Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Bjørnar Habbestad anbefaler Sigbjørn Apeland

by Bjørnar Habbestad — last modified 2016-11-25T10:30:54+00:00
Bjørnar Habbestad er en klassisk utdannet fløytist, som arbeider med bl.a. kammermusikk, improvisasjonsmusikk og samtidsmusikk.
Sigbjørn Apeland

Glossolalia

Hubro, 2010, Norge
Han har lenge vært en av Bergens mest aktive musikere innen de overnevnte feltene, og reiser verden rundt både som soloartist og som medlem av utallige konstellasjoner. Habbestad er også medansvarlig for plateselskapet 3db.

Habbestad

 Å anbefale ei plate er skumle saker, musikarar likar som regel best å vere einige i kva som ikkje er bra. Det å skulle løfte fram sine personlege preferansar på denne måten kjennes difor brått utfordrande. Skal ein melda historiens beste musikkverk? Mitt sterkaste møte med eit eller anna nytt og flott? Noko som ingen andre kjenner til men som eg meiner dei MÅ få med seg?


Det vart likevel såre enkelt å anbefale Sigbjørn Apeland si soloplate "Glossolalia". Først og fremst av di ho er velspelt, det kling bra og eg er nesten heilt sikker på at veldig få der ute har ei plate med harmonium-musikk frå før. Men ikkje minst av di Apeland klarer kunststykket å bygge eit lydleg miniunivers som står stødig og godt i seg sjølv, basert utelukkande på trøorgelet, to hender og to føter. For dette er musikk i frå dei hand- og fot-arbeidande sine rekker. Kvar lyd er tenkt, trykt, trampa og spelt. Ingen redigering, fancy elektronika eller lyseffektar.

Resultatet er eit kort og reinskore opphald i Apeland sin musikalske fantasi, ein sår tilstand ispedd nokre dosar vestlandsmelankoli. Det er vakkert, skjørt, intimt og medrivande. Organisten, folkemusikaren og improvisatøren Apeland blir eit trehoda troll her. Tidvis er klangane instrumentert tynt og transparent som Messiaen, brått vert det frasert med ein ornamentikk som peikar til alle kvedarane artisten har samarbeida med. Den organiske forma og tematiseringa av instrumentet sitt lydlege indre peikar mot den eksperimentelle musikken. Apeland seier at han ynskjer å laga ein form for "akustisk instrumentell ambient". Kanskje det. Sjølv høyrer eg mest av alt ein eminent musikar som disponerer, tyner, utnyttar og utfordrar instrumentet sitt med eit ypperleg resultat. Garantert ei plate for alle dei som ikkje har orgelmusikk i heimen.