av Alf Kåre Blindheim sist endret 2016-09-17T00:34:46+01:00
Kvar veke vert du servert ein ny liten kvessar; ein liten smakebit av Olav H Hauge sitt forfattarskap. Eit dikt, nokre linjer frå eit dikt, eller ein aforisme. Vi har den draumen at du vil bli med oss inn i Hauge si verd. ”Etter strevet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers”.

Kvessar #49

Vi hadde den draumen

at du skulle bli med oss

inn i Hauge si verd

at Parkerpennen skulle ta deg med

heilt til Kina

for å fanga dragar

at du skulla finna askespyd på Sponheim

og innta Miklagard

at du skulle sjå skautet på Vassfjøro,

men og eit fjon, eit lauv, eit janglestrå rundt tunet

for der ligg katten

vegvisaren

til elva bortom fjorden

som dett

og dett

og

d

e
t
t
mellom alle fjella og berga og nutane
ned i den tronge fjorden
så vi får lyst til
å setja oss på teppet som ho Bodil har vevd
og berre fjuka til eit blomstrande japansk kirsebærtre
eller heilt bort til Lu Chien.
Men vi har så fin duk på bordet
at vi må først
laga eit dikt
helst eit nytt kvar dag
om alle stjernena
som blinkar og funklar og glitrar og blikrar
på himmelkvelven som syg tunge stjerneklasar.

Likevel er det så lite vi rekk

når det kjem til stykket.

Vi kan alt høyra kolven i klokka.

Revebjøllene ringjer dei siste

raude klokkena

og vi rekk ikkje å sjå

over dei brukte ljåane

for no er det ikkje meir blekk

i Parkerpennen.

Den siste kvessaren sprengjer på

som ei frisk boble i siderflaska.

Vi håper han luktar

av frisk jord og nykløyvd ved.

Det er så mykje vi skulle

vist deg;

både lauvhytter og snøhus

blinken på løeveggen

som berre ventar på at du skal spenna bogjen.

Men flaskeepla er borte;

vi er tross alt på 61 grader breidd.

Men vi kan ikkje visa deg alt

på ein gong.

Vi lyt gjera som desse slue kvinnfolki:

Berre visa

lite vetta

om gongen.

Men vi skal først

helsa på gamle Leartes

skriva nokre kinesiske vers

og etter strevet steikja litt flesk

før vi sjekkar om vinteren

har gløymt att kvite kyr

i fjella.

Når vi heilt til slutt
justerer eit komma
flyttar ein tankestrek
er vi klar for punktum finale:
Opn mine augo, Herre
so eg betre kan sjå
underet, ikkje berre
avglansen utanpå
for
ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå…

 


Kvessar #48

Eg starta desse kvessarane med katten som vegvisar inn i Hauge si verd. Eg trur det var eit godt val; for skal du forstå Hauge er det ikkje nok å kunna all verdas litteraturteori. Det er ikkje nok å kunna eit tonn med filosofi. Det er ikkje nok å kunna sin Shelley, Browning, sin Duun eller Jan Erik Vold. Du må kunna katten. Katten vert aldri forutsigbar. Kattefilosofien lar seg ikkje tøyla inn i noko skjema. Katten finn sin eigne vegar. Men –”snakk aldri til katten når han er på rov – han let seg ikkje rikka – veidehugen er vekt, han er berre gir og spaning og vakt.”(Dagbok hausten 1952)

I desember 1988 filosoferer Hauge i dagboka over alder:
”Gamle kattar skal vera filosofiske, segjest det. Ungkattar er granskarar og uppdagarar, meir enn ungar som me reknar til folkerasen. Med tidi vert dei sljoe som alle andre, ser ikkje noko meir å undra seg på. Me vert kloke og filosofiske alle med åri, kattane og.”
Ein hund kan dresserast til å gjera ulike triks. Katten gjer som han vil, særleg med år og visdom: ”Du lære ikkje ein gamal katt å lepja mjølk.”

