Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.
by Anne Merete Hegrenes — last modified 2017-02-15T09:09:10+00:00
Geirr Tveitt er ein av Noregs største komponistar, og han skreiv over 300 verk.

”Kona mi kallar meg Tverr Geitt!” fortalde Geirr Tveitt under eit intervju i Drammens tidende i 1968 (Storaas 1990 s. 13). Eit retteleg godt anagram som nok har i seg ei stor grad av sanning, for han vert karakterisert som sjølvstendig og individualistisk, kompromisslaus og sjølvrådig. Det er vel nett desse eigenskapane som gjorde han til den store komponisten han var, men om eigne komposisjonar og merittar snakka han ikkje stort, han meinte at ”om dei duger noko, så vil ettertidi syrgja for det”. Han var aldri sjølvhevdande og sjølvgod, snarare audmjuk og blyg når det var snakk om eigen kunst (Storaas 1990). Geirr Tveitt var ein svært allsidig komponist med uvanleg stor arbeidskapasitet. Produksjonen hans var truleg på nærare 300 opus, og famna over ballettar og orkesterverk så vel som kammermusikk og songar. Han hadde til dømes ein enorm produksjon for klaver, mellom anna skal han ha skrive 36 klaversonatar, og noko så uvanleg som to konsertar for hardingfele og orkester finn ein òg på opuslista.

Han var ein mann med mange påhitt og eksentriske idéar. Til dømes var han ikkje nøgd med døypenamnet Nils Tveit, og i 1935 fekk han endra førenamn til Geirr. Geirr med to r’ar er den norrøne namneforma av Geir, og likna på Greip, ein gamal form av gardsnamnet Tveit. Etternamnet vart endra til Tveitt med to t’ar i 1941; han tykte Geirr Tveitt både klang og såg betre ut enn Geirr Tveit. Han laga jamvel sitt eige språk og praktiserte ein periode si eiga tidsrekning: e.V.f.s – ”etter Vinlands fyrstu sjá” – i år 1000 e. Kr.

Oppvekst

Geirr Tveitt vart i fødd i Bergen 19. oktober 1908 som den eldste av tre sysken. Sjølv tykte Geirr at fødestaden gjorde seg dårleg på papiret, og han feilinformerte stadig om kvar han kom til verda. Framleis kan ein lese at Geirr Tveitt var fødd i Kvam, i Norheimsund eller andre stader i Hardanger, men han var fødd og trødde sine fyrste barnesko på Nordnes i Bergen.

Familien budde på Nordnes til Geirr var fire år. Deretter var dei eit år i Lofthus i Hardanger, før vegen gjekk austover då faren byrja som styrar på Danvik kristelege ungdomsskule i Drammen. Etter ni år i Drammen, fekk faren seg lærarjobb i Kvam, og dei flytte heim til Hardanger. Geirr var då ferdig med folkeskulen, og dei to neste åra førebudde han seg til gymnaset.

Geirr Tveitt hadde rike musikalske anar både på mors- og farssida, og det hadde vore mykje musikk i heimen til familien Tveit. Det vart tidleg oppdaga at Geirr hadde musikalske evner. Han hadde ei nydeleg songstemme som born, og allereie som 11-åring kosta foreldra på han den fyrste pianospeletimen.

I 1924, då Geirr var 15 år gamal, tok han til på Voss Landsgymnas som skulens yngste elev. Han hadde særs kunstnariske evner, var flink i teikning, arkitektur og måling, og både han og faren såg føre seg at han skulle studere arkitektur. Han fekk inga grunnutdanning i musikk, men på gymnaset spelte han i elevorkester, prøvde ut ulike instrument og fekk erfaring med orkestrering, notasjon og transkripsjon. Han byrja så smått å komponere, og lysta til å studere musikk auka.

Medan han gjekk på gymnaset, sette han tone til eit Vinje-dikt og sende komposisjonen til sjølvaste Christian Sinding. Svarbrevet vart avgjerande, Sinding rådde den unge kunstnaren til å fortsetje å komponere. Det vart bestemt at han skulle reise til Leipzig for å studere musikk slik til dømes Grieg og Nordraak hadde gjort før han.

Geirr Tveitt
Fotograf/rettigheter: Vikøyr/Kvam herad

 

Studiar utanlands

Han byrja ved musikkonservatoriet i Leipzig i september 1928. Der studerte han komposisjon under Hermann Grabner og Leopold Wenninger, og klaver med Otto Weinreich i fire år. I denne perioden debuterte han som komponist og pianist. Debuten som pianist kom allereie i 1930 då han spelte saman med Leipzig symfoniorkester, og i 1931 fekk han Klaverkonsert i f-moll framført av det same orkesteret med Herman Bilinski som solist på klaveret. Det første opuset, komponert 1 1928, var 12 tvorøystes fyristudiar i lydisk, dorisk og frygisk, og dette fekk han gjeve ut på Breitkopf & Härtel i 1930.

Våren 1932 drog han til Paris for å få nye impulsar, og fekk der kyndig rettleiing av mellom anna Arthur Honegger og Heitor Villa-Lobos. Medan han i Leipzig ikkje hadde hatt nokre språklege vanskar, var dette verre når han kom til Paris. Det franske språket, både det daglege og det faglege, vart ei utfordring. Dette løyste Tveitt ved å gå på kino, han kjøpte ein billett for heile dagen og såg same filmen om og om igjen. Men opphaldet i Paris vart vanskeleg for Tveitt på fleire måtar, og tappa for krefter og pengar måtte det eit kortare rekonvalesensopphald til før han kunne forsetje studia. Hausten same året reiste han vidare til Wien, og studerte der eit år hos Joseph Marx og Egon Wellesz, to markant ulike læremeistrar.

Under opphalda i Paris og Wien utvikla han seg vidare som komponist, og mogna både teknisk og kunstnarisk. Medan undervisninga i Leipzig hadde vore streng og gjeve han grunnleggjande orkestral innsikt, hadde opphalda i Paris og Wien mykje å seie for utviklinga av satshandsaminga, instrumentasjonen og klangkombinasjonen.

Til Oslo

Etter eit utanlandsopphald på nærare fem år, kom han attende til Noreg i 1933. Pengelens som han var, budde han ei stund på familien si hytte i Hardanger før han busette seg i Oslo. I hovudstaden livnærte han seg av å gje undervisning i musikkteori og klaverspel. Ein av teorielevane var pianistinna Ingebjørg Gresvik, og med henne oppsto det retteleg søt musikk. Dei gifte seg i 1936, men det vart vanskeleg for dei to kunstnarsjelene å få samlivet til å fungere, og ekteskapet var over i 1939.

I trettiåra hadde norrøn mytologi og dikting ein brei plass i Tveitt sin musikk. I tillegg til å tonesette gamalnorske tekstar, greip han fatt i norrøne sagn og myter, og komponerte større verk over slike, t.d. ballettane Baldurs draumar og Birgingu, og operaen Dragaredokko.

Det fyrste store sceneverket hans, balletten Baldurs draumar, var fyrst skrive for klaver og framført i Leipzig, Berlin og Oslo. Deretter vart det instrumentert for orkester, og framført i Paris og dei skandinaviske landa. Ballettsjefen i Covent Garden ville gjerne setje opp Baldurs draumar, og komponisten sende partitur og skisser til London i 1939. Her vart notane øydelagde i eit bombeangrep, og sjølv om han freista å rekonstruere balletten, vart han aldri heilt nøgd med resultatet.

I 1940 vart Geirr Tveitt oppnemnt som formann for ”Det midlertidige konsultative råds musikkgruppe”, men medan dei andre i rådet trakk seg, heldt Tveitt fram som Statens musikkonsulent fram til 1942. Dette skulle vise seg å få vere eit fatalt feilsteg av Tveitt, for feilaktig nok vart dette oppfatta som om han sympatiserte med den sitjande regjeringa, og ombodet fekk difor langvarige negative fylgjer for komponisten og konsertverksemda hans.

Attende til Hardanger

På føresommaren 1941 flytte Geirr Tveitt attende til Hardanger, og det var ikkje berre lengten etter ættestaden som var årsaka til at han busette seg på slektsgarden. I okkupasjonstida var det lettare å bu på landsbygda, og sidan han ikkje lenger korkje ville opptre eller la musikken sin verte framførd, hadde han lite i Oslo å gjere. På slektsgarden Tveit bygde han seg hytte på ein teig som låg vanskeleg tilgjengeleg oppe i ei li. Geirr kalla plassen Bjødnabrakane, og jamvel to flygel fekk han frakta opp her.

