Logg inn





Glemt passord/pinkode?   Registrer deg her.

Dee Dee Bridgewater: J'ai deux amours

av Anne Merete Hegrenes sist endret 2016-11-16T12:58:29+00:00 ReadSpeaker Lytt
Tre år etter Kurt Weill-heidringa This is new, kom jazzsongarinna Dee Dee Bridgewater i fjor sommar med ny plate.
Dee Dee Bridgewater

J'ai deux amours

DDB Records, 2005
Denne gongen tolkar ho franske kjærleikssongar, og plata, som er hennar 16. CD, har fått tittelen J’ai deux amours (Eg har to kjærleikar). Akkompagnert av akkordeon, bass, gitar og perkusjon, blir ein beinveges ført til Frankrike, og det akustiske lydbiletet gjev oss den velkjente franske kaféstemninga i Dee Dee Bridgewater sin eigen jazza versjon.

Medan tittelen på albumet er ein hyllest til Josephine Baker, er sjølve albumet ein manifestasjon til Frankrike som Dee Dee seier ”opna armane for ho” på 90-talet. Alle songane, med unnatak av ”Girl Talk” er opphavleg franske, og gjenspeglar ulike epokar i fransk musikk. Songane på plata er tidlegare gjort kjend av andre artistar som Dee Dee har stor ovundring for, til dømes gjorde Josephine Baker ”J’ai deus amours” medan ”La vie en rose” har vorte sunge av Edith Piaf. Trass i assosiasjonane til andre storleikar, klarar Dee Dee å gjere songane til sine eigne, og albumet vart nominert til Grammy for beste vokal jazzalbum 2005.

På midten av 90-talet, medan Dee Dee budde permanent i Frankrike, fekk ho idéen om å lage eit fransk album saman med Daniel Richard i Verve France. Dei nødvendige førebuingane i tilknyting til songval vart gjort, men plateprosjektet vart gløymd fram til 2003, då ho fekk ein invitasjon fra Derek Gordon ved Kennedy Center med spørsmål å gjere to konsertar til ære for ”Les chansons francaises”. Konsertane var ein del av ei feiring av fransk kultur i Washington D.C., og vart så godt tekne imot at det vart gjort plateinnspeling.

Dee Dee Bridgewater er ei av verdas ledande vokalistar innan mainstream jazz. Stemma hennar er varm, elegant og fløyelsmjuk, samstundes som ho har ein briljerande teknikk. Ho blir omtala som ”a woman with thousand voices”, og syng dei forsiktigaste linjer og dei mest eksplosive scat’ar med same innleving. Ho har eit stemmeregister som utklassar dei fleste, så det er berre å lene seg tilbake og la seg fange.

Bridgewater har hausta gode kritikkar for dei fleste jazzalbuma sine, men Love and peace – a tribute to Horace Silver og Dear Ella, som ho vann to Grammy for i 1997, er mine personlege favorittar.

Diskografi: