Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av Jan H. Landro — sist endret 2016-09-16T23:41:47+00:00

Olav Nygard - diktaren frå Stølsheimen

av Jan H. Landro

Mitt rike er dei kyrre fjellske dalar;
der søv ein morgonskugge under fjell
som han var evig drott i sine salar;
fraa høgd og hamrar bekkjesusen fell
paa skumdriv-skavlar, el seg upp og hjalar,
men spaknar av, til linne vindar vell
or dalalunga, - braatt paa breide vengjer
han skivrar ned or sine kvilesengjer.

Slik skriv lyrikaren Olav Nygard (1884 - 1924) mot slutten av det stutte livet sitt, då han dødsmerkt av sjukdom lever og diktar austpå, langt borte frå fødestaden, den veglause fjellgarden Krossen øvst oppe i Modalen, der tre fjellelvar møtast ved inngangen til Stølsheimen. Om Nygard kan kallast diktaren frå Stølsheimen, er det ikkje like godt grunnlag for å omtala han som Stølsheimens diktar. For han var ingen heimstaddiktar og trong ikkje forankra det han skreiv i konkrete, heimlege namn, bilete og miljø. Nemninga Stølsheimen vart heller ikkje nytta så tidleg som i Nygards levetid, då heitte området Steinslandsheimen. Likevel er det tydeleg at topografien han voks opp i, spelar med i mangt eit dikt.
Ljoset, som er så viktig i denne diktinga, er nok likeins inspirert av det han har kunna sjå frå høgdene ved Krossen. Det skal finnast somme døme på lokale namn i det han skreiv, som Saatehonn, Kamben og Saatestølen i diktet "Minnevigsle", men dei som vil nytta denne litteraturen som rettesnor for vandringar i det vakre, fjellrike stølsområdet med moltemyrane og dei endelause grasvollane mellom Modalen,vossebygdene og Sogn, kjem fort på viddene. Som kompass for ei ferd gjennom eit indre landskap, derimot, er dikta framleis godt tenlege. Jamvel om mykje av diktinga hans vanskeleg let seg knyta til direkte attkjennande miljø og natur, treng ein ikkje stor fantasi for å sjå føre seg at det er utsyn og minne frå heimegarden som gjev tildriv til opningslinene i "Mitt rike". Men langt meir enn å vera nok ei vestlandsk naturskildring, er dei mange stiliserte fjellbileta i forfattarskapen metaforar for sjelelege eigenskapar og tilstandar. For diktaren skodar ikkje berre heimetter, men vel så mykje innetter. I seinare strofer opnar diktet eit perspektiv ut mot ei vidare verd og ein høgare himmel, mot "langsyns-blaanar" og "himmelklaaren". Her syner Nygard ei av dei mange rørslene mellom ulike motsetnader som diktarverda hans var fylt av. Dødslengt stod mot livslyst, mørker mot ljos, jordeliv mot sfæresong, røynd mot draum. Med diktarens eigne ord: "himelen høge og heilage blaa" kunne ofte stå mot "trongrømde tunet i dalskuggen graa". Mellom dikta i den fyrste samlinga hans, "Flodmaal" (1913), finst nokre liner der han uttrykkjer seg slik:

Ber meg inn i
soldraumsblaane
austan sol
og vestan maane,
lat meg draume-
vengjer laane
so eg vaknar
heil og varm.

For ein poet med sterke røter i den romantisk-idealistiske tradisjonen, var kosmoskreftene ein del av røynda og draumen eit middel til å oppnå kontakt med dei. Men draumen, slik vi møter han hjå denne forfattaren, er noko meir enn rein flukt, han kan også tena som åndeleg kraftkjelde og kveik i møte med kvardagen. Det trengtest, for jordelivet diktaren skildrar er ofte ikkje stort meir enn eit farleg ritt mot grava, og vegen dit ein kamp mot nådelause makter.