I påska 1944 trefte han Karen Margrethe Berg-Olsen (Tullemor). Faren hennar var skipsmeklar og styreformann i Harmonien, og hadde invitert Geirr til landstaden på Os. Geirr vart svært begeistra for Tullemor, og allereie i slutten av juli same år vart det giftarmål. Saman overtok dei gardsdrifta på Tveit, og fekk borna Gyri og Haoko.

I teorien kunne Geirr alt om gardsdrift, men han fann det vanskeleg å få tid til alt som skulle gjerast. Han var rett nok hendig, men gardsarbeidet gjekk hardt utover pianistfingrane. Men om det skorta på tid, var ingenting i vegen med fantasien, noko som til tider resulterte i ukonvensjonelle metodar:

”Ein gong ein ver sleit seg og gjorde uskil, spekulerte husbonden ut ein finurleg straff for syndaren. To bjøller klang i hop med ein skjerande dissonans, like ille som summen av Schönberg og Valen. Desse bjøllene hengde han på veren. Verre straff enn å vandra rundt med denne bjølledissonansen kunne ikkje Geirr tenkja seg” (Storaas 1990 s. 163)

Det viste seg tungvint å bu i Bjødnabrakane, så etter nokre år bygde dei nytt hus rundt gamlestova på Tveit og flytte ned i denne. Det vart også vanskeleg for Tveitt å få tid til både komponistarbeidet og gardsadministrasjonen, så etter kvart pakta dei vekk gardsdrifta.

Geirr Tveitt
Fotograf/rettigheter: Vikøyr/Kvam herad

 

Hardingtonar

Mot slutten av krigen drog Geirr Tveitt omkring i Hardangerbygdene og teikna ned over 1000 folketonar. Dei fleste av folketonane fann han på fire gardar ikkje så langt frå Tveit, og nokre fann han jamvel heime; mellom anna vart Velkomne med æraoppskriven etter Aagot Tveit på Tveit.

Tveitt let tonane stå så nær opp til originalen som mogeleg. Mange av tonane omarbeidde han ikkje i særleg grad, medan andre vart utvida og arrangerte. Medan til dømes Grieg og Halvorsen i større grad romantiserte folketonane dei tok tak i, presenterte Tveitt folketonematerialet slik det var. Dei fyrste omarbeidingane gjorde Tveitt for klaver, og desse vart gjevne ut som Femti folkatonar frao Hardanger, op. 150. Seinare vart dei instrumenterte for orkester, og i dag eksisterar seksti stykke frå orkestersuitane Hundrad Hardingtonar for orkester, op. 151.

Etterkrigstida

Under krigen etablerte Geirr Tveitt seg som ein av våre fremste komponistar, men trass i den store og allsidige produksjonen, var det i denne perioden lite pengar å tene på komponeringa. Han hadde store mengder nyskapt musikk som han ville få framført, men det var lita von om å få dette til i Noreg. Utanlands hausta han derimot stor åtgaum, og han livnærde seg i åra etter krigen som pianist og dirigent i utlandet. I tillegg til eigne verk spela han mellom anna Grieg, Chopin og Liszt, og han reiste på lange turnear. Ikkje berre drog han til storbyar som London og Paris, jamvel oasar i Sahara vart vitja! Men etter ein konsert i Paris, der ein febersjuk og sterkt redusert Tveitt framførde Brahms B-dur-konsert til piping frå publikum, slutta han tvert å gje konsertar utanlands.

Samarbeid med NRK

Då han slutta som konsertpianist i 1954, vart økonomien betydeleg skralare. Rett nok fekk han kunstnarløn frå 1958, men han var nokså uvørden med pengar, og hadde konstant dårleg økonomi. Redninga kom då han i 60-åra fekk oppdrag av NRK. Han hadde også tidlegare samarbeidd med NRK, allereie i 1936 fekk han førespurnad om å lage eit høyrespel, eit Jonsokspel over Hans H. Holm sitt lyriske epos Jonsoknatt. Også i 1954 vart han kontakta av NRK, då for å gjere opptak av nokre av kjeldene han hadde nytta i innsamlinga av folketonane i Hardanger.

Men no kom det større oppdrag. Det første som programleiar for Landskappleiken i 1961, og seinare same året fekk han ei lita stilling i NRK. I 1963 vart han konsulent på kontrakt, og pendla frå Norheimsund til Oslo. Han skulle lage radioprogram der han tonesette dikt av vestlandsforfattarar. Sjølv om han tidlegare hadde sagt at han var ferdig med Oslo, flytte han attende for godt i 1967. Han fekk etterkvart kontorplass på Notearkivet til NRK, og der hadde han sitt arbeidssete fram til Torolf Elster vart ny kringkastingssjef.

Tveitt-viser

Tveitt laga fleire hundre viser desse åra, og dei fyrste var til dikt av Ivar Orgland, Ragnvald Vaage, Aslaug Låstad Lygre og Olav H. Hauge. Ulike utøverar fekk i oppdrag å spele inn tonane, mellom anna song Alf Cranner Vi skal ikkje sova burt sumarnatta til tekst av Aslaug Låstad Lygre. Saman med So rodde dei fjordan av Aslaug Vaa og Jakob Sande sin Fløytelåt er denne mellom dei mest kjende av Tveitt-visene. Fleire av visene hans kom på Norsktoppen, mellom anna Natta, Gunnar og bjørka. Til og med på jukeboxar fann ein Tveitt-viser: ”Det er heilt forjævlig, med det er no gøy òg” sa Tveitt (Storaas 1990 s. 258)

Geirr Tveitt og Olav H. Hauge

Av alle diktarane Tveitt møtte og tonesette dikta til, var Olav H. Hauge ein av dei han sette høgast. Dei to kunstnarane møttes for fyrste gong i 60-åra, og det var ei gjensidig ovundring mellom diktar og komponist. Medan Hauge tykte at Tveitt si tonesetjing til dikta hans var den beste, sa Tveitt om Hauge at ”det er klangar og det er fargar i Olav H. Hauge sine dikt, […] han er ein forlokkande lyrikar å setja tonar til” (Storaas 1990 s. 260). Tveitt sa sjølv at han hadde laga ”haugevis av Haugetonar”, men diktaren såg manuskripta til, og høyrde berre ti av desse framførde. I dag eksisterar berre åtte av songane.

Brannen

Natt til 12. juli 1970 råka ei ufatteleg tragedie Geirr Tveitt. Huset på Tveit brann ned til grunnen, og utfallet var katastrofalt. Store delar av Tveitt sitt livsverk gjekk tapt. Mesteparten av manuskripta hans, den verdifulle bok- og musikksamlinga, antikvitetar som fylgde slektsgarden; alt forsvann i brannen. I fylgje han sjølve, gjekk 90 % av det han hadde komponert med i brannen. Norsk musikksamling hadde oppmoda han om å flytte manuskripta til ein trygg plass, men så langt kom han aldri.

Brannen gav Tveitt ein alvorleg knekk, og skaparevna vart aldri den same igjen. Han var mykje sjuk dei seinare åra, og tidvis sleit han med alkoholen. Han døydde 1. februar 1981 i Oslo, og ligg gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Kvam.

Ein del av det Tveitt rekna for å vere tapt, har likevel vist seg å eksistere. Stykke han hadde gitt vekk eller sendt til nokon, har dukka opp igjen. I den seinare tid har også nokre av stykka hans vorte rekonstruerte. Til dømes fann sonen Haoko det sundrivne manuskriptet til Prillar i ein koffert etter at faren var død, og dette vart rekonstruert og komplettert av Jon Øivind Næss i 1992. Vidare vart tre stykke frå Baldurs draumar i 1999 rekonstruert som Solgud-symfonien av Kaare Dyvik Husby.

