Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av admin sist endret 2016-12-21T11:09:25+00:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Det er to slags arbeid; det eg gjer fordi eg får betalt for det, og det eg gjer, som eg lenge har gjort og som eg -fordi det er, eller må opplevast som, ubetaleleg- vil halde fram med å gjera, utan betaling. Innunder den første kategorien kjem det som i hovudsak særmerkjer eit vakse liv for den som ennå er barn, nemlig ”jobben”, ”jobbinga” og det ”å gå på jobb”, noko som for meg er blitt synonymt med henhaldsvis ”skulen”, ”vaskinga” og det ”å gå til skulen”. Innunder den andre kategorien kjem forfattarverksemda, skrivinga, og det ”å gå på rommet mitt”.

Som vaksen er eg altså blitt ei slik som ”vaskar på skulen vår”. Fire timer kvar kveld, mandag til fredag, gjer eg lønsarbeid for Fylkeskommunen. Som barn må eg ha forutsett dette som absolutt utelukka. Å bli forfattar må eg derimot ha sett som både attråverdig og oppnåeleg.

Eg har lært at skriveverksemda forutset ein strukturert arbeidsdag, ei forutsigbar veke, eit eige rom og frihelg. Eg har erfart at dagen startar i skrifta- for gjer han ikkje det så blir det inga skriving. Altfor ofte blir det inga skriving. Eg prøver å ikkje skunda meg.

Kva er bakgrunnen din?

Bakgrunnen er trang sjølv om bakgrunnen er stor. Eg er til stade heile tida og det vil eg ikkje. Eg let meg underhalda. Eg har mine filmar, min musikk, mine bøker, og plutseleg eit kjærteikn kanskje, eller draumen om dette. Eg har lengta og leita stort sett heile tida etter den staden der eg (me) eigentleg høyrer til. Slik har eg kome til skrivinga.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg er ikkje litteraturvitar, men eg lært og prøver å læra meir om kven som møtast i meg, kva eg tek del i, og kva som skriv når eg sit her og skriv. Uansett kva eg måtte vita om kven og kva som medvirkar i teksten min er hovudsaka vissa om at det medvirkar konstant. Å gå i åpen dialog med (dedisera, referera til osv.) forfattarar eg har lese (og forfattarar som desse igjen har lese osv.) og som følgjeleg skriv gjennom meg når eg sit og prøver å skriva noko eige, det er ei stadig freisting fordi det gjev eit skinn av kontroll, av eigedomsrett, av sjølv å sitja på toppen av verket osv.- men det er og blir eit skinn, og eg treng det ikkje (stort sett ikkje). Eg prøver å vera audmjuk.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det vil vera feil å sei at meininga med skrivinga er å læra. Det ville ikkje desto mindre vera meiningslaust å ikkje læra noko av det. I det ovanforståande kan eg med fordel forveksla ”skrivinga” med ”å lesa”, og eg vil også, sjølv om eg må vera litt forsiktig med dette, kunna byta ”skrivinga” ut med ”å leva”.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Minnet er absolutt- og tøyeleg. Biografien er grøn og helst med sauer. Fjordbygda, skulen, hagen, huset, mora, broren, ryggsekken, snøggbåten, byen Bergen, faren. Alt dette høyrer til i biografien, alt dette kjenner eg som mitt og fordi det er mitt står det meg fritt å bruka det. Men litteraturen er streng, uendeleg stor og samstundes lukka. Eg må bli kjent med det eg skriv sjølv om eg brukar det eg kjenner. Slik tilegner eg meg ein eige form for erfaring som eg truleg ikkje har særlig nytte av. Eg driv og dreg lærdom av erfaringar som ikkje vil prega meg som person. Eg kan ikkje ta med meg noko ut av dette store og lukka som er litteratur.