Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2016-07-29T13:43:13+02:00
Kva er dei fem beste bøkene som er skriven om tidsreisar? Science fiction-ekspert Terje Sander gir deg svaret.

Tid er eit problem for oss . Rom, masse, energi – alt dette veit vi i det minste noko om, men tida forbløffar oss stadig, mest som vi trur vi har fått eit grep på ho. Ingen veit dette betre enn oss moderne, urolege sjeler – med tusenvis av års historie samla i museum, bibliotek og i databasar over heile verda, og med spekulasjonar om ei høgst uviss framtid skingrande frå massemedia så vel som frå fiksjonsverda. Og er det noko emne som i så stor grad trugar alt vi liker å tru om oss sjølve som tidsspekulasjonar? Å plukke på berre ein liten tråd i den temporale veven er å opne for urovekkande spørsmål om røyndom og rasjonalitet, spørsmål som alltid leier tilbake til det mest fryktelege – spørsmålet om den frie vilja…

Dette har likevel ikkje hindra generasjonar av forfattarar i å la seg fascinere av fenomenet, eller i å utforske det frå stadig nye vinklar – Chicago Tribune gikk så langt som til å foreslå  opprettinga av «a Time Travel Fiction section in the bookstore (…); for the genre's aficionados at least, it would make things so much easier.» Om Bergen Offentlige nokon gong vil følgje opp denne idéen, tviler eg på, men nettopp derfor kan det kanskje vere greitt med ein kort introduksjon til nokre klassiske verk som leiker seg med tankar om tida.

5. Isaac Asimov: The End of Eternityasimov

Asimov er nok mest kjent for Robot-bøkene (mellom anna popularisert i filmen I, Robot), Galactic Empire-bøkene og Foundation-serien, som han etter kvart skreiv saman til ei enorm galaktisk historie. Men etter mi meining er den beste av romanane hans The End of Eternity, der han skildrar nokre av farane ved tidsreising. I boka møter vi Andrew Harlan, ein av dei «Evige», eit korps av tidsreisarar som vakter på menneska si historie med eit mål om å minimere menneskeleg liding. Når Harlan blir rekruttert til eit spesialprosjekt som skal sørge for at teknologien som gjer tidsreising mogleg blir oppfunnen i første omgang, blir det opp til han å avgjere om liding er ein pris det er verdt å betale for framskritt.Konstruksjonen av paradoksar og kausale løkker er ei sentral øving innan tidslitteraturen, og Asimov meistrar dette til fulle. I tillegg reiser boka interessante spørsmål om problema ved eit teknokratisk formyndarvelde, og for lesarar som set pris på science fiction med eit sosialt fokus er dette ein ypparleg inngangsport til Asimov sin forfattarskap.

4. Robert Heinlein: By His Bootstraps

Ein annan forfattar som er på sitt beste når han skriv om tid heller enn rom, er Robert Heinlein, ein av gudfedrane i den amerikanske sci-fi-kanonen. Heinlein er, som Asimov, blitt filmatisert – mange vil kanskje hugse romkrig-blockbusteren Starship Troopers, der representantar for jorda driv rasekrig mot insektliknande romvesen. I Heinleins original er det rasistiske elementet ganske openbert, og han er òg kjent for sin macho-dyrkande sjåvinisme, men i novella ‘’By his bootstraps’’ er desse elementa tona ned. I staden konstruerer Heinlein ein klassisk kausal løkke heinleinder enden er byrjinga er enden er byrjinga og så vidare, og der hovudpersonen lever mykje av livet sitt i frykt for seg sjølv. Novella er eit av dei tidlegaste døma på slik velregissert tidsparadoks-litteratur, og fortener ein plass på alle lister om emnet – sjølv om forfattaren sjølv kanskje ikkje gjer det.

3. Isaac Asimov: Tiotimolin-novellene

Som for mykje anna godt her i livet må eg takke Bing & Bringsværd for mitt kjennskap til Asimovs geniale kjemiske substans tiotimolin. I magasinet til Bergen Offentlige støver Timeglass – den første antologien i Nazar-serien deira – sikkert ned hyllene enno, og der kan ein lese ei omsetting av Asimovs andre ‘’artikkel’’ om dette stoffet – «TIOTIMOLIN – mikropsykiatriske anvendelser». 