Materiale av og om Geirr Tveitt på biblioteket

Eksisterende verk

Opus nummer Tittel Besetning
Op. 2 12 tostemmige invensjoner Klaver
Op. 5 Konserter, klaver, orkester, nr 1, op. 5 Klaver, orkester
Op. 8 Prillar i G-lydisk : Musik in Norwegischen Tonleitern für Orchester (Rekonstruert, komplettert av Jon Øivind Næss) Orkester
Op. 81 Solgud-symfoni : tre orkesterstykke frå Baldurs draumar (Rekonstruert av Kaare Dyvik Husby) Orkester
Op. 91.15 Solgudens dans Klaver
Op. 104 Dragaredokko : opera i fem vendingar Soli, orkester. Finnes berre som klaverpartitur
Op. 129 Sonater, klaver, nr 29 (Sonata etara) Klaver
Op. 130 Konserter, klaver, orkester, nr 4, op. 130 (Nordljos) Klaver, orkester
Op. 150 50 folketonar frao Hardanger Klaver
Op. 151.1 Hundrad Hardingtonar. Suite nr 1 Orkester
Op. 151.2 Hundrad Hardingtonar. Suite nr 2 Orkester
Op. 151.4 Hundrad Hardingtonar. Suite nr 4 Orkester
Op. 151.5 Hundrad Hardingtonar. Suite nr 5 Orkester
Op. 153 Natt og dag / tekst av Snorri Sturluson: "Gylfaginning Bar, orkester
Op. 156 Konserter, klaver, orkester, nr 5, op. 156 Klaver, orkester
Op. 163 Konserter, hardingfele, orkester, nr 1, op. 163 Hardingfele, orkester
Op. 166 Sju Sivle-songar: Olav Kyrre ; Tord Foleson ; Svola ; Haust , Gøym meg, mor! ; Lur-leik ; Eit ord : Ja, no skal Noreg ha takk fyr meg S, Bar, kor (SA), orkester
Op. 170 Konserter, harpe, orkester, nr 2, op. 170 (Concerto eroico) Harpe, orkester
Op. 183 Symfonier, nr 1, op. 183 (Julekvelden) Orkester
Op. 184 Husguden : ballet i 12 upptrinn Kammerorkester
Op. 187 Nykken Orkester
Op. 203 Sinfonietta di soffiatori = Sinfoniettta for blåsere Korps
Op. 243 Songer til dikt av Olav H. Hauge: Revebjøllor ; Fela ; Snø ; Is-soleie ; Fortrolla skog ; Svarte krossar (også B, ork) ; Langeleiken (også song, ork) ; Selje-fløya Song, klaver ; sjå også dei einskilde songane
Op. 246 Tolv songar av Aslaug Låstad Lygre: Raudnande blome som blømer i fjell (klaver) ; Vi skal ikkje sova (gitar) (også for kor [SMA]) ; Godnatt (gitar) ; Mjukt skjer åra (klaver) ; Mørk eventyr i november (klaver) ; Det einøygde huset (klaver) ; Spelet (klaver) ; Natta kan tala (klaver) ; Bera ei sorg (klaver) ; Kveld i sundet (klaver) ; Eg henta ei glede (klaver); Fest i september (klaver) Song, klaver ; song, gitar ; sjå også dei einskilde songane
Op. 249 Songar til dikt av Knut Horvei: Augo ; Haust ; Marsutsal ; Ragnarok ; Skuming ; Terningspel Bar, orkester
Op. 250 Jeppe : opera i 3 akter Soli, orkester
Op. 252 Konserter, hardingfele, orkester, nr 2, op. 252 (Tri fjordar) Hardingfele, orkester
  Verk uten opusnummer  
 

10 sanger til dikt av Arnulf Øverland: Der flakker så røde stjerner ; Å, si mig hvorfor ; Fluen ; Utopia ; Lindormen ; Dagvise ; Vuggevise ; Det jodlet i røde skoger ; Stjernenes hus ; Et seil glir bort i kveldens blå

Tenor, orkester

 

14 sanger til dikt av Aslaug Vaa: Fann eg dei stigar ; I hasseldokk ; Svara meg, mi harpe ; Hestmennan ; Paa vegakanten ; Sommormessa ; Lykelen ; Den gamle apalen ; Det stusslege romet ; Nordlysun ; Villarkonn ; So rodde dei fjordan ; Marskveld ; Vaka og vente

Song, klaver

 

Baldurs draumar

Soli (STB), orkester

 

Ballade / Grieg ; arr. av Geirr Tveitt

Orkester

 

