringa.

Mrs. Dalloway
av Virginia Woolf er ei av dei bøkene eg har lese flest gongar. Kvar gong finn eg noko eg ikkje la skikkeleg merke til sist, og kvar gong er det som om nokre av menneska kler klarare fram. Boka står for meg som magisk, ho er som ein draum eg har drøymd så mange gongar at eg har ho med meg inni meg. Boka følgjer ei rekke menneske eit døgn i London, same dag som Clarissa Dalloway skal ha fest. Alle dei store temaa finnest i denne vesle boka: livet, dauden og kjærleiken. Magisk.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Eg har omtrent budd på biblioteket, og eg vil gå så langt som å seie at biblioteket har gjort meg til eit skikkeleg menneske. Spesielt filialen i byn har vore viktig. Her hang eg ut og forsynte meg grovt av omtrent alle sjangrar frå lyrikk og dramatikk til thrillarar og filosofi. Og alt imellom. I tillegg til bøker lånte eg mykje musikk, og her utforska eg alt frå norsk hip-hop til klassisk musikk. Spesielt godt hugsar når eg fann den bergenske rapgruppa Freakshow sine utgjevingar der i hyllene. Det var så fint å sjå, at det var plass til dei feitaste unge folka ifrå min by, der, på biblioteket. Då kunne ein liksom kjenne seg heime.


 

Mari Ulset: Biltur (Oktober)mariulset


1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Alma er hjemme alene mens mannen er ute på vårfiske. Mens han er bortreist kommer et par kjørende og spør om de kan få overnatte. Med en nesten uforskammet selvfølgelighet inntar de huset, og dagene som Alma hadde tenkt å ha for seg selv, ble ikke slik hun hadde forestilt seg.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
Biltur var opprinnelig en av flere kortere tekster jeg sendte inn til Forlaget Oktober. Der kom jeg i kontakt med en redaktør som oppfordret meg til å skrive ut noen av tekstene. Jeg sendte inn til redaktøren og fikk tilbakemelding med jevne mellomrom og etter hvert ble det tydelig at en av tekstene, Biltur, ble en roman, og nå, etter to år, ble den gitt ut.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Det har vært en fin opplevelse. På forhånd var det anmeldelsene jeg var mest spent på, men etter boken kom ut setter jeg veldig stor pris på grundige og gode tilbakemeldinger fra leserne. Det har vært veldig hyggelig.

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Ikke forventninger, akkurat, mer håp om at boken skulle få en god mottakelse, og det har den jo fått, så jeg er fornøyd.

5. Hva skal du bruke bokhonoraret til?
Rolf Sagen fortalte meg en gang at hvis man skulle overleve av å skrive, eller skrive på heltid, så måtte man investere pengene sine i eiendom eller i aksjer, så da blir det vel aksjer.

 

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Don DeLillo - Kroppskunstneren. Det er noe med språket til Don DeLillo som gjør at han kan skrive om nesten hva som helst og jeg vil uansett sette pris på å lese det. Vagant hadde et temanummer om ham for et par år siden som også anbefales.

James Sacré - Noe som ikke er godt fortalt. Jeg kjøpte denne diktsamlingen på et mammuttsalg for en del år siden og siden har jeg hatt den med meg. Fin å bla i når jeg skriver.

Margaret Atwood - Råd fra villmarken. Jeg leste nettopp opp igjen Røverbruden av samme forfatter, og den var ikke like god som jeg husket, men det er noe med Margaret Atwood, og kanskje dette noe kommer til uttrykk gjennom disse novellene. Uansett er det aldri feil med noveller fra Canada.

Rune Christiansen - Krysantemum. Fransk film i bokform - på norsk!

Ali Smith - Levende bilder. En fin introduksjon til et forfatterskap jeg setter høyt.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Biblioteket som institusjon har betydd mye for meg. Og jeg synes det er helt fantastisk å ha en slik tilgang på bøker. Helt fra jeg var liten og bokbåten Epos la til i Arnvika to ganger i året og vi kunne låne bøker for et halvår i slengen, via biblioteket i Kristiansund da jeg gikk på videregående og lånte en Emily Dickinson-samling så lenge at jeg fikk noen andre til å gå og levere den, siden purregebyret hadde blitt så høyt. På alle stedene jeg har bodd har jeg vært mye på biblioteket, og oppdaget mye nytt i hyllene, siden jeg aldri har vært noe særlig flink til å spørre etter bøker fra magasinet eller bestille noe. Et eksempel er da jeg ble introdusert for romanen "Sprutbrekninger hos spedbarn" på biblioteket i Ulvik. Også i Bergen har jeg brukt biblioteket mye, men jeg skulle ønske at åpningstidene var lengre på sommerhalvåret, slik at det hadde vært litt enklere å komme seg dit.


