Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av admin sist endret 2016-12-21T11:09:24+00:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg set meg til arbeidsbordet ca. kl. 09.00, arbeider fram til kl. 13.00, lunch til ca. 13.30, og så arbeider eg til ca. 15.30. Eg reknar ikkje kveldane til arbeidsdagen, sjølv om eg gjerne nyttar dei til lesing. Kveldslesing er ein slags fritidssyssel med faglege undertonar. Arbeidet mitt kan delast i minst to delar, sidan eg har ei halv stilling ved Skrivekunst-akademiet i tillegg til forfattarverksemda. Når eg har arbeidsdagar der, vert det ikkje tid til skriving. Elles hender det ofte at eg deler arbeidsdagen på heimekontoret i to, der eg skriv ei stund og gjer "kontorarbeid" neste. Skriveøktene er også mykje prega av lesing. Eg les mykje av teksten eg alt har skrive, eg prøver heile tida å rette i den, og ofte les eg også andre ting for å kome vidare.

Kva er bakgrunnen din?

Eg vaks opp på eit småbruk i Ytre-Nordhordland. Der lærte eg å ta i både hammar og sigd, eller ljå. Eg kan køyre traktor, osv. Eg utdanna meg til agronom, eg overtok bruket, men selde det så til bror min. Elles har eg ei kunstutdanning, hovudfag i grafikk/illustrasjon. Skriving handlar i stor grad om biletskaping, men det er ei anna sak.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Når eg les ser eg heile tida etter feil, etter svakheiter, og finn eg ikkje desse vert eg irritert og legg boka frå meg. Då eg tok til å skrive var eg sikker på kvar eg stod, at eg tilhøyrte ein modernistisk-pessimistisk romantradisjon som tok til med Flaubert, og gjekk framover via namn som Dostojevskij, Hamsun, Skram, Söderberg, Woolf, Camus, Beckett, Duras, Bernhard, Fosse, Larsson, osv. Det var gjerne berre ei bok frå den enkelte sin forfattarskap eg fekk til å passe inn i denne formelen, alltid den enklaste og mørkaste, med titlar som Madame Bovary, Kjellarmennesket, Sult, Professon Hieronimus, Förvillelser, Til fyret, Den fremmede, osv. Denne foreinklinga handla sjølvsagt om ein type feillesing, der ein foreinklar det vanskelege for å gjere det tilgjengeleg, og det gjorde det kanskje lettare for meg å sjølv skrive enkelt, men i dag er eg meir smitta av andre tankeretningar, noko som gjer skrivinga vanskelegare og meir tidkrevjande. Eg er også usikker på om det er lesingane som pregar meg, eller om det er eg som pregar lesingane.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Vanskeleg spørsmål. Ein kjem på ein liten episode som kanskje er heilt malplassert: Då eg var liten kasta ein kompis eit eple i hovudet på meg.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Generelt sett er det alltid ei glede når ein kjenner at stoffet tek til å leve, at det tek til å samle seg sjølv, som når dei ulike delane tek til å henge saman på måtar ein slett ikkje hadde tenkt det. Det er også ei god kjensle å vere inne i sitt stoff, men det er i grunnen inga kjensle, det er ei slags ikkje-kjensle, som å drøyme, eller som å gløyme seg, slik ein kan oppleve det når ein t.d. høyrer på musikk, når ein verkeleg høyrer etter, eller ikkje høyrer etter, når den opnar seg og omringar deg. Elles ser eg på skrivinga som noko som må gjerast, det er eit ork, men eit veit at sluntrar ein unna skrivinga, så er det ikkje mykje att.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Ordet minner har eg problemer med, sidan eg ikkje kan seie å ha minner, i  alle fall ikkje det eg i litterær forstand vil kalle brukbare minner. Eg er halvfull av erfaringar, og desse brukar eg heile tida, utan at eg hugsar dei, men dei viser seg i skrifta, som bilete, tankar, sansningar, osv. Ein kan såleis seie at eg gjer nytte av både biografi og minner, men på omvegs vis; eg er ikkje oppteken av min biografi, men den er oppteken av meg, den er eit slags påheng, eit etterslep ein ikkje slepp unna.