Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av admin sist endret 2016-12-21T11:07:51+00:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg er og har alltid vore i fullt arbeid/studie i tillegg til forfattarskapen. Eg har eit forhold til jobb som yrkesaktiv og eit forhold til jobb som forfattar. Eg arbeider innenfor barnepsykiatrien i Stavanger, som ledar i full stilling. Eg er utdanna barnevernspedagog. Akkurat no held eg på med mellomfag pedagogikk etter arbeidstid. Eg elskar arbeidet mitt. Eg elskar å skaffe meg meir kompetanse om problemstillingane rundt det vanskelige arbeidet det er å hjelpe psykiske sjuke barn og familiane deira.

Eg skriv også noveller om problematikken.

Eg elskar å skrive. Før hasta det å skrive romanar, ein roman i året dei første åra. Dei første romanane mine vart laga om nettene og på fridagar og eg trengte mindre søvn enn eg treng no. I dag greier eg ikkje det same kjøret. I dag må eg velge. Eg kan berre skrive når eg har ferie. Likevel hender det det kjem ei novelle fort ei natt ein kveld. Dei beste novellene mine kom fort i løpet av nokre timar, som "Helsikes mor" som "Til deg" som "Landskap".

Eg velger akkurat no å studere i tillegg til full jobb. Om nokre år velger eg annleis. Eg kan velge å ta permisjon og skrive på fulltid. Eg kan velge å vente til eg trappar ned yrkeslivet og skrive nye romanar. På ein måte hastar ingenting. No.

Jean Paul Sartre seier i boka si "Hva er litteratur" at vi må ha noko på hjarta og vi må finne ei form å presentere det i.

Akkurat no har eg ikkje noko på hjarta. Bortsett frå alt det eg har på hjarta.

Kva er bakgrunnen din?

Eg skreiv dikt som ungdom om kjærleiken min til den eg ikkje kunne få. Alle dikta mine gjennom fire år handla om denne problemstillinga. Ingen av dikta er sendt til forlag.

Så som 36åring fekk eg plass på eit sommarkurs i regi Skrivekunst Akademiet i Bergen der dei første fire sidene til debutromanen min blei laga. Jon Fosse var lærar, 26 år. Seinare, etter debuten min gjekk eg eit år på Skrivekunst Akademiet, i 88/89.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Litterær tradisjon i min barndom var mors glede for radioteater, Claes Gill's stemme når han leste "Sult" av Knut Hamsun. Og vi ungane måtte vere musestille når vi blei store nok til å kunne vere musestille. Det er fleire bøker i min barndoms heim no enn då eg vaks opp som eldst i ein stor søskenflokk. I dag har eg stor glede av å diskutere litteratur med dotter mi på 25 år. Ho elskar novellene mine, ho elskar det littererære språket mitt. Og ho oppmuntrar meg. Ho elskar litteratur. Sønene mine er ikkje interessert på same måte, ikkje enno. Mannen min er storbrukar av skjønnlitteratur i mange sjangrar.

Eg har ein hang til den type litteratur som har denne nerven som eg seier det, dette noko som ligg mellom orda og skaper forventning, dette som let meg ha stort tolmod, dette som lokkar meg og lokkar meg, Dostojevski, Duras, Sandemose, Vinci.

Og eg er språkvill. Nynorsk, bokmål, nynorsk.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Når eg skriv, er det som ein besettelse, eg blir høg. Derfor må eg mest bestemme at eg ikkje skal skrive. Fordi eg har gjort andre valg. Og skrivinga er livet mitt i tillegg til det andre livet mitt.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Då eg laga "UT" var det som ein besettelse, med andre ord ein stor skriveopplevelse. Då eg laga "Klaus" var eg ofte melankolsk, med andre ord ein rar skriveopplevelse. Då eg laga "Mellom Jan og Marita var eg Jan. Då eg laga "Centimeterstriper av dagslys" var eg berre overraska over alt som kom, då eg laga "Sara" var eg igjen melankolsk og alvorlig, då eg laga "Soldagen" var eg høgtidlig, då eg laga "Krusningar i landskap" var eg oppstykka. No har eg fleire noveller som snart kanskje er ein samling. Den beste har eg enno ikkje laga. Eg har den ikkje på hjarta.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?
Biografi forstår eg som fakta om mitt liv, andres liv. Eg skriv det som eg er opptatt av filtrert gjennom mine holdningar, etikk, politisk ståstad og moral. Minne forstår eg som subjektiv husk, minner er aldri sannferdige, og er brukande som stoff i romanar og noveller og dikt og røverhistoriar.