 

Juliane Rui: Den hesten er av snø (Samlaget)
julianrui


1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?
Takk! Når eg leser teksten eg har skrive, tenker eg at det er ei oppleving av verda. Eit sinn, bitar av det.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
Etter at eg fekk mail frå David Aasen i Samlaget om at han likte manuset, heldt eg på med det i eit år. Nokre dikt fekk vere som dei var, nokre blei skrive om, nokre tok eg bort og så skreiv eg fleire nye. Eg fekk David og ein konsulent (som eg ikkje veit kven er, eg har ikkje spurt heller) sine tankar om dikta. Det var mykje fint dei skreiv til meg, og noko morosamt (mor? stod det ein stad der eg tenkte katten, sånne ting, tolkingar).

3.  Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
No som eg skriver dette har ikkje boka kome enno, men eg ville jo at dikta skulle finst for andre å lese. Det kjennest enklare at dei eg ikkje kjenner skal lese, som at dei eg kjenner eller veit kven er, at det blir for nært (ikkje eigenleg, men at dei kanskje trur det, eller også eg). Samtidig, dei som er heilt nære, da er det enklare igjen.

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Bare at eg ville vere i gong, at eg ville kjenne det, og det gjer eg, eg gler meg til å skrive mange bøker, til å halde på med dei og legge dei bort når eg synest dei er klare og så begynne på nytt igjen.

Bare at eg ville vere i gong, at eg ville kjenne det, og det gjer eg, eg gler meg til å skrive mange bøker, til å halde på med dei og legge dei bort når eg synest dei er klare og så begynne på nytt igjen. Eg synest det andre kring utgivinga er vanskelegare. Eg prøvde eit munnleg intervju, men eg sa bare tull, eg er ikkje noko god på sånt, spontant. Eg blir stressa og så underdriver eller overdriver eller bare vaser eg utan å seie det viktige. Eg trur det er litt enklare å lese opp, for dikta er jo det dei er, eg kan liksom ikkje kludre sjølve orda til, dei står der og er seg sjølv på ein måte.

5. Hva skal du bruke bokhonoraret til?
Bokhonoraret. Eg har fått noko forskudd som eg brukte på vanlege ting, å leve. Eg er ikkje glad i å jobbe med anna enn skrivinga (men eg må det jo), så eg blei glad for å kunne sleppe ei stund. Viss eg får fleire pengar vil dei gå til det same, ser eg for meg. Men det er ikkje kjedeleg, bare fint. Men eg gler meg til å søke stipend og kanskje få det etter kvart.

6. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?

Eg er usikker, eg tenker bøkene eg setter høgast (men kva bøker er det, viss eit lite utval), eller bøker eg synest er gode som ikkje så mange veit om (men veit eg kva andre veit om)? Eg tenker at eg kunne sagt andre enn dei eg seier. Kanskje eg gløymer nokre viktige (eg har ikkje bøkene mine i Bergen enno, eg har ikkje så mange heller, for eg pleier å sortere dei bort, men det hadde hjulpe litt å gå bort til dei eg har for å sjå). Tu Fu, «I dag fant jeg ingenting, det er mørkt, jeg går hjem. Jeg har en tom spade i den ene hånden. Den andre hånden er tom, det var min andre sang.» Mother, come home (Paul Hornschemeier) - ein far i sorg og ein gut med løvemaske. Olivier Schrauwen, My boy og Hair types som kjem i haust i The man who grew his beard. «You have crazy hair. No!» Så tenker eg… nokre av dei svenske, kortare, poetiske romanane. Nedstörtad ängel, Doktor Glas, Dvärgen. Og Ann Jäderlund. Pappaen og havet.

Og, Solaris korrigert, Bli verden, Vesaas, John Burnside sine dikt, begynnelsen på Anne Carsons Autobiography of Red, «Geryon was a monster everything about him was red. Put his snout out of the covers in the morning it was red.” Mr. Punch (Neil Gaiman). The Martian Chronicles. A Girl in Winter. Valkeapää. Det er mange til.

7. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?
Biblioteket, biblio, tommel. Eg har brukt biblioteket mykje. Eg likar å sjå korleis bibliotek dei har i dei nye byane eg kjem til. Det er fint at det er bibliotek overalt. Men viss eg må bruke biblioteket til praktiske ting blir eg sliten av det, eg vil bare gå dit iblant når eg skal låne noko, med ei liste eller bare kome over noko eg ikkje hadde tenkt på førehand.