Eg har i kvessarane vore lite innom Hauge sine omsetjingar av dikt. Han lærde seg sjøl tysk og fransk og streva på med å setja om. Han blei spurd om kvifor han ikkje heller omsette frå svensk og dansk som måtte vera lettare for ein utan formell skulering i framandspråka:”Ein treng ikkje tyggja maten til katten” . Svensk og dansk burde folk forstå. Dessutan vert omsetjinga aldri som originalen. Men katten er original og la oss følgja Hauge sitt råd:

Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

Diktet ”Katten” finn du i samlinga Dropar i Austavind frå 1966. Sitata er henta frå Dagbok Band I, hausten 1952 og Band V, 1.12.1988, samt Olav H. Hauge og bygda av Arne Skjerven og Steinar I. Bergo.


Kvessar #47

I dagbøkene filosoferer Hauge ein del over ytre vilkår for dikting. I romjula 1986 ser han dette i krystallkula:
”Eg veit at det beste som er skapt av dikting i verdi har kome til i skumti eller um natti, og skrive ned i talgljos. Elektrisk ljos skapar ikkje dikt.”

Då kan ein berre tenka seg kva makkverk ei elektrisk skrivemaskin, for ikkje å snakka om ein PC med alle sine grufulle finesser, har påførd litteraturhistoria. Eit lite forvarsel sende han ut i dagboka 6. januar 1958:
"Her sit eg då og skal liksom vera forfattar. Har endåtil fenge meg eit stygt spetakkel av ei skrivemaskina på bordet. Eg som fyrr har gjort all skrivingi på eit kladdepapir på sengestokken eller på ei fjøl ved høvelbenken."

Men dette spetakkelet av ei skrivemaskin tok ikkje knekken på diktaråra. Mange av dei kjende og kjære dikta kom etter 1958. Siste eige dikt i Janglestrå vart ”Bladi losnar”. Diktet handlar om bjørka som let vinden fyka avgarde med haustblada i ein eingong. Eika derimot set blada seint om våren, men syg næring til siste slutt og slepper dei eit og eit seint på hausten. Ikkje ulikt eit menneske som får oppleva ein lang alderdom.

Kva skriveredskap kunne han så stola på? Kva skriveredskap fekk fram det beste? I samlinga Spør vinden frå 1971 kjem svaret.

I Parkerpennen
I Parkerpennen er mange vers, ein heil kilometer,
og i blekkhuset er endå fleire,
mange mil. Papir
kjem i posten, rekningar, reklame, skjema
som skal fyllast ut.
Eg ser framtidi trygt i møte.

Sitata er henta frå Dagbok Band I, 6.1.58 og Band V, romjula 1986. Diktet ”I Parkerpennen” finnes i samlinga Janglestrå frå 1980.

 


Kvessar #46 (Stjernekvessar)

Det er så mykje billys, det er så mykje gatelys, neonreklame og huslys. Det er så mykje menneskelys at stjernene har bleikna. I New York har dei slukna heilt, men kjem du deg litt ut på landet der veglysa manglar, byrjar himmelen å likna seg sjøl. Himmelen byrjar å likna den som Olav H. Hauge såg. Den som Hauge plasserte ein sagbukk under. Ein bulsterk sagbukk som står klar til å ta i mot stokkar og sag.

”Sagbukken” siste verset:

Gud vite kva natti
fortell han,
Gud vite
kva han grundar på
der ute under stjernone.

Men det er ikkje alltid nok med desse daglegdagse tinga. Det er ikkje nok med ein hoggestabbe og ein sagbukk. Det er ei tid for dei store einingane. Hauge stod i tunet og i horisonten kan skimtast eit fjell som liknar ei ørn klar til å fjuka.

”Til eit fjell” – siste verset:

du var ei ørn
som venta på solkoma, flogbudd.
No har du falda dei breide vengene
attum skogtoppane. Og skymingi
og stjernone er dine
.

Hauge var ein ”stjernediktar”. Det er ikkje få stjerner han strør rundt i samlingane sine. Også månen i sine ulike fasar høyrer med i dette biletet. I dagbøkene på 1950-talet er han skeptisk til kappløpet om å landa først på månen. Mennesket har til alle tider spunne myter og sagn om månen. Men kva ville skje når mennesket fekk sjå baksida av månen? Ville det koma noko godt ut av slikt? Når framsteget tok vegen til baksida av månen, ville månemannen aldri bli den same. Men stjernene har Hauge fått ha i fred, og ”stjernedikta” vil glitra vidare utan innblanding frå framsteget.