Birgingu : koreografisk drama i 27 upptin bygt yver yver innskrifti pao Opedalsteinen

Orkester

 

Bergkrystall / tekst av Knut Hamsun

Kor (SATB), orkester

 

Des Iles / tekst av Raymond de Saint Ours

T, orkester

 

Eg hev tvetta haoret mjukt / tekst av Geirr Tveitt

Song, klaver

 

Eolsharpa

Klaver

 

Fire brev fra Edvard Grieg til Frants Beyer

T, orkester

     
 

Fra fjord og fjære, fra fjeld og dybendal / trad.; arr. av Geirr Tveitt

Orkester

 

Friar’n : foxtrot

Song, orkester

 

Gjenta / Sparre Olsen ; arr. av Geirr Tveitt ; tekst av Tor Jonsson

Kor, orkester

 

Hávamál / tekst frå Edda

Song, orkester

 

Heimkjenning / tekst av Tor Jonsson

Kor, orkester

 

Herregård og husmannsplass

Orkester

 

Hymne til fridomen

Korps

     
 

Håkonarmål / tekst av Eyvindr Skaldaspillir

Soli (STB), kor (SATB), orkester

 

Jonsokbålet

Orkester

 

Jonsokkvelden

Kammerorkester

 

Jonsoknatt / tekst av Hans Henrik Holm

Soli (STBar), orkester

 

Jonsokspel: Fyrispel ; Åkallen spelar ; Smørblom og firkløver ; Bjørnbausar ; Farktausi ; Siri mi ; Ei hjuringjenta ; Etterspel ; Farketrall / tekst av Hans Henrik Holm

Song, klaver

 

Julereisa

Orkester

 

Kjikartn / tekst av Per Sivle

Kor (TTBB), orkester

 

Konserter, fiolin, orkester (1939)

Fiolin, orkester

 

”Frå ei reisedagbok” : kvartett for strykarar, 6[i.e. 8] satsar i suiteform

Strykekvartett

 

Kveldar / tekst av Halldis Moren Vesaas

Kor (SATB)

 

Lavransdatters vise

Kammerorkester

 

Mauriac-sanger / tekst av François Mauriac

Kor (TB/SATB), orkester

 

Meinvarnadur : or Baldurs draumar

Klaver

 

Menuett à Nadia da Norvegia

Klaver

 

Nordland / tekst av Knut Hamsun

Bar, kor (TTBB), orkester

 

Norwegian pianorama : 25 nye klaverstykker

Klaver

 

Norwegian suite no 1

Ungdomsorkester

 

Norwegian suite no 2

Ungdomsorkester

     
 

Prinds Christian Frederiks honnørmarch

Brassband

 

Reisebilleder: Via appia ; Sicilia ; Tripoli ; El Escorial ; Sevilla ; Beduinjenter ved oasen ; Stjernehimmel over Sahara

Orkester

 

Sanger til dikt av Anders Hovden: Handi hans far ; Haust i april ; Havet (T, ork) ; Hugsamt er det i Hovdebygdi (SATB, ork) ; Kingelen ; Kvite fuglar ; Mot soleglad ; Snorre (SATB, ork) ; Til ein ungdom (SATB, ork)

Song, orkester ;

sjå også dei einskilde songane

 

Sanger til dikt av Johan Falkberget: An-Magritts bønn for kopplammet ; Bergmannen soldrøm ; Den gamle kronglebjørk ; Den mørke natt forgangen er (også S, kor [SA], ork) ; Eli lokker på buskapen ved Rugelsjøen (også S, ork) ; Eli Sjursdotter syng åt frieren (også S) ; En gammel bergstue (også S, ork) ; Høst ved Rugesjøen (også S, ork) ; I bjørkeskogen klokken fire om morgenen (også S, ork) ; I denne jord ; Malmkjører-vise (også TB, kor [TB], perkusjon; Månen hang stor og messinggul på en kvist i kronglebjørkkrattet ; Sjøen (også T, ork) ; Vårmorgen ; Vårnatt ved Rugelsjøen

Song, klaver ;

sjå også dei einskilde songane

 

Sanger til dikt av Tarjei Vesaas: Atomkjernen ; I istida ; Ketil ; Natta, Gunnar og bjørka (song, strykeork) ; På Haukeli alle inne

