Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Sigbjørn Apeland anbefaler Brian Eno

by Sigbjørn Apeland — last modified 2016-11-25T10:30:54+00:00
Sigbjørn Apeland er organist, utdannet ved Rogaland musikkonservatorium. Han er kjent for å pumpe ut toner innenfor samtids- så vel som folke- og kirkemusikk.
Brian Eno

Thursday Afternoon

EG Records, 1985, England
Han er dr.art. ved Griegakademiet, og han har mer enn én finger med i spillet på over 20 plater i Musikkavdelingens samling.
Apeland

Ved sida av å spela samman med andre, har det å høyra på plater vore mi viktigaste musikkutdanning. Visst har eg lært mykje av entusiastiske lærarar og vitskapleg litteratur, men omgangen med plata som fysisk gjenstand og sjølvstendig kunstform står for meg i ei særstilling. Alt, frå sjølve spelinga, lydbilete, produksjon, covertekst og visuell utforming kan samstundes vera kjelde til estetisk nyting og lærdom.

Før, som nå, er det for meg vinylplata som vekker den største fascinasjonen. Eg kjøper svært sjeldan CD-ar, men her skal eg gjera eit unntak og peika på ein CD som står i særstilling. Det er Brian Enos Thursday Afternoon frå 1985. På den tida var kompaktplata eit ganske nytt medium, og Eno såg med ein gong eit estetisk potensial i nett dette formatet. Medan LP-plata måtte vendast etter maksimum ein halvtime, kunne CD-en romma til dømes 61 minuttar uavbroten musikk,slik det er på denne plata. Thursday Afternoon inneheld eitt instrumentalt spor som fyller heile plata utan dramatiske utbrot av noko slag, og musikken endrar seg sakte og gradvis.

I vår tid er musikk noko som kan vera til stor irritasjon over alt. Frå naboar som plagar oss med partybassdunking når me prøver å sova, til busspassasjerar som let slaga på hi-haten piska oss gjennom høyretelefonar på altfor høgt volum. Men heldigvis er det nokre kloke folk  som har hjulpe oss til å leva med lyd på alle kantar på ein meir positiv måte. Komponisten John Cage viste med komposisjonen 3´14´´, der ein pianist framfører komposisjonen sitjande ved klaveret utan å røra det, at alle slags lydar kan estetiserast, eller vera musikk – dersom ein ynskjer det. Komponisten og teoretikaren R. Murray Schafer introduserte omgrepet "soundscapes" for å peika på lyd som meir enn noko me berre høyrer på. Lyd er noko me lever i og som er over alt. Før desse snakka Erik Satie om musikk som inventar, møbler, tapet. Ein musikk som ikkje er påtrengande og insisterer på lydaren si aktive medverking. Dette er sjølvsagt noko anna en t.d. "Muzak", som er ein vitskapleg fundert fabrikkprodusert musikk som skal fremja kjøpelyst.

Og nettopp Brian Eno har utforska denne problematikken meir enn nokon. Han introduserte omgrepet "ambient music" på midten av 70-talet, lenge før nyreligiøse rørsler og massasjesalongar gjorde dette til eit kjenneteikn. Eno laga med sin kreative kombinasjon av akustiske lydkjelder og eksperimenterande bruk av primitiv og avansert elektronisk teknologi ein musikk som var stillferdig, flytande og udramatisk, men utan å berre vera overflate. Sjølv seier han at det går an å forholda seg til denne musikken omtrent som til ein regnskog:

Når ein reiser med fly høgt over skogen, ser han ut omtrent som eit grønt teppe. Fyk ein lågare, er det stadig fleire nyansar som kjem til syne. Om ein går ned i sjølve skogen er det uendeleg med detaljar og liv som openberrer seg. Slik vil han gjerne at musikken hans og skal vera: Behageleg overflate for dei som treng det, men med ein nyansert detaljrikdom for den som vil trenga djupare inn i materien. Slik sett har Eno sin musikk frå denne perioden vel så mykje med arkitektur og design å gjera, som med musikk: Kunsten vert noko som omgjev oss, som me lever i.