av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2017-06-21T09:32:52+01:00
Lurer du på hva Frode Grytten og Kristina Leganger Iversen skal lese på svabergene i sommer? Og hva de anbefaler deg å lese?


1. Hva skal du selv lese i sommer?
2. Hva anbefaler du andre å lese?

 

Frode Grytten

1. Eg tenkte å lese Dublin-forfattaren Nuala Ni Chonchúir si novellesamling Mother America som kjem ut i juni. Eg har lese dei tidlegare bøkene hennar og gler meg til denne, fin forfattar. Og så kjem vel James Kelman med ein ny roman, trur eg nok at han gjør, Mo Said She Was Quirky kjem i august.
 
2. Les Graham Greenes Brighton Rock. Ikkje sjå filmen, ikkje sjå filmen, les boka.
 
 
 
 
 

Kristina Leganger Iversen

1. Masse lyrikk! Lyrikk er for meg den perfekte sumarlektyren. Lett å ta med, lett å bla i, lett å lese, litt av gongen. Eg kjøpte ein del diktbøker i vår som eg gler meg særskilt til å lese, og mellom dei er Eg treng tid til å sakna deg av Charlotte Riise, Hvis trærne av Vilde Heggem og Til kjærlighetens pris av Ingrid Storholmen. Dessutan har eg spart ein megabok, nemlig Blonde avKristina Leganger Iversen Joyce Carol Oates, til å ta med på fjellet og dykke ned i ei veke.
 
2. Eg vil gjerne tilrå to nydelige diktbøker, nemlig Loveprosjekt av  Inger Bråtveit og Cecilia Hansson, og Det er ikke vår, det er global oppvarming av Rune F. Hjemås. Loveprosjekt er dikt om kjærleik, erotikk og begjær, skrivne av to fantastiske forfattarar. Dikta står i dialog mot kvarandre, vekselvis på norsk og svensk, og det er som å vere kasta inn midt i eit kjærleiksforhold. Det er ikke vår, det er global oppvarming er ein var og rastlaus diktsamling om å vere ung, forelska og på reise gjennom verda. Begge to er utruleg fine. 
 
 
 
 

Publisert første gang i 2012.