La oss få Vår Herre til forsiktig å dryssa litt kvit bommul ein kald vinterkveld, og så stiltrar vi oss ut i ulltøflane og berre ser:

Siste verset av ”Snøkveld”:

Den sovande jordi veit um
sin herlegdom.
Himmelens rimute augnebryn
heng fulle av stjernor.

Dikta ”Sagbukken”, ”Til eit fjell” og ”Snøkveld” finnes i samlinga På ørnetuva frå 1961.

 


Kvessar #45

Vi er midt i julebordstria. Det er tid for stilige herremenner. Damene plasserer vi litt i bakgrunnen. Og denne herremannen er vel som arten flest: Vakrast og uimotståeleg etter passerte 50, for denne karen kan bli opptil 170 år. Som kjært barn har han ulike navn. La oss presentera han i svungen julebordstil.

Ein lyt

Ein lyt
smøygja seg
og tøygja seg
og friska seg
og briska seg,
gjera som braken
spita hagl og regn!

Og kor kom denne herremannen frå? I dagboka 15. november 1977:”Braken, einen, kan vera so ymis. Ei audmjuk, krjupande buske; andre tider ein rak finpussa herremann. Som sagt, snart buske, snart søyle!”

Du kjem til julebordet som ein rak finpussa herremann, men du kjem vel ikkje heim igjen utpå natta som ei audmjuk, krypande busk? Har det vorte for mykje gin som er eit ”brakebrennevin”, kan du trøsta deg med at braken har og vorten brukt til å kurera slangebet…

Diktet”Ein lyt” finnes i samlinga Dropar i austavind frå 1966. Sitatet er henta frå Dagbok Band IV, 15.11.1977.


Kvessar #44

Dikttolking er ikkje nokon eksakt vitskap, men ekspertar og autoritetar på området kjem med sine skråsikre versjonar som om dei skulle ha fasitten.”Kolv og klokke” i samlinga Under bergfallet frå 1951, er eit dikt som fleire ekspertar har tolka. Hauge kommenterer sjeldan eigne dikt inngåande, men i Dagboka i juli 1952 får vi ei relativt detaljert omtale av diktet. Og det er berre å slå fast: Ekspertane har ikkje kun råka innertiaren.

Kolv og klokke

Eg er kolven
i klokka,
den tunge
stille
kolv.

Rør meg ikkje, -
lat ikkje
mine veike slag
mot malmen
slå togni
sund.

Fyrst når klokka
tek til å svinga,
skal eg slå,
svinga
og slå
mot den
djupe
malmen.

Men litt bakgrunnsstoff kan vera god ballast. Ingen under 30 år går med klokke på armen. Mobiltelefonen styrer resten av livet og held kontroll med tida. Kunnskapen om korleis klokker fungerer reint mekanisk, er nok på veg ut av den nye tida. Kyrkjeklokker kan med sine malmfulle slag vekkja deg frå denne digitale verda, men kven er så denne kolven? Kolven er den ”metalkula” som kan svingast mot sjølve klokkeveggen, men det gir berre ein svak, spinkel lyd. Den kraftige, malmfulle lyden kjem først når klokka svingar og kolven slår i mot malmen. Hauge gjer oss to stikkord til å tolka diktet i si retning:”Diktaren er kolven, han slår på din malm, lesar, til din hjartemalm syng.” Eller om du foretrekk eit felebilete: ”Spelar, prøv ikkje slå dine eigne strengar, men skjer dei over, bogen har du att, spel på andre sine strengar, få dei til å klinga. Hugs du er boge, spelar, ikkje strengar og fele.”

Passa ikkje di tolking inn i dette biletet? Ein gong vart Hauge beden om å kommentera tolkinga av eit dikt som fire skuleelevar hadde gjort. Det var fire svært ulike tolkingar, men Hauge gav alle fire rett. For hugs: Eit godt dikt bør vera som eit revehi; det har minst to utgongar.

