av admin sist endret 2019-08-09T12:25:41+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Arbeidsdagen min startar mest mulig presis klokka ni. Om morgonen. Lunsj klokka halv tolv. Første økt ferdig ca halv tre. Eg lever av skrivinga, og må halde streng arbeidsdisiplin. Ei mulig økt nummer to om kvelden, men i motsetnad til mange av mine skrivande kolleger, er eg ingen arbeidskar om natta. Det er ein av grunnane til at eg må ha skrivetid på føremiddagen og altså ikkje kan ha fast dagjobb. Eg har tilleggsjobbar som teaterinstruktør på kvelds- og helgetid, og held i tillegg skrivekurs. Det gjer godt for lommeboka og for den sosiale delen av sjela.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg har hatt ei rekkje ulike forfattarheltar, men dei eg alltid vender tilbake til er Dostojevski, Kafka og Cervantes. Eg føler meg i slekt med irsk lynne og humor. Den ukjende forfattaren av verdens eldste nedskrivne epos - Gilgamesh - skulle eg gjerne ha samtalt med. Eg gjer det av og til sjølv om det er tre tusen år sidan han levde. Vi manglar nemleg slutten på eposet hans.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Skrivinga - og all kunst - er ein måte å prøve å lage orden i kaos på. Det er livsnødvendig å få eit slags orden i kaos - altså er det livsnødvendig å skrive.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Eg låg til sengs med isjas, men hovudet var klårt, og eg skreiv på eit historisk drama - Songen ved det store djup - eller Kinnaspelet. Hovudpersonen, den unge kvinna Borni, var død, og eg var sikker på at det heile måtte bli forferdeleg tragisk og utan håp. Då såg eg, for mitt indre auga, ei lita tiggarjente som kom gåande inn på scenen. Ho tok - på underfull barnleg, og litt småfrekk og veslevaksen vis - saka i sine eigne hender og gjorde seg sjølv til eit nytt liv og eit nytt håp for dei sørgande foreldra til Borni. For heile det vesle bygdesamfunnet som nett hadde fått føle reformasjonens maktovergrep. Det berre skjedde framfor augo mine. Det var ei stor skriveoppleving.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Det er veldig greitt å setje levande nåtidspersonar og klåre biografiske trekk inn i fortlejingar og drama frå fortida. Der står ein nærast fritt til å skalte og valte med det menneskematerialet ein har rundt seg - og inni seg. Langt meir problematisk er det sjølsagt å bruke nåtidspersonar og - hendingar i nåtidsforteljing og -drama. Det kjennest tydelegvis mykje verre å bli gjenkjent i ein roman mellom to permar enn i den romanen som kvar dag står i avisa. Journalistar kan kvar dag skrive romanen om våre liv og selje den til oss, og vi elskar å kjøpe den. Ikkje dårleg. Eg ser på ei kvar såkalla biografisk framstilling som meir eller mindre dikting. Det er uansett umulig å skrive den fullstendige, objektive og "sanne" forteljinga om livet.