Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Antropologiske filmperler: Nanook og Historien om den gråtende kamel

av Sigrid Furnes — sist endret 2019-08-02T07:59:32+01:00
Sjølv om Nanook skildrar ei tilbakelagd tid, formidlar begge filmane allmenne verdiar og haldningar som vi i vårt moderne samfunn kjenner att, men ikkje alltid finn i den travle kvardagen vår.
Robert J. Flaherty

Nanook

Classic Cinema, 1922, USA/Frankrike

Filmane Nanook og Historien om den gråtende kamel kan godt vere utgangspunktet for diskusjonar kring sjangeren dokumentarfilm. Men dei kan óg berre nytast. Av dei som har lete seg fascinere av skildringane til Fridtjof Nansen og Roald Amundsen om livet til inuitane i det barske isaudet i nord, eller av ryggsekkturistar som aldri kom seg til Gobi-ørkenen for å oppleve kvardagen til nomadane der.

Nanook var ein sensasjon då den vart vist første gong i 1922. Den skildrar livet til inuiten Nanook og familien hans, om korleis livet kan levast utan materielle middel i eit av verdas tøffaste klima. I ei verd av snø og is, spikar Nanook leikar av is til borna sin, og ein av dei få eigendelane dei eig, er ei gryte til å smelte snø i.

Det er fleire parallellar mellom desse to filmane, og Robert J. Flahertys Nanook var ei inspirasjonskjelde for den italienske regissøren bak Historien om den gråtende kamel. I denne filmen møter vi ein nomade-familie i utkanten av Gobi-ørkenen, og ikkje minst ei kamelmor og den nyfødde kamelungen hennar. Samhaldet og samspelet mellom familiemedlemmene, og mellom menneske og dyr er nært og godt.

Sjølv om Nanook skildrar ei tilbakelagd tid, formidlar begge filmane allmenne verdiar og haldningar som vi i vårt moderne samfunn kjenner att, men ikkje alltid finn i den travle kvardagen vår.