Diktet ”Kolv og klokke” finnes i samlinga Under bergfallet, frå 1951. Sitata er henta frå Dagbok band I, juli 1952.

 


Kvessar #43

Hauge ville skriva eit nytt dikt kvar dag, seier han i samlinga Spør vinden i 1971. Mange av dikta frå denne perioden er korte, og dei fleste dikta i samlinga Dropar i austavind frå 1966 blei skrevne på svært kort tid, og målsettinga med eit dikt for dagen var ikkje heilt urealistisk. Men 25. november 1979 er diktaråra trutna noko:

”Kan ein ikkje gjera eit dikt kvar dag, skulle ein kunna lesa eit dikt kvar dag, helst koma på eit nytt og ukjent.”

Kanskje vel ambisiøst for dei fleste av oss, men eit nytt dikt kvar veke skulle vel gå? Og kvifor ikkje starta med:

Eit dikt kvar dag

Eg vil skriva eit dikt kvar dag,
kvar dag.
Det må då vera liketil.
Browning greidde det lenge, endå
han rima og
slo takti
med buskute augnebryn.
Altso, eit dikt kvar dag.
Eitkvart sviv ein,
eitkvart hender,
eitkvart legg ein merke til.
- Eg stend upp. Det ljosnar.
Har gode forset.
Og ser dompapen lettar or kirsebærtreet
der han stel knupp.

Det neste diktet vert kanskje av den engelske poeten Robert Browning? Han og Wergeland var Hauge sine store profetar frå han var 18 til 30 år. Dei buskute augnebryna passar på at du gjer jobben.

Diktet "Eit dikt kvar dag” finnes i samlinga Spør vinden frå 1971. Sitatet er henta frå Dagbok band IV, 25.11.79.



Kvessar #42

November er siste varsel. Naturen har allereie sendt påminningar i oktober. Snøen har lagt seg øverst i liene og vasspyttane er stinkla om morgonen.. Tulipanløkane må i jorda og hagemøblane er for lengst stabla vekk. Mørketida er på det mest mollstemte, men lyspunkt ser den som har dei rette brillene på:

”Klår soldag. Lauvet blakra i sol, det som er att då. Det er frukttrei som heldt lengst på lauvet. Det stend som braglande, lysande bukettar rundt bygdi. Det er som lauvskogen, som ligg so innpå alle stader har klædd av seg, dei andre ikkje.” (Dagbok 8. og 10. november 1958)

Om dette skiftet i naturen har Hauge laga diktet”Kveld i november”.

Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit
det heng eit eple i ein topp. Eg leit
på mildver enno; veden skal i kost,

I dei to neste strofene bør kålen i hus, og det burde verta tid til nybrot og treplanting, men det er berre epleslumpen som vert berga. Men det er ikkje berre mennesket som har sitt å stri med i november. Diktet vert bokstavleg løfta og får ein ekstra dimensjon i siste strofen. Eit av desse små geniale grepa til Hauge.

I vest er månesigden ute, stor
og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbundne åt ei myrk jord.

Vi får rekna med at månemannen hadde slått på nok lys, slik at mennesket fekk berga sitt. Hauge hadde stor sans for tradisjonen med å laga og formidla gåter, og i dagbøkene kan det ”plutseleg” dukka opp ei gåte, og denne skulle vel passa bra som avslutning?

Kva er det som gjeng stidlaste i halmen?(Måneljoset)

Diktet ”Kveld i november” finnes i samlinga På ørnetuva frå 1961. Sitata er henta frå Dagbok Band I, 8. og 10.11.1958.

 


Kvessar #41

I forslaget til ny salmebok for Den norske kyrkja, er tre tonesette dikt av Hauge komen med. Ein del av dikta hans har ein religiøs tone, og at nokon synest det folkekjære diktet”Det er den draumen”, høyrer til i ei ny norsk salmebok, er lett å forstå. Men kva ville Hauge sjølv sagt?

