Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Charlotte Maury-Aveline anbefaler Dixie Chicks

by Charlotte Maury-Aveline — last modified 2017-04-04T12:04:08+00:00
Charlotte Maury-Aveline er ei rockedame av ypperste kaliber. Ho er vokalist, gitarist og frontkvinne i Übertøs, bandet som ifølge dei sjølv spelar 'ein sjuk og uskikkeleg blanding av rock, punk og rockabilly'
Dixie Chicks

Home

Monument, 2002, USA


Ei skive som har fått langvarig speletid på anlegget, skulle vise seg å komme fra ei utskjeld/lovprisa systerrekke fra Dallas, Texas.

Ved første lytting av Dixie Chicks sin ”Home”, vil dei fleste med sans for skitten country føle seg uvel. Arrangementene er like glatte som eit kuauge, dette er popcountry (iiik!). Klarer ein (berre for ein augneblink da), å legge køntriheltane sine i grava, vil ein finne ei skatt av ei gåve i albumet ”Home” (Grammy for beste countryalbum i 2003). Med ein meloditeft av dei sjeldne,  dandert med gode vokalharmoniar,  ber Natalie Maines oss høre, heile vegen Heim. Denne dama synger så det er til å hylgrine av.

Frynsegode: Flott coverversjon av blues-/ fjærrockbandet Fleetwood Mac, i sang nr. 2 ”Landslide”, (sjå vekk fra Sheryl Crow-remixen med stygge styggebeats).

Personleg manisk forhold til: spor 3 ”Travelin' soldier”, spor 4 ”Truth no.2” og  spor 6  ”A home”.       

Dagleg rusa på desse køntriheltane:

Lucinda Williams, Merle Haggard, George Jones, Iris Dement, Kitty Wells, LeftyFrizzell, Dwight Yoakam, Louvin Brothers, Hank Williams og det ville barnebarnet hans Hank III.

 Tilfeldig knaks:

-For dei som likar å ule med gitaren i famnet: cowboylyrics.com

-Sjekk òg ut albumet ”Taking the long way” produsert av smågalne Rick Rubin.

-Dixie Chicks ”Shut up and sing”: Ein dokumentar av gull,  der frontfiguren viser fingeren til ein kjend brutus fra Texas, og hans playmokrig mot Irak.