Intervju med Magne Myhra

av admin sist endret 2018-12-19T12:42:03+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Morgon. Etter ei økt med avislesing og hagearbeid (når det er høve til det) byrjar eg skrivinga med å arbeide med notater frå kvelden før. Eg prøver å leite opp att tankar eg forlet; stundom lykkas det, men som oftast blir det nye tankar som dukkar opp. I depresjonsperioder brukar eg føremiddagen til å lytta til musikk.

Etter ein frisk ettermiddagstur held skrivinga frem til klokka ca. 23.00, med en pause for Dagsrevyen. Kvelden avsluttar eg med ein låt på pianoet og med ein halv time meditasjon.

Kva er bakgrunnen din?

Etter ein uvanleg barndom har eg rikelig stoff både til dikt og prosa. Eg tenkte alt som smågut at eg ville bli forfattar, og ennå synes eg at eg berre er i byrjinga. I periodar har eg diverre balt med skrivevegring.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det som driv meg til å skrive er ell urettferd i fortid og notid. Målet mitt er ikkje først og fremst å skape, men å gjenskape. Mi oppgave er å rette opp att urettferd. Eit dikt heiter ”Harmen brenn alltid i blodet mitt” og det kan gjerne stå som overskrift over storparten av mitt forfattarskap. Når det gjelder lyrikken, har eg eit sitat av William Faulkner i minnet, der han seier at diktarane ikkje må gløyme det all stor diktning er opptatt av:”Menneskehjertet i kamp med seg selv”.