”Eg fekk uppmoding frå eit visst hald um å skriva fleire salmar. Sant nok er det mangt ein skal lida fyrr, og ein kann ikkje nok passa tunga si. Eg tregar mykje på at det vesle diktet ”Alltid ventar eg å finna” frå ungdomsåri vart med i ”Glør i oska”. – Eg kjenner meg såra i mi verdigheit som filosof og gamal disippel av Bertrand Russell. For eg hev vore agnostikar frå eg var 15 år gamal, og når eg brukar Gud og englar so legg eg ikkje meir i det enn Hippoaren eller Tor – for meg er all religion mytologi.”

Soleis lyder dagboka 6. oktober 1948 og det ser ut til at salmebokmakarane bør gå til andre jaktmarker. Det nemde diktet”Alltid ventar eg å finna” som er foreslått i den nye salmeboka, har Hauge likevel med i Dikt i samling. Om lag ti år seinare syner dagboka ei litt anna haldning: ”Viljen kvesser seg sjølv – i livets strid. Men av og til lyt han i Guds esse og under tukts hamar.” (20.1.59) Ut på sommaren skriv han: ”Ikkje nokon lesnad er meir nyttig og styrkjande enn den store religiøse litteratur. Der finn me den røynlege innsikt i mannehjarta, der finn me boteråder for våre synder og laster. Moderne sjeleterapi er berre tomt tøv.”

På gravsteinen til Hauge står det:

Opn mine augo, Herre
so eg kan betre sjå
underet, ikkje berre
avglansen utanpå.

Dette er dei fire første verselinjene i andre strofa på diktet ”Bøn”, som og er foreslått i den nye salmeboka. No skal dei dei tre ”Hauge-salmane” Noreg rundt og prøvesyngjast. Den endelege salmeboka skal vera ferdig i 2010. Ein får håpa at Hauge opnar augene rundt om i kyrkjene og at fleire tek seg ein tur inn i diktarverda hans. Men salmediktaren Hauge – kling det reint, eller?

Diktet”Bøn” finnes i Glør i oska frå 1946. Dagboksitata er henta frå Dagbok band I, 6.10.48, 20.1.59 og 6.7.59.

 


Kvessar #40

Hauge var ikkje nett ein diktar som fløymde over med drikke- og skåleviser, sjølv om kulturen med å bryggja eige øl rundt om på gardane i Hardanger stod sterkt. Men like viktig som kunsten å laga godt øl, var retorikken rundt det å rangera ølkvaliteten. Ein skulle skryta av naboen sitt brygg, men til slutt måtte det gå fram at eige øl var no eit ørlite kvassare. Denne balansekunsten var sjølsagt Hauge ein mester i, men han var ikkje aleine om å meistra slik ordkunst.

”Oddmund brugga i mosstova, byrja tidleg i natt. Blåflat hjelpte til. Det vart ikkje at eg hjelpte noko til, endå eg alltid har tykt det har vore moro å vera med når dei har slikt for seg.”

No er julabordtida rett rundt nåva og ei strofe eller to høyrer vel til i godt lag. Diktet ”Uppskoke” frå Glør i oska som kom i 1946, høver godt. Første strofen lyder:

Dei såg han la kjerald
til tettings i bekken
og at han køyrde
på turka med sekken, -
dei såg han or skogen
med brakebyrd rugga.
Då skyna dei hine
han Torstein skal brugga.

Og dette er ikkje noko korthogd dikt, men ein sann svir i rim og rytme gjennom heile 20 vers. Etter kvart må brygget testast og styrken set sine spor. Samtalane navigerer mot det viktige i livet og verdsproblema må løysast – som i strofe femten:

Det sveiv um ætter
og eplestrokkar,
um beiterettar
og timberstokkar,
um Gud og bibel
og sakrament,
og alt som hadde i verdi hendt.

Tørstar du etter meir rim og rytme finn du resten av diktet ”Uppskoke” i samlinga Glør i oska frå 1946. Dagboksitatet er henta frå Dagbok Band II, 2.7.1966.