Fanst det då ikkje redningsvon?
Kanskje i kjærleiken. Men så kan han ikkje heilt tru på denne utløysingskrafta, heller. I staden står kjærleiken som ei tragisk oppleving, ein tidsavgrensa ekstase ramma inn av døden - og diktaren er " til heilagt saarmod seld": "fyr di vaar elsk skal gaa til spille/ og vere dømd til svevn og stille".
Likevel er kjærleiken ei kraft som bind han til jordelivet og gjer han "tvifall elskhugsbraa". Her vel han altså å vera i livet trass i medvitet om døden, kanskje av di kjærleiken lèt han ana den djupaste meininga i tilværet. Slike spenningar er forfattarskapen rik på. Men lengten mot noko endå større enn jordisk kjærleik, ei sameining med dei kosmiske kreftene, driv diktaren vidare. Kanskje kunne han vera brubyggjar mellom det høge og det låge, det sfæriske og det jordiske!
Kanskje såg han seg som representant for ei høgre verd, slik romantikkens diktarmyte insisterte på. Alt i den andre samlinga, "Runemaal" (1914), i diktet "Eg vart vald til svarberg", skildrar eget seg som ein sjåar og høyrar og han som skal målbera alt som kjem mennesket ved. På mange vis stod Nygard alt på utsida av samfunnet. Som ein utvald, i pakt med diktarmyten, kjende han seg utstøytt frå normalt liv mellom menneska, "illsedd av heile [si] ætt". Når han i diktet "Wergeland" skildrar diktaren som ein nedskoten gud som går til grunne i "giftrøyk og gov" (damp), er det nærliggjande å tru at han også hadde seg sjølv i tankane.
Det er i manndomsdiktinga si, skriven i full visse om at døden stod for døra og samla i "Ved vebande" (1923) og etterlatne dikt, at Olav Nygard heilt ut opnar seg for dei mektige kosmiske fantasiane som huserte i han. Dødsmedvitet må ha gjeve livet hans ein særleg energi, som den strenge forma han hylla dikta sine inn i berre har gjort endå sterkare. Arbeidet med den siste samlinga har truleg òg skapt ei kjensle i han av å vera nær kosmoskreftene. Tittelen, "Ved vebande" - gjerdet rundt heilagdomen, tyder på det.
Likevel er det feil å sjå dette som prov på at diktaren berre ynskte å verta bortrykt frå den jordiske jammerdalen. Rett nok er "den graa dalen" eit mykje nytta motiv i denne forfattarskapen, og då er det ikkje Modalen han har i tankane. Likevel finst det rikeleg med kunstnarlege uttrykk for glede over og nærskyldskap med naturen, og jordelivet står ikkje fram som berre sut og liding. Nygard åtte ei særeiga naturkjensle; med vakne,sansar henta han inntrykk frå omgjevnadene og omforma dei i biletrik dikting. Oppvaksen som han var på ein liten einbølt gard, visste Nygard sjølvsagt inderleg vel kva for skaparkraft som ligg i jorda.
Fulltonande og direkte set han ord på dette i diktet "Mann", frå den siste samlinga. Der heiter det at "Det er jorda som fløder med sevje og merg". Og i det monumentale, erotisk farga "No reiser kvelden seg", frå same samlinga, speler jord og himmel saman i harmoni. Poeten fyller kvelden med liv, skildrar korleis han "trør paa lette føter gjennom tun" og hengjer skuggeveven mellom fjella. Så stig den milde natta inn "med linne andardrag" før jord og himmel i siste strofa finn saman og førebur ei ny oppvakning:

Det gjeng ein sælebiv imillom fjell
so fræa emnar seg og hamsar fell
og undrings-øre augo upp seg vender:
Or djupe himlar slær ein baaregong
av evig skapings-gir og sfæresong
som helsar frendeblidt mot døkke strender.

Ligg det eit element av religiøs forsoning i forfattarskapen?

