Intervju med Ingrid Bjørkum

av admin sist endret 2018-12-19T13:41:51+02:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Arbeidsdagen min er 100% jobb som ass. fylkesmann i Sogn og Fjordane. Skriving blir det kun på kvelds- og helgetid.

Kva er bakgrunnen din?

Eg har alltid likt å lese og skrive, dikta opp historier både munnleg og skriftleg frå unge alder. Teikna og teksta lange teikneseriar. Medlemskap og skrivekurs i regi av Sogn og Fjordane skrivelag førte til debuten.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg har mest skrive for born og ungdom, men er ikkje fjern for å skrive for vaksne heller . Eg har også skrive fagartiklar/kronikkar. Om det gir meining "å litterært snakke med..." veit eg ikkje heilt. Men eg kunne til dømes godt tenkt meg ei erfarings- og skrivesamling saman med meir og mindre røynde forfattarar.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Som sagt - lysta til å skrive har alltid vore der. Det er ein måte både å få utlaup for og gjødsle fantasien. Det tilfredsstiller også eit behov for å rydde og formulere tankar og idear, gjere noko klarare for meg sjølv og kanskje formidle noko til andre. Å skrive avlar meir skriveglede og fantasi. Det har stor meining. Ein skrive-kollega sa ein gong til meg at "du må fortsetje å skrive, elles får du eit svart hol inni deg". Det er veldig sant. Det er viktig å bruke evnene sine, elles kjem kjensla av tomheit og meiningsløyse.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Det var stort å få klarsignal for debutboka - med beskjed om å skrive ferdig til då og då. Då var energien og kreativiteten på topp! Det same då NRK ville lage høyrespel av to barnebokmanus eg hadde fått i retur frå forlaget. Det å få noko antatt eller på trykk har alltid inspirert meg til å skrive meir. Eg likar å ha eit mål, gjerne ein tidsfrist, jobbar best under litt press.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Omgrepa biografi og minne... Tja - eg les sjeldan biografiar. Minne er derimot svært viktig for meg. Eg hugsar svært godt frå barndom og ungdom - hendingar, personar, kjensler, tankar... Det brukar eg aktivt i skrivinga. Skrivinga får i seg sjøl fram fleire og klarare minne. Det er spennande.