 


Kvessar #39

”Ringde til Tveitt. 144 Norheimsund, men inkje svar.” Ein draum for alle som har problem med å huska åttesifra mobilnummer, eller ein telefonhistorisk inngong som syner at det helst var lensmann og prest og ein og annan ”viktig-Per” som hadde telefon i 1965. Hauge sjøl måtte bort til Pål eller han nytta høve nede på Brakanes, om han skulle ut i den store telefoniverda.

Kva ville Hauge snakka med Tveitt om? Seinare same dagen i dagboka 27. juni 1965:”Skrive til Geirr Tveitt. Eg nemner litt um vers, men varsamt. For eg vil ikkje gå med på det å rakka ned på alt det nye, eg finn so mykje fint i modernismen.” Kanskje like greit at Tveitt ikkje tok telefonen for dei var ikkje samde i synet på modernismen. Tveitt tonesette ei rekkje dikt av Hauge, men det kunne by på utfordringar.

”Revebjøllor i grustaket, har du lagt merke til det diktet mitt. Geirr Tveitt laga i si tid tone til det. Seinare brigda eg noko på det, då vart han sint.” (Brev til Bodil Cappelen) Ein ting har dei nok vore samde om, og det er at diktet har ein forvitneleg slutt:

Ut or løynde skogdjup
kjem revebjøllor
raude grenaderar
med grøne spjot;
i kvite steinurdi
stormar dei i døden,
ingen stad i skogen
kjem dei slik i brand!

Resten av diktet ”Revebjøllor i grustaket” finnes i Glør i oska frå 1946. Sitat Dagbok Band II, 27.6.1965. Sitat Brev 1970-75, s.171.

 


Kvessar #38

Er du rik nok til å høyra lauvsusen ein skumrande, grå sumarkveld, - då er det enno von for deg.

Er dette den nye livsfilosofien til ein Idar Vollvik eller ein Kjell Inge Røkke som har tapt hundrevis av millionar kroner på børsen dei siste vekene, og som har svært god bruk for nye verdiar? No kan dei heller ikkje spela inn igjen det tapte på dei nye speleautomatane til Norsk Tipping. Desse snille automatane skal ikkje loppa dei spelegale, eller var det speleglade det skulle heita? Spelerusen skal vera som frå lettøl. Nei, då var det meir sus i dei gamle automatane til Røde Kors. Dei du kunne putta på eit kronestykke, eller var det ein tiøring? Og plutseleg skramla renta ut slik at det vart råd til ein softis med sjokolade! Det er nok ein av desse automatane Hauge har trimma peikefingeren mot, eller brukte han handflata til å slå mynten mot den rette slusa?

Automaten

Du set inn –
høyrer skillingen
gjer djerve sprang der inne:
No rumsterar han i sjørøvarkistor,
no skjek han himmelens pengetre,
no regner der pengar –
no dirkar han tunge bankkvelv,
no spring låsi,
no kjem dei i slusor –
Venting. Uvisse.
Singling.
Stilt.
Ingen ting kjem ut.

Du synes kanskje det minner meir om einarma bandittar?

Dagboksitatet er henta frå Dagbok Band I, 6.7.1959. Diktet ”Automaten finnes i Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #37

I diktsamlinga Dropar i austavind hentar Hauge inspirasjon hos ein lokal vikinghelt ”Ogmund rid heim”, og ein nasjonal helt,”Leiv Eriksson”. Barske karar som ikkje vik i kampen mot naturkreftene eller fiendar. Diktet ”Drift” hentar bileta frå våre polare strøk. Sjøl om skipet er fastfrose i isen, er det ei von om at straum og hjelp av urnavigasjon vil bringa skipet trygt igjennom. Ånda frå Nansen og Amundsen loser oss stødig gjennom verselinjene, heilt til siste linja snurrar kompassnåla:

”Og draumane syg tunge stjerneklasar”, då kan vi drøyma oss vekk i ulike retningar, og Hauge har løfta diktet opp or isødet og inn i den polare himmel eller kor vi måtte enda.