Kor (SATB), orkester ;

sjå også dei einskilde songane

 

Sanger til tekst av Knut Hamsun: Basun (T, ork) ; Paa hvælvet (m/ork) ; Rimet skog (m/ork) ; Skjærgaardsø (Bar, ork) ; Tonen (m/ork)

Sjå dei einskilde songane

 

Songar til tekst av Jakob Sande: Andante funébre ; Bjørnen og reven ; Drama i 4 akter ; Eg vil heim ; Fløytelåt (også S, Bar, kor [SATB]) ; Hestehandlarar ; Hymne til havet (også m/ork) ; Jonsokkvelden ; Kallen og katten ; Katten hannibal ; Kvinna ; Marian ; Musa i orgelet (Kor [TTBB]) ; Nissen på Kobbeskjæret ; Vårfuglar ; Vårteikn

Song, klaver ;

sjå også dei einskilde songane

 

Septetter, obo, horn, strykere

Kammerorkester

 

Sinfonia di soffiatori, symfoni nr 3 for blåsere

Janitsjarkorps

 

Smørblomster / tekst av Betty Berg Olsen

S/T, orkester ; song, klaver

 

Snøstorm / tekst av Arne Garborg

Bar, orkester

 

Stavkyrkja i Kaupanger

Instrumentalensemble

 

Telemarkin : kantate for mezzo, deklamtion og symfoniorkester / tekst av Aslaug Vaa

Mezzo/bar, hardingfele, orkester

 

The turtle / tekst av John Steinbeck

S/T, orkester

 

To juletoner fra Hardanger

Orkester

 

Tull til Tullemor

Klaver

 

Uppskoka : folk tune from Hardanger

Ungdomsorkester

 

Utsyn for kammerorkester

Kammerorkester

 

Vaorkvedja

Klaver

 

Variasjonar yvir ei folkevisa frao Hardanger fyre 2 klaver og orkester

2 klaver, orkester

 

Variasjoner over eit tema i d-moll (1928)

Klaver

 

Ved nyingen / tekst av Knut Hamsun

Kor (SATB), orkester

 

Verdens minste opera, eller: Norsk fjellbondemoral, tragedie med happy ending

1-3 stemmer, klaver

 

Vill-Guri / tekst Tor Jonsson

Kor (SATB), orkester

 

Voggesong / Ragnvald Skrede

Bar, orkester

 

Vårherre han vild’ ikkje ha meg / tekst av Geirr Tveitt

Song, klaver

 

Wildenweysanger / tekst Hermann Wildenwey

Song, klaver

 


Artiklar og bøker om Geirr Tveitt

(ei rekkje av tidsskriftene finst på Bergen Off. Bibliotek)

Aksnes, Hallgjerd (2000). Metonymiske assosiasjoner i nasjonal musikk : lytteropplevelser av Geirr Tveitts Konsert nr 2 for hardingfele og orkester, "Tri fjordar". – S. 151-163. – I: Agora. - Årg. 8, nr 1

Aksnes, Hallgjerd (1999). Geirr Tveitt and Béla Bartók : sons of Grieg and brothers in spirit. – S. 348-364. - I: Studia musicologica Norwegica. - Nr 25

Borchgrevink, Hild (2007). Geirr Tveitt i NRK [elektronisk ressurs]. – URL:http://www.ht08.no/Default.aspx?pageid=892 [lesedato 2008-01-18]

Geirr Tveitt [elektronisk ressurs]. - [S.l.] : Wikipedia, 2008. – URL:http://nn.wikipedia.org/wiki/Geirr_Tveitt [lesedato 2008-01-18]

Holbæk-Hanssen, Hilde (2004). Et eget århundre. - S. 16-18. - I: Klassisk musikkmagasin. - Årg. 6, nr 3

Norske komponister / redigert av Kjell Bækkelund. - Oslo : Tiden, cop. 1977. - ISBN 8210015494

Storaas, Reidar (2000). Hestehandlarar og Marian : Geirr Tveitt som visekomponist. - S. 93- 104. - I: Årboka Jacob Sande 2000

Storaas, Reidar (1990). Tonediktaren Geirr Tveitt : songjen i fossaduren / Reidar Storaas. - Oslo : Samlaget. - 316 s. - ISBN 82-521-3555-2