Kort forklart strekk to av dei kjemiske bindingane til minst eitt karbonatom i tiotimolin-molekylet seg inn i fortid og framtid, i staden for i dei tre romdimensjonane, og dette gir stoffet svært interessante eigenskapar. Beste Isaac, som hadde doktorgrad i biokjemi, skreiv i alt fire slike liksom-artiklar om dette fantasifosteret – “The Endochronic Properties of Resublimated Thiotimoline”, “The Micropsychiatric Applications of Thiotimoline”, “Thiotimoline and the Space Age” og ‘’Thiotimoline to the Stars” – der han gjer greie for stadig meir originale bruksområde for tiotimolin, som altså løyser seg opp i vatn opp til 1.2 sekund før det kjem i kontakt med vatnet.

2. Michael Moorcock: Dancers at the End of Time

Inga tidslitteraturliste er komplett utan namnet Michael Moorcock – ein av dei mest produktive og særprega forfattarane innan fantasy/sci-fi-kontinuumet. For lesarar med sans for såkalla predestinasjonsparamoorcockdoksar (der ein tidsreisar drar tilbake i tid og finn ut at det er opp til han å skape den historia han sjølv hugsar) er det verdt å sjekke ut romanen Behold the Man, der ein sterkt kristen mann reiser tilbake til det romerske Judea for å møte Jesus. Til dei som set meir pris på elleville parodiar vil eg derimot tilrå Dancers at the End of Time, ei burlesk skildring av eit samfunn ved universets slutt, der dei siste menneska lever i verkeleg grenselaus dekadanse. Her er underhaldning den einaste verdien, både materielt og moralsk forstått, og dei rastlause dansarane har ingen skruplar med å reise tilbake i tid for å hente seg interessante gjestar som kan live opp kvardagen. På denne bakgrunnen oppstår den usannsynlege kjærleikshistoria mellom Jherek Carnelian og mrs. Amelia Underwood frå den strenge victoriatidas England – "a story of Jherek Carnelian, who did not know the meaning of morality, and Mrs. Amelia Underwood, who knew everything about it", som Moorcock sjølv seier i prologen til første del. For alle som liker ein dose fin-de-siecle-litteratur frå arven etter Oscar Wilde er dette eit must.

1. Kurt Vonnegut: Slaughterhouse 5, or The Children’s Crusade: A Duty-Dance with Death

Og på toppen (eller snarare botnen) av lista tronar sjølvsagt ein av dei store meistrane i moderne amerikansk litteratur. I det vonnegutsom kanskje er den høgst verdsette av Vonneguts bøker, møter vi Billy Pilgrim, som har blitt "unstuck in time" og opplever (og fortel) livet sitt utan kronologisk samanheng – eller annan samanheng. Skjebne, fri vilje og det uunngåelege er Vonnegut sine tema her – som i mykje anna han har skrive – og historia er sentrert omkring forfattaren sine eigne opplevingar som soldat i andre verdskrigen, særleg brannbombinga av Dresden. Det er aldri godt å kjenne segslaughterhouse5 sikker på kva Vonnegut sjølv meiner om spørsmåla han tar opp, men for ein desillusjonert relativist er det lett å leve seg inn i det fatalistiske perspektivet til Pilgrim, som fortel historia si frå utstillingsplass i ein framandarta dyrehage på planeten Tralfamadore, der innbyggjarane ikkje skil mellom fortid og framtid. Dei opplever den fjerde dimensjonen som ein heilskap der alt eksisterer samtidig, og bryr seg derfor lite om krig, død eller at universet går under.

 "I've visited thirty-one inhabited planets in the universe, and I have studied reports on one hundred more. Only on Earth is there any talk of free will", seier ein av Tralfamadorianarane til Billy Pilgrim.

Skal ein seie dessverre – eller heldigvis?

 

TERJE SANDER