Drift

Mitt liv er drift yver polhav.
Nedisa ligg skipet mitt i audni.
Eg lyder til kvar smell og kvar brest,
er straumen som eg sette mi lit til, sovna?
Vinden svepar ismarki, men på himmelen stend
dei gamle merki med sterk glans.
Enno lever voni um gjennomfart.
Og draumane syg tunge stjerneklasar

Diktet ”Drift” finnes i Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #36

Epleslang var ein populær sport for ein del år sidan, men som curonne er sporten på vikande front i våre dagar. Ein skulle tru at i fruktbygdene ville ein slik aktivitet bli møtt med hagla fylt opp med grovt salt, eller i det minste hyttebør og filleristing, men desse fruktdyrkarane har sin eigen metode å ordna universet på:

”Stor mann – Dei stel eple hjå deg, sa ein til han. Men det var lett å sjå han ikkje vart sint. Tvertum. Han vart kry. Var han so pass kar at dei stal ifrå han. Det var ikkje ille.”

Kunne det verta folk av ungar med sånne oppdragarar som Hauge her skriv om i Dagboka 7.mai 1957?

Men for Hauge var ikkje fruktdyrkinga berre ein måte å livnera seg på. Han kommenterer i dagboka 18. mars 1953 eit program i radioen der ekspertane berre legg vekt på kva sortar som løner seg, kva epleslag som fyller lommeboka:”Dei har drege fruktdyrkingi ned på eit trivielt plan, frå kunst og kjærleik til spekulasjon og berre matstræv.” Og strev kunne det vera. Naturen spela ikkje alltid på lag; ein måtte vera realist og sjå resultatet i lys av dei ytre kåra:

Grøne eple

Sumaren var kald og regnfull.
Epli vart grøne og flekka av skurv.
Men eg plukkar og sorterar
og staplar kassane i kjellaren.
Grøne eple er betre enn inkje.
Bygdi ligg på 61 breidd.

Sitata er henta frå Dagbok band I, 18.3.56 og 7.5.57. Diktet ”Grøne eple” er henta frå samlinga Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #35

Haust. Plomor som du handfer vert før mogne men aldri so fine som dei som fær hanga i fred. Slik er det med kvinnfolk og.

Dette er eit dagbokssitat frå september 1952. Hauge hadde kanskje på denne tida større suksess med frukttrea enn med ”desse kvinnfolki”. Men i samlinga Janglestrå frå 1980 tyder det på at Hauge har fått dreisen på båe deler:

Eg lyt finna på noko gale

Gleda vart for stor,
kjelen held på og syd yver,
eine vektarmen peikar til himmels!
Eg lyt finna på noko gale,
slå kaldt vatn på kjelen,
hengja ein stein på vekti,
hogga den største fura eg har.

Konklusjonen må bli at diktarar som får gå i fred lagar den finaste poesien?

Diktet Eg lyt finna på noko gale finnes i Janglestrå frå 1980, dagboksitatet er henta frå Dagbok Band I, September 1952.

 


Kvessar #34

Vi har vel for lengst innsett at sommaren har mista taket. Den grøne hæren er på vikande front, medan den gule og raude armeen er på full frammarsj. Dette skiftet i naturen har Hauge til dei grader tatt på kornet og forma til eit av sine finaste kortdikt:

Sumar på hall

Revebjølla ringjer
dei siste raude klokkone,
kveldsvinden stryk
attgløymt gras.

Vakrare kan ikkje høsten koma. Revebjølla er ein blomst som trivest i Hauge-landskapet, og i diktet”Revebjøllor i grustaket” i debutsamlinga Glør i oska endar diktet slik:

Ut or løynde skogdjup
kjem revebjøllor
raude grenaderar
med grøne spjot;
i kvite steinurdi
stormar dei i døden,
ingen stad i skogen
kjem dei slik i brand!

I dagboka 5.juli 1944 ser ein konturen av dette diktet, men ein ser og at Hauge kunne, burde, skulle, vore pålagt å ha prøvd seg i ein annan sjanger:

Eg gjeng ned etter vegen og ser på alle revebjøllone i skråningane. I dag såg eg forresten ei som hadde ei stor klokke i toppen, heilt regelrett og jamn, rund utan den bøygen som er vanleg. Klokka hekk ikkje ned som dei hine, men stod rett opp. Eg lyt skriva eit dikt om Digitalis. Ein burde helst ha vore ein liten Tomeliten som våger seg ut på eventyr i revebjølleskogen og so gøymer seg der i ei klokke, sete og svaga i vinden.

