Intervju med Kolbjørn Hauge

av admin sist endret 2019-08-08T13:05:25+02:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg er pensjonert lærar, så eg har vel litt avslappa forhold til arbeidsdag og arbeidstid. Men hjernen min er alltid smidigast grytidleg på morgonen, så eg går aldri til sengs utan notatblokk på nattbordet. Vaknar gjerne i 5-tida om morgonen og noterer. Og eg prøver alltid å skriva litt kvar føremiddag, frå klokka 9 og utover. Om kvelden er eg lite kreativ.

Kva er bakgrunnen din?

Kontakt med skriving fekk eg først då eg underviste på Stavanger lærarhøgskole, og var forfattar og medforfattar til fleire fagbøker. Dette førte og til at kona mi og eg skreiv ei bok som ligg i grenselandet mellom fag og skjønn: ”Historien om hvordan lydene fikk bokstaver” (Skriftserien, Stavanger lærarhøgskole, 1986. Ei hjelpebok for lærarar i den første leseopplæringa). Denne er no modernisert og oppdatert og blei gitt ut på ny 2001 av Senter for leseforsking ved Høgskolen i Stavanger (både nynorsk og bokmål). Boka er berre å få kjøpt der.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg kjenner meg i slekt med det meste av litterære ytringsformer. Men eg må nok vedgå at når det gjeld prosa, set eg pris på god forteljekunst og at teksten har forståeleg handling både på det ytre og det indre planet.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Eit vanskeleg spørsmål å svara på. Men først eit lite dikt av Stavanger-forfattaren Charles Racine Bergesen (1922-1996):

I speilet/ hos frisøren/ ser jeg et ansikt

det ligner/min fars

ham kjente jeg/ heller ikke

I tilleg til alle grumsete motiv (bli kjend, omtykt, respektert, tena pengar osv osv) er det ingen tvil om at det verkar som rein terapi å få laust flytande tankar forma til ord på papir.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Åja! Etter fleire omarbeidingar av manuset til ”Heit juice”, blei eg til slutt refusert i det forlaget eg hadde hatt kontakt med. Då sende eg manuset inn til Aschehougs konkurranse om beste norske spenningsroman, og vann førsteprisen mellom 30-40 bidrag. Glimrande kritikkar, bokklubb, 100 000 i premie og omsetting til svensk og dansk var eit godt plaster på såret.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Eg har ein mistanke om at biografar og andre som skriv minne, ofte tolkar både miljø og personar temmeleg subjektivt. Eit eksempel: Eldstebror min – Alfred Hauge – har skrive minnebøkene ”Stor kar – son til far”, ”Barndom” og ”Ungdom”. Eg har skrive den vesle ”Grøne øyar – blå fjord”, der eg fortel om mine barndoms- og ungdomsopplevingar. Det er ikkje vanskeleg å sjå at sjølv om bøkene nok har ein viss likskap, så er dei likevel temmeleg ulike.