av admin sist endret 2019-08-12T11:48:21+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Arbeidsdagen min varierer etter prosjekta eg jobber med. Stort sett skriv eg når eg er åleine i huset. Men jobber eg med ei historie som involverer urokråker, villbassar og nattedyr, må eg av og til opp for å roe dei ned. Då hender det at eg skriv i dunkelt akvarielys mens forvilla flaggermus klaskar mot rutene. Arbeid er alt som gir puls og kreativ meining. Det kan involvera overraskande samtalar med venner eller romanfigurar i nød, voldsomme dagdrømmar og slangetilværelse på terassen. Med ei bok. Eller surfing på internett, studier av rå rockevokalistar, fotball-VM, leiting i synonymordboka, deklamasjon av Odin på originalspråket eller eigenterapitimar på sofaen med diktafon. Og så gjeld det jo sjølsagt å få skrive det ned.

Kva er bakgrunnen din?

Eg voks opp i skogen på Osterøy. Barndommen var fri og heftig, eg utfordra skjebnen og overlevde. Så vidt. Til kvelds bles mor mi i fløyta, så gjekk eg inn. Saman med mine fem søsken. Skrivinga er eit kupert landskap. Som hud i puberteten, det er berre å trykke litt, så tyt eit eller anna rart ut. Eg reknar med at det vart slik fordi alt var så skeivt, humpete og bratt då eg var liten. Skrivinga voks ut or tyrefekting i utmarka, fjellklatring på knausane, iglefiske i Brakvatnet, bålkveldar med hekseri på Brakestøl, spionasjeutflukter til Bulla-huset, svaieturar i toppen på bøken vår - og slike landlige ting.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Dei eg kjenner litterært slektskap til, er forteljarane. Eg tenner alltid bål framfor meg når eg skriv, og sitt midt inne i ein ring av store, blanke auger. Utan tilhøyrarar kan eg like gjerne dra ut kontakten.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

Dersom de lurer på om eg er opptatt av forfattaren bak forfattarskapet, så er eg det. Eg er sjøl ein forteljar og eg ser forteljaren framfor meg. Det er ein del av underholdninga å fundera på kva som rører seg i skallen til den som har skrive saker og ting ned. Begrepet ”minne” forheld eg meg til som noko eg er avhengig av, men også uavhengig av. Det er råstoff som kan eltast – alt er minne. Frå netter eller dagar. Det gjeld berre å forstørra litt.