Religiøse bilete og førestellingar finst det fleire av, kristen symbolikk likeins, men noka direkte lengt etter Gud, utfriinga og den himmelske sæla i konvensjonell kristendom, trur eg det er vanskeleg å peika på utan å redusera diktinga meir enn godt er. Viktigare for Nygard var truleg vona om å kunna høyra til i ein heilskap, ein større samanheng som framfor alt kunne gje meining til livet som skulle levast her. Kanskje har denne einskapslengten røter i Nygards eiga livsoppleving.. Sjølv meinte han at "lesaren burde kjenne livssoga aat forfattarane, iser aat dei forfattarar som skriv ut av sitt eigi røynsleliv so mykje som eg".
Noko enkelt liv hadde han så visst ikkje, og ein stad skriv han at "saknad heiter livet mitt".
Olav Nygard kom til verda 10. juli 1884, som den nestyngste i ein syskjenflokk på ti. På heimegarden, som låg om lag 300 meter over havet i ein sidedal til sjølve Modalen, voks han opp. Diktinga hans kan gje inntrykk av eit mørkt og grublande huglag, men etter det grannar fortel, var han alt anna enn tunglyndt. Knut Liland, som var 17 år yngre enn den særmerkte diktargivnaden, fortalde meg for mest tjue år sidan at "snikkaren frå Modalen" var ein skøyar og skjemtegauk. "Når han arbeidde, tralla og lo han, skjemta og rima." Di meir forundra vart sambygdingane då dei las kva han hadde fått prenta. "Det var så tungt og trykkjande at han kunne hatt ei falløks over hovudet," sa Liland. Han tykte det var "ein framand Olav
Nygard som skreiv bøkene". Faren var dugande rimsmed, og mang ei onnestund kunne dei gjera stuttare ved å kveda til kvarandre over bøen. Sonen tok tidleg til med å skriva, og i medlemsbladet til Modalen Ungdomslag fekk han inn mange gode skjemte- og friarviser. Somt kom òg på prent i "Norsk Barneblad" og "Unglyden". Tidleg visste han at det var diktar han skulle bli. 10 år gamal miste han mor si, noko somme meiner kan ha gjeve han ei tragisk livskjensle. Likeins er det kjent at han i oppvekståra, men òg seinare, hadde fleire syner eller visjonar og ekstatiske opplevingar; han såg liv der "aalmanna-auga finn stengje". Desse "flodkjenslene", då synene fylte han som eit staup, kom til å prega mange av dikta han skreiv. I eit av dei minnest han den våren då "fyrehenge rivna/ fyr mine røynslur, og eg høyrde song/ so Saatehonne/ stod i smil og livna".
Etter folkeskulen måtte ungguten hjelpa til heime på garden. Han hadde eit uvanleg godt lag med trearbeid, bygde si eiga fele og spelte stundom til dans og gjekk ei tid i snikkarlære. Samstundes skreiv han ned soger som faren fortalde og samla på lokale ord og vendingar. Desse gjekk sidan inn i diktinga hans og er saman med dei språklege nyskapingane han sette så høgt, viktigaste grunnen til at ein treng ordliste for heilt å skjøna somme av dikta.
Han må ha fått ei kjensle av at språket ikkje var rikt nok, ikkje stort nok, til å uttrykkja synene og tankane om det fullkomne. Difor laut han utvida språket, skapa nye ord og hekta saman gamle ord til nye, meir presise og uttrykkstunge meiningar. Dette vart det meir og meir av utetter, og i dikta sine nyttar han fleire hundre samansetjingar som aldri før var sett i norsk dikting, som kjensletungur, heimkomegaava, englehimmelsgleda, sylvar-bleik og gullan-voven.
Olav ville gå skular, men det vart med eit halvt år på Nordhordlands Amtsskule og to periodar ved Møre Folkehøgskule. Dei to vintrane i Ørsta vart svært avgjerande for vegen vidare. Der hamna han i eit litteraturkunnigt og -interessert miljø som gav han fagleg tilskunding og kveik til eiga dikting. Der trefte han òg Petra Krøvel, som han trulova seg med. Men ho døydde av tuberkulose stutt tid etter. "Sorgi over henne tek meg so hardt at eg held sengi", skriv han i eit brev. No finst ho berre som eit minne i eit og anna dikt, seinast og vakrast i "Med djupe tunge floddrag", skrive mest 15 år etter at ho gjekk ut av tida.
Hausten 1908 slo Nygard seg ned i Kristiania i von om å koma betre i veg med diktinga. Han fekk kontakt med og god hjelp av Arne og Hulda Garborg, vart òg med i "Det Norske Spellaget", som Hulda på den tida organiserte. Han ville vinna praktisk teaterrøynsle, for hugen stod til å skriva drama. Eit par spelstykke kom frå hans hand, men det vart aldri til noko. Ein jonsokaftan, truleg i 1911, lèt den overlag sjølvkritiske diktarspira ei rosemåla kiste fylt med manuskript gå på bålet. Den skal ha innehalde alt han til då hadde skrive.
I Modalen gifta han seg nyårsaftan 1912 med budeia Rakel Tvedt, som vart han til stor velsigning dei åra han hadde att. Til levemåten åtte dei knapt; pengesuter, depresjon og sjukdom vart trugne følgjesveinar livet ut og stendige hinder for skrivinga. Han ante kva som låg føre han og skreiv i eit brev til Rakel om diktardraumane sine. "Skal eg gravleggje dei og verte ulukkeleg, eller skal eg fylgje dei, og verte ulukkeleg ...?"

