av admin sist endret 2019-08-08T11:31:28+01:00
Den 9. oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg har kontortid, sit med PC’en, fram til 12.00 kvar dag. Alle dagar, viss det ikkje er noko heilt spesielt. Julaftan som 18. mai. Då likar eg ikkje å bli forstyrra. Etterpå noterer eg gjennom heile dagen. Særlig når eg går tur. Spelar eg mine kort rett, og ikkje blir stressa eller sløv, kan eg notera fornuftige ting til langt på kveld, like til eg sloknar. Desse notata blir registrert, sortert, finpussa gjennom kontortida neste morgon. Og om natta… Draumane er sjølvsagt sjølve grunnlaget. Det er dei eg jobbar vidare på når eg vaknar. Eg reiser heller ikkje nokon plass utan at det er sikta inn mot skriving, eg veit etterkvart instinktivt kva som vil inspirera meg. Sånn sett er alt – eller ingenting - jobb.

Kva er bakgrunnen din?

Eg skreiv fordi eg likte det. Så skreiv eg fordi eg måtte det. Så blei det så blodig alvor at der ikkje fanst nokon veg utanom, bokstavelig tala. Eg brukar å seia eg skjøna kva eit dikt er våren eg fylte 20. Eg låg sjuk, med eit par bøker av Jan Erik Vold på nattbordet. Eg er ikkje ”utdanna forfattar”. Eg gjekk lærarskolen i si tid, fordi det einaste eg kunne var å gå på skolen. Eg jobba som lærar i 15 år, eg burde ha slutta i alle fall fem år før. Det forstyrra sjølvsagt skrivinga.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med, og gir det meining for deg å litterært snakke med denne familien ?

Eg lærte å skriva ved å lesa Jan Erik Vold, Arild Nyquist, Eldrid Lunden, Gunnar Lunde, Paal-Helge Haugen, Kolbein Falkeid, Helge Torvund. Ja, og Alf Prøysen. Ingvar Moe, Ragnar Hovland... Ja, eg kjenner meg ”i slekt” med dei såkalla ”Sunnhordlandsforfattarane”. Viss eg får lov? Sjølv om eg beviselig er frå Stavanger. Eg budde dei fem viktige åra frå 20 – 25 på Stord, i Fitjar, i Bergen og i Haugesund. Det kan ha med dette å gjera. Og med dei musikalske, slentrande, forteljande, sorgmuntre 70-tals poetane. Gjennom dei blei eg òg kjent med dei gamle japanarane og kinesarane. Eg likar dikt som er konkrete og presise. Med himmel over. Reint ordgyteri gir meg lite. Når det gjeld siste del av spørsmålet: Jau, meining gir det, og eg kjem i mitt virke sjølvsagt borti situasjonar der eg må skriva og snakka om litteratur med andre litteratar. Men eg likar det lite. Slikt går mye på gehør, på gefuhl. Og eg synest der er vanskelig å setja ord på det. But I know what I like. Då Arild Nyquist blei spurd av VG kva han meinte om debatten rundt boka hans ”Nå er det jul igjen!”, svara han ”Jeg synes diktene er fine, jeg”. Godt svara, spør du meg. Eg kan nok ha skrive eit dikt som ei ”helsing” til ein poet. Men aldri for å få vedkommande i tale. Eller noko. Eg vel ikkje sjølv kva eg vil skriva om. Eg skriv dei dikta eg ser.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det er det eg må gjera, det er det einaste eg kan, det er alt som er. Det er som med den nattlige draumen. Det er der eg finn den vesle frelsa, lyftet, eg treng for å komma vidare. Det gir ikkje bare ”meining” for meg. Det er blitt sjølve ”vitsen” med meg. Det er sikkert ikkje viktig for særlig mange andre. Eg trur ikkje norsk litteratur ville sakna meg om eg hadde halde fram som lærar til pensjonsalderen. Eg brukar å seia at eg finst ikkje ”viktig” i det heile tatt, men eg er sabla ”god”. Det skal eg ha.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Det er alltid stort når du føler du får det til. Ein får gjerne eit par slike lukkestunder pr. dag. Til dømes når ein går tur, og den floken ein har strevd med brått løyser seg. Elles er det som skjer inni hovudet når ein skriv så privat at det ikkje går an å dela med nokon, det blir som med draumane. Ingen er interesserte heller.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Alt eg skriv er ”sanning”. Alt er sjølvopplevd. Eg kan ikkje hitta på noko. Vil ikkje heller. Men det er klart; all ”sanning” er individuell. Alt me ser, ser me heilt åleine. Men det gjeld å vera presis, slik at dei som eventuelt les ser ”noko”, om ikkje nett det same. Elles har kollega Eva Jensen rett når ho seier ”Ventar eg lenger med å fortelje, blir historiene mine endå vakrare”.