Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
av admin sist endret 2016-12-21T11:10:48+00:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Arbeidet med en roman eller en novelle er for meg meir enn det reint skrivemessige. Førundersøkingane kan ta lang tid. Då vitjar eg mellom anna bibliotek, les fagbøker og ymse emne, vurderer kjelder opp mot einannan og lagar ein slags struktur. Noko fast arbeidstid er her vanskeleg o rekna.

Sjølve skriveprosessen er lettare å gjera greie for. Som regel skriv eg frå kl. 11.00 frem til ca. klokka 15.00. Stundom dersom ikkje stoffet er for omfattande, skriv eg også eim time eller to om ettermiddagens. I den kreative fasen er det likevel sjeldan eg orkar meir enn føremiddagsskrivinga. I omskrivningsfasen, som eg opplever som noko lettare, er det greit å bruka litt av ettermiddagen og kvelden til arbeidet.

Kva er bakgrunnen din?

Eg kjem frå eit miljø som nesten var antilitterært. Slik må eg kanskje sjå på meg sjølv som eit slags naturtalent! Diktinga har alltid vore som ein del av meg. Og las gjorde eg frå eg kunne setja bokstavane saman. Eg var så heldig å få ein førskulelærar som forstod min lesehunger, og skulestova hadde eit omfattande bibliotek. Denne læreren hadde også ansvar for folkebiblioteket på heimstaden min, og eg hadde difor lett tilgjenge både til leseråd og bøker. Og dikta gjorde eg, både på papir og i fantasien min. Så held det fram då, med diktinga. Eg dikta og skreiv og debuterte endeleg i 1981 med romanen ”Berre eit menneskebarn”.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Ettersom det å dikta er ein del av meg, er det sanneleg ikkje lett å koma bort frå. Ikkje slik at det fell meg lett å skriva, tvert om, det kan vera ein tung og slitsam prosess. I åra før eg debuterte tenkte eg ikkje for alvor på å koma ut med ein bok nokon gong. Likevel skreiv eg. Og skriv gjer eg framleis, rettnok med periodiske opphald, skriv gjer eg, og ikkje alltid med tanke på utgjeving. Livet mitt er å skriva, og det gjev livet mitt både meining og innhald.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Eg hadde fleire utkast til den første romanen min, og kjende meg ikkje nøgd. Eit eller anna i meg sperre for den sanninga eg så gjerne ville ha fram. På den tida måtte eg ha ein del profesjonell hjelp til å løysa vanskelege spørsmål i livet mitt. Då ein dag løsna skrivefloken og romanen kom til meg, liksom ferdig og førehandsformulert. Det trur eg er den største skriveopplevinga er har hatt.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Å formulera eige livshistorie er ikkje viktig for meg i seg sjølv. Eigne livsrøyndomar er berre alment viktigere i den grad eg kan bruka dei i diktinga. Når det er sagt, brukar eg erfaringane minnet mitt som innfallsvinkel for å forstå dei karakterane og den historia eg skapar. Erfaringane er også med på å forstå dei karakterane og den historia eg skapar. Erfaringane er også med på å leggja grunnlaget for ideane til den einskilde romanen. Dei skapar på eit vis eit behov for å behandla og beskriva ein sak eller ei problemstilling. Å læra andre menneske å kjenna er svært viktig for meg. Det gjer eg i mindre grad ved lesning. Det er i samvær med andre, godt eller dårlig, at eg får den innsikt i menneskenaturen eg treng under skriveprosessen. Slik veks erfaringsgrunnlaget mitt.