Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Hannah and Her Sisters

av Agnes Ravatn — sist endret 2019-08-02T08:13:50+01:00
I det store og heile handlar Hannah and Her Sisters om kjærleik og forelsking, ekteskap og samliv; alle gledene, og alle vanskane, - om at det meste ikkje blir som ein hadde tenkt seg, og om at det sjeldan finst gode løysingar på dei problem ein måtte ha.
Woody Allen

Hannah and Her Sisters

MGM Home Entertainment, 1986, USA

I filmen Husbands and Wives frå 1991 speler Woody Allen ein forfattar som er kjend for sine ”funny, sad stories”. Denne filmen, som kom fem år tidlegare, er nettopp det: ei morosam og trist historie. Alle personane og historiene ein møter i filmen kan knytast til tre søstre: Hannah (Mia Farrow), Holly (Dianne Wiest) og Lee (Barbara Hershey). Hannah er talentfull, varm og sympatisk på grensa til det uuthaldelege. Ho er den samlande personen som alle er avhengige av. Holly, på si side, har uordna forhold på dei fleste frontar, både når det gjeld menn, økonomi og arbeid. Ho har ein tendens til å rota det til for seg sjølv, og i tillegg ei fortid med rusproblem. Lee er saman med den svært lidande og misantropiske kunstnaren Frederick (Max von Sydow), og som for Holly fungerer Hannah som eit fast anker i eit rotete tilvære.

Også Michael Caine er med, i ei herleg rolle: den poesielskande økonomen Elliot, gift med Hannah, men som oppdagar at han er akutt og altoverskyggande forelska i Lee. Han gjer alt som står i si makt for å greia å kombinera dette med ekteskapet sitt, og då ekteskapet kjem i ubalanse får det ringverknadar for alle relasjonane i filmen. I ei historie litt på sida av hovudhandlinga har Woody Allen gitt seg sjølv rolla som Hannah sin eksmann, Mickey Sachs, ein hypokonder i tv-bransjen som blir besett av dødsangst då han får mistanke om at han har hjernesvulst. Då det viser seg at han er heilt frisk, kjenner han seg endå dårlegare, han seier opp jobben sin og svinsar rundt i New York på jakt etter ei djupare meining med livet, samstundes som han leverer frå seg ei rekke klassiske one-liners.

I det store og heile handlar Hannah and Her sisters om kjærleik og forelsking, ekteskap og samliv; alle gledene, og alle vanskane, - om at det meste ikkje blir som ein hadde tenkt seg, og om at det sjeldan finst gode løysingar på dei problem ein måtte ha. Heile filmen ber i seg ei unik stemning, den ligg heile tida og vippar mellom det tragiske og det komiske, og inneheld alt som kjenneteiknar ein god Woody Allen-film: gode dialogar, vakker musikk (med Rodgers/Hart-klassikaren Bewitched som gjennomgangstema), nydelege bilde frå New York, poesi og filosofi, og ikkje minst store Thanksgiving-måltid. Eg ser denne filmen ca. sju gonger i året, men prøver å trappa ned.