Storaas, Reidar (2002). Tveitt, Geirr [elektronisk ressurs]. – Oslo : MIC. - URL:http://www.mic.no/nmi.nsf/doc/art2002070913500851195239 [lesedato 2008-01-18]

Storaas, Reidar (2002). Geirr Tveitt : den fargerike [elektronisk ressurs]. – Oslo : Ballade. – URL:http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002053012452587673151 [lesedato 2008-01- 18]

Storaas, Reidar (2007). Geirr Tveitt : den korte historia. [elektronisk ressurs]. - URL: http://www.ht08.no/Default.aspx?pageid=851 [lesedato 2008-01-18]

Vollsnes, Arvid O. (2000). Pride and prejudice : a neglected generation / Arvid O. Vollsnes. - S. 6-12 . - I: Listen to Norway : Musical review. - Vol. 8, nr 3

Avhandlingar, hovudoppgåver og liknande

Aksnes, Hallgjerd (2002). Perspectives of musical meaning : a study based on selected works by Geirr Tveitt . - Oslo : Faculty of Arts, University of Oslo. - 359 s. - Avhandling (dr. art.) - Universitetet i Oslo. - (Acta humaniora ; nr 139)

Hernes, Kristian (2002). Geirr Tveitts op. 150/151 : sett fra en pianistisk synsvinkel. - [Oslo] : K. Hernes. - 133 bl. - Hovedoppgave - Norges musikkhøgskole, 2002

Lindheim, Trond (1991). - Hardingtoneaksjonen 1990. - Oslo : Norges musikkhøgskole.- 43 s. - (Norges musikkhøgskole. Forskningsrapporter)

Røttingen, Einar (2006). Etablering av en norsk klavertradisjon : interpretative trekk ved Edvard Griegs Ballade op. 24, Geirr Tveitts Sonate nr. 29 op. 129 og Fartein Valens Sonate nr. 2 op. 38. - Oslo : Norges musikkhøgskole. - 216, 48 s. - Avhandling (ph.d.) - Norges musikkhøgskole, Oslo 2006. - (NMH-publikasjoner ; 2006:2). - ISBN 82-7853- 043-2 (h.)

Musikkteoretiske avhandlinger og artikler av Geirr Tveitt

Tveitt, Geirr (1937). Tonalitãtstheorie des parallelen Leittonssystems. - Oslo, Gyldendal. – 211 s.

Tveitt, Geirr (1943). Edvard Grieg og norsk folkemusikk. - I: Dansk musiktidsskrift, nr 6

Tveitt, Geirr (1955). Assimilation, variation og deformation i folkloren av importera sakral og profan melodikk : utarbeidd og skjematisert på grunnlag av eigne nedteikningar av folketonar i Hardanger av Geirr Tveitt. - Bergen, Universitetsbiblioteket i Bergen. – 43 s.

Tveitt, Geirr (1955). Edvard Grieg, nasjonaleksponent og nyskapar. I: Programboka til Festspillene i Bergen

Tveitt, Geirr. (1940). Florent Schmitt. - I: Samtiden, 1940

Tveitt, Geirr (1940). Norrøn musikkfolklore. - I: Hallo-hallo, medlemsblad med nytt gammelt / Norsk radiohistorisk forening. - 1940, nr 52

Tveitt, Geirr (1938). Norrøn tonekunst. - I: Ragnarok

Tveitt, Geirr (1938). Haakon Lie : ein skald. -I: Ragnarok

Tveitt, Geirr (1938). Den 8de nordiske musikfesten. - I: Ragnarok

Tveitt, Geirr (1938). Wilhelm Hauer : ein stor tenkjar – eit stort menneskje. I: Ragnarok

Tveitt, Geirr (1940). Offentlig musikkundervisning. - I: Ragnarok

Tveitt, Geirr (1971). Den skapande kunstnaren. I: Eivind Groven : heiderskrift til 70-årsdagen 8. oktober 1971 / red.: Olav Fjalestad. - Oslo : Noregs boklag

Tveitt, Geirr (1968). Svarte krossar. – I: Olav H. Hauge : ei bok til 60-årsdagen 18. august 1968. - Oslo : Norges boklag