 

Anna Kleiva: Ti liknande versjonar (Oktober)
annakleiva


1. Gratulerer med utgivelsen! Kan du gi en kort beskrivelse av boken?

Eg synes ikkje boka gjer seg så godt når eg forsøkjer å skildre henne, men eg kan foreslå at ho handlar om f.eks. kjærleik eller det ein trur er kjærleik, klisjear, gjentakingar, heime, flukt frå verkelegheita, growing up pt. 2 (dvs. 20-åra), skriving, skumring og eit par ting til.

2. Kan du fortelle litt om prosessen frem til ferdig bok?
Det gjekk ca sånn her: eg skreiv masse dikt i løpet av to år, så samla eg saman kanskje 50 stk som eg syntes var litt gode, og som snakka om noko av det same, og sendte dei til forlag. Så jobba eg med dette materialet saman med forlaget i ca to år til: strauk linjer, strauk dikt, skreiv nye dikt, bytta rekkjefølgja, drog meg i håret, og til slutt vart vi ferdige. Det var slitsamt.

3. Hvordan har det vært å slippe teksten ut i verden og vite at den vil bli lest av kjente og ukjente?
Det har vore fint. Så klart skummelt, men det var jo dette som var planen heile vegen, og det må ein jo berre hugse på om ein får for mykje noia av at kven som helst, til eikvar tid, no kan lese boka. Men det var merkeleg første gongen eg fekk sms frå nokon som hadde lese ho, føltes sånn "hæ, utan at eg har gitt deg lov til det?"

4. Hvilke forventninger hadde du til det å debutere?
Eg hadde mest forventningar til korleis eg skulle føle meg. At det skulle kjennest ut som noko endra seg, at det skulle vere ein forskjell mellom dokumentet mitt på pcen, og ei bok ein kan halde i hendene. Og kanskje at eg skulle føle meg litt meir COOL. Men dette er jo ein typisk barnsleg blunder; ein er den same personen sjølv om boka fins i bokhandelen, og tekstene er også dei same sjølv om dei ikkje berre fins i a4-format printa frå eigen printer.

5. Hva skal du bruke bokhonoraret til?
1/3 av honoraret gjekk rett inn på brukskonto og har allereie forsvunne i god mat og drikke. Hausten før boka kom var eg rekordblakk og fast first price-kunde, så det var fint med litt spinat og import-øl. Dei resterande 2/3 er buffer for hausten 2011, som går føre seg i Paris.

7. Kan du anbefale fem bøker og si litt om hver tittel?
Det er to eg framleis ikkje klarer å la vere å nevne, sjølv om eg allereie har anbefalt dei tretti gongar: Mette Moestrup si Golden Delicious og Sara Stridsberg si Drömfakulteten. Begge bøkene forheld seg til/refererer til verkelegheita og kulturelle ikon på ein spennande måte. Dei er morosame, og frekke, sjølv om dei eigentleg er alvorlege. Og Drömfakulteten særleg er ganske fæl. Men dei har så mykje overskot, så rak ryggrad, at ein blir begeistra og kjenner seg sterkare etter å ha lese dei. Begge dei bøkene var med på å bevisstgjere meg på korleis eg sjølv ville skrive.

Etterpå blir det frykteleg vanskeleg. Eg trur eg vil seie ... Transformations av Anne Sexton fordi dei dikta er så beinharde og vakre (konseptet er: Sexton skriv nye versjonar av Grimm-eventyr), og Voksne dikt av Geir Gulliksen (when you're weary, feeling small så er den boka on your side. Eller i alle fall så er ho det for meg), og....la oss seie Raymond Carver til slutt då. Alle novellene hans. Eg forstår ikkje korleis det går an å skrive historier som er så like og så ulike på same tid. Og eg elskar at det alltid går så dårleg.

8. Hva har biblioteket som institusjon betydd for deg?

Dette blir jævla feelgood, men det er faktisk vanskeleg å begrense seg når ein skal snakke om kva biblioteket har betydd for meg. Eg trur eg har vore på biblioteket ca kvar veke sidan eg lærte å gå. Kanskje før det også. På bildebok-stadiet hadde eg rundt fem favorittar som eg las igjen og igjen. Sidan har eg utvida repertoaret. Det aller beste med biblioteket er den kjensla eg får når eg er der, ei kjensle av at alle bøkene eg nokongong kunne få lyst til å lese, eller slå opp i, fins rundt meg. Det fins ei veldig ro i det.