Men skriva skulle og ville han. Største otten hans var om han kunne få det til, og om diktargåva verkeleg hadde kontakt med det evige, men etter kvart òg om livstråden hans skulle rakna innan hans "einaste kvad" var forløyst. "Det brenn i mitt blod/ og det tyngjer mi tunge,/ det styn i mitt hjarte/ og skjelv i mi lunge", heiter det i den fyrste samlinga. I åra 1913 - 1915 gav Olav Nygard ut dei tre etter måten tynne diktsamlingane "Flodmaal", "Runemaal" og "Kvæde". Den andre var i hovudsak "overskotsmateriale" som forleggjaren hadde fjerna frå fyrste samlinga.
Åtte år seinare kom "Ved vebande", og så gjekk det elleve år innan hovudbolken av Nygards etterlatne dikt vart samla. Debutboka hausta sterke lovord, ikkje minst frå ekteparet Garborg, men nemnande sal fekk ho ikkje. Livet var eit tilvære frå hand til munn, fylt av liding og sorg. Stundom var han så nedfor at han ynskte seg ufødd. Rett nok kan han sjå ei meining i lidinga og sorga som eit diktarprivilegium, der han i ei verseline seier at "... eg uner (trivast) best/ paa heilag lidingsgrunn". Men den delen av han som ikkje dikta, som tvert om skulle halda svolten frå døra, kan ikkje ha funne stor trøyst i slike tankar.  I debutåret 1913 fekk han konstatert tuberkulose i venstre lunga, men fem månader på Luster Sanatorium stogga tæringa. Familien, som i 1916 vart utvida med sonen Sigurd, var jamt på flyttefot, freista klara seg snart her, snart der. Venen og kollegaen Knut Horvei gav dei eit stykke jord med hustuft på garden sin, men under arbeidet forsleit Nygard seg, og lungeblødinga byrja att. No fanst det ikkje lenger von om betring og helse. Men sjukdomen gjorde det av med mothugen mot å dikta, som hadde pint han nokre år og fått han til å undrast på om det framleis spann liv i "gampen" hans, Pegasus. Og i perioden 1920 - 1922 vart samlinga "Ved vebande" til og fleire dikt som aldri kom på prent medan opphavsmannen levde. Ei ferd til Italias sol og varme skulle setja ut møtet med Ljåmannen, som snart fekk sitt eige dikt, der han vert helsa som "ein kjenning ifraa ungdoms tid". Men Nygard kom seg ikkje lenger enn til Austlandet. Der fekk han hjelp til å kjøpa ein liten eigedom med ei sumarhytte, Granbakken, på Opsal i det som i dag er Oslo. Her skreiv han dei siste dikta sine, m.a. det vakre, storfelte "Til son min", som atter byggjer bru mellom jorda og kosmos.
Julaftan 1923 kom brev frå Arne Garborg, som nett hadde lese "Ved vebande", og som ynskte å takka for "det finaste me hev av lyrikk på norsk". Sju veker seinare, 11. februar 1924, fanst ikkje Olav Nygard meir. "Eg ser ei sol", skal ha vore det siste han sa. Olav Nygard hadde fleire strenger på lyra si enn ein ofte får inntrykk av. Han kunne vera kvass og ironisk, stundom beint fram beisk, som i det episke diktet "Paa helveg", der diktar-eget tingar med "hesthøvde Eiriken", styggen sjølv, om sal av sjela si. Satiren og spotten kunne likeins finna utlaup i diktinga hans. Mest kjend er vel den skamruna han rista over bokhandlar og forleggjar Olaf Norli, som ikkje ville gje ut andre diktsamlinga hans. I "Det var storbyrge gauven" (gauve = storkar) vert Norli likna med ein hovding i dvergriket sitt. Sveinar som freistar bringa inn nye tonar i dette samfunnet, lyt til sist dra sin veg. Om diktet knapt kan seiast vera representativt for den vesle lyriske produksjonen Olav Nygard lét etter seg, fortel det likevel noko om kva han hadde å stri med og korleis han såg seg sjølv i den norske bokheimen. Han var ein framand og utanforståande og laut tola at dei formsikre, rytmefaste dikta hans vart lite påakta i samtida. 1920-åra høyrer til den rikaste perioden i norsk lyrisk dikting, men Nygard hadde vondt for å vinna fram. At mange dikt var prega av tungsinn og død, samstundes som ordtilfanget verka framandt og biletbruken uvand, gjorde nok sitt. At diktaren meir heldt seg i det kosmiske enn i det lokalt attkjennande, verka heller ikkje dragande på eit meir realistisk innstilt publikum. Dessutan står han i ettertid tydelegare fram som ein overgangsfigur mellom norsk seinromantikk og tidleg modernisme, og dei som ikkje så lett lèt seg rubrisera lyt ofte venta på forståing og aksept.
Lenge stod han difor i skuggen av lyrikarar som Olaf Bull, Olav Aukrust, Arnulf Øverland og Herman Wildenvey. Seinare har han vorte oppvurdert og fått ei heilt anna merksemd enn han møtte i si eiga levetid. Lengst har den kresne lyrikaren og skodespelaren Claes Gill gått. Han uttala på radio, og tok seinare opp att i skrift, at dersom Olav Nygard hadde "skrevet på et verdenssprog - ville [han] hatt rang som en av verdenslitteraturens store lyrikere". Og han la til: "Det er ikke arten av hans inngivelse som hever ham opp til de største blandt poeter, men hans troskap mot den, og hans fullkomment poetiske uttrykk for den."