Intervju med Thore Eithun Helland

av admin sist endret 2019-08-08T11:56:50+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg begynner dagen med å lese Aftenposten, før eg reiser til Akersgata 59, der eg jobbar i Kommunal- og regionaldepartementet, Bustad- og bygningsavdelinga, som rådgivar. Eg er utdanna jurist frå Universitet i Bergen. Eg har vore med på fleire større lovarbeid, mellom anna ny lov om husleigeavtalar og nye burettslover. Det vil seie at eg skriv mykje i jobben i departementet.

Etter at eg er heime igjen, kanskje i 1900-tida, kan eg setje meg ned framfor datamaskina heime og skrive ein time. Det kan også hende at eg ser på fjernsynet, går og trenar, for så å avslutte dagen med å skrive frå ein halvtime til ein time.

Det blir såleis lange kvardagar. I helgane blir det også ei økt med skriving heime. Ein time på laurdagen og ein time på søndagen.

I samband med at eg gjorde ferdig den første romanen min i vår, tok eg fri i periodar for å kunne sitje heile dagar med arbeidet mitt. Då kunne eg jobbe frå klokka var ni og fram til klokka var tre, med ein innlagt pause. Så jobba eg utover ettermiddagen og kvelden eit stykke.

Kva er bakgrunnen din?

Det første eg heldt på med av kreative syslar var å skrive tekst og melodi til dei rockebanda eg var med i den gongen eg var tenåring. Frå eg var 13 til eg var 19 hadde eg laga til om lag 100 melodiar. Ved sidan av å øve med bandet, blei det ikkje så mykje tid til lekser og andre ting, som til dømes damer eller mekking av moped. Eg spelte gitar, munnspel og var vokalist.

I studietida begynte å skrive dikt, mest humoristiske, men nokre med alvor.

I studietida skreiv eg også ei særavhandling. Det vil seie ei slags hovudoppgåve i tillegg til å ta embetseksamen. Som rettleiar hadde eg professor Kåre Lilleholt. Han pressa meg til å skrive ein tekst om igjen og om igjen. På den måten fekk inn i fingrane korleis ein god tekst skulle vere. Slik merka eg også at eg hadde eit visst talent for skriving.

Etter kvart utvikla skrivinga seg til også å gjelde fritida. Eg begynte å skrive kortare tekstar, og eg prøvde meg med ei diktsamling, som dessverre blei refusert fleire forlag.

Etter at eg var ferdig å studere, skreiv eg ei novellesamling, som blei refusert. Eg la den til side og begynte i staden å skrive ein roman. Etter kvart hadde eg kjøpt meg ein del lærebøker i korleis ein skulle skrive skjønnlitterære tekstar. Av desse bøkene – som eg stadig les i – har eg lært mykje.

Eg har også gått på skrivekurs her i Oslo, hos Berit Hoff, som sjølv er forfattar. Berit Hoff gav meg god tilbakemelding, og sa at ho meinte det berre var eit tidsspørsmål før eg fekk gitt ut nokon. Ho fekk rett til slutt.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg kjenner meg sjølvsagt i slekt med heile den norske litterære tradisjonen. Dette kan gjelde forfattarane i Samlaget, som Ragnar Hovland, Jon Fosse, Frode Grytten og andre. Klassikarane har også vore viktige for meg. Høgst av dei alle står Knut Hamsun og Olav Duun, litterære gigantar begge to. Ibsen har ikkje påverka meg like mykje, men så langt har eg ikkje skrive for teater, iallfall ikkje noko som kan brukast. Andre vil vere Johan Borgen, Sigurd Hoel, Agnar Mykle og Vegard Vigerust.

Eg kjenner meg også slekt med nordiske forfattarar som Einar Mar Gudmundson, Gøran Tunström og Arto Paasilinna. Samtidig som eg også er påverka av forfattarar som Paul Auster, Ivan Klima, Milan Kundera, Nick Hornby og Hanif Kureishi.

Det er likevel nokre forfattarar som har påverka i måten eg bygger opp scenane mine på. Det gjeld fleire amerikanske kriminalforfattarar. Dette er særleg Michael Connelly, Lee Child og Steve Hamilton. Vidare har eg lest mykje av George P Pelecanos, Elmore Leonard, Dennis Lehane og James Ellroy. I bøkene deira er det alltid mykje å lære, om dette gjeld plottoppbygging, karakterskildring eller skarp dialog.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det å skrive er for meg det same som å skape, det same som å bruke kreativiteten. Eg trur at eg ikkje ville ha kjent meg som eit helt menneske dersom eg ikkje fekk bruke kreativiteten til noko. Difor har eg nesten alltid halde på med kreative sysler.

Det å få bruke dei kreative evnene synest eg er med på å skape meining i tilværet. Det er god bruk av livet på. Det er også ein måte å leve fleire parallelle liv på, eitt eg har sjølv, og eitt som hovudkarakteren har. Dessutan kan eg leve livet fleire gonger.

I tillegg til det kreative elementet her, har eg nok også eit kommunikasjonsbehov, som eg no får stetta ved å få gi ut bøker.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Eg synest det er vanskeleg å kome på ei konkret oppleving.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Eg prøver å skrive ein liten biografi om alle karakterane eg brukar. Dette er ein måte å bli kjent med dei på. Dette er ein måte for å få dei til å bli tredimensjonale. Får dei ikkje form, blir karakterane liksom flate, og det blir vanskeleg å få lesaren til å tru på dei.

Eg brukar også minnebitar frå mitt eige liv. Ein slik bit kan eg bruke direkte, eller eg kan ta utgangspunkt i han og bruke det biletet eller den kjensla biten gir til å lage ei konkret scene eller utvikle ein sekvens mellom scenane.