 


Kvessar #33

I dag hoppar vi like godt inn i amerikansk politikk, men tilbakedaterer via Hauge si dagbok til 17. august 1958: ”I ei avis såg (eg) dagsplanen til den amerikanske presidenten no. Mykje (å) gjera, og fastlagt til siste minutt. Til slutt gjekk den store mannen til sengs med ein Wild West-roman. So langt er verdi komi at pøbelen har fenge sitt idol på førarplassen. Til sengs med ein Wild West-roman! Det var noko å enda dagen med!”

Vi har vel heller ikkje problem med å sjå for oss Bush som kryp til sengs med ein Wild West-roman, men no er det snart tid for endring og ordføraren i Ulvik må kjenna si besøkelsestid: Send Dikt i samling av Olav H. Hauge til Det kvite hus, slik at den nye presidenten kan slutta dagen med eit nytt dikt kvar kveld, og kvifor ikkje starta med:

Det er på tid

Raketter stikk
snutane opp
og medar på månen og Mars.
Det er på tid
det er på tid
å så si gift millom stjernone.

Sitatet er frå Dagbok band I, 17.8.58. Diktet ”Det er på tid” finnes i Janglestrå frå 1980.

 


Kvessar #32

Hauge var berre ein langeleik unna å få skikkeleg låt i dikta sine - i følgje han sjølv. Vi andre kan vanskeleg tenka oss at ein del av dikta kan låta betre.

Hauge var opptatt av tradisjoner og å ta vare på kulturarven. 11 desember 1954 refererer han i dagboka til ei bok av Halldor Opedal; Makter og menneske som mellom anna har eit kapittel om gammal musikk innerst i Hardangerfjorden. ”Det ser ikkje ut til at Opedal har vore på Bu og set den langeleiken som eg gav Amund eit av dei siste krigsåri.” Denne langeleiken var meir staseleg enn den som Opedal hadde teikna og skreve om.

Hauge angra på at han gav frå seg denne langeleiken som hadde lang fartstid på familegarden Hakestad, og vi andre kan berre prøva å tenka oss korleis dikta etter krigen kunne vore:”Ja, eg trega so på at eg hadde gjæve langeleiken frå meg, at eg kan ikkje segja det. Det var som den gamle tidi drog or huset med han; eg fekk aldri låt i dikti mine seinare. Og ikkje fær eg han att heller.”

I diktsamlinga Glør i oska finnes eit dikt som heiter ”Langeleiken”. Vi kan vera einig med Hauge at dette diktet ikkje let som dei beste dikta. Diktet er derfor heller ikkje med i Dikt i samling, men eit par vers tåler vi vel?

Han låg og slong der på kattaloftet
imillom skramlet i ei krå.
Eldande gamal, og svart og sprokken,
ei skruve vanta, kvar streng var tå.

Slik kling eit tradisjonelt første vers, men litt dramatikk dukkar opp i fjerde verset:

I sundagsstilla, på bualoftet,
tok gjenta leiken or tina fram
og sat og spela på kisteloket
si løynde kvide og dulde skam…

Resten av historia finn du i diktet”Langeleiken” i samlinga Glør i oska frå 1946. Sitata er henta frå Dagbok band I, 11.12.1954.

 


Kvessar #31

”Då eg kom inn, hugsa eg det fauk ein fugl imot ruta, og pikka på henne. Han kom or snjofoket, og vilde gjerne inn – i alle fall tykte eg det. Då laga eg mitt fyrste dikt – um fuglen som kom og pikka på ruta og vilde inn.” Slik vart ein stor diktar fødd. Han var 12 år og som 50-åring 6. desember 1958 vert opplevinga høgtidssamt festa i dagboka: ”Lenge var dette det beste diktet mitt, og eg hugsar enno kor sæl eg var då eg fekk det til. Rima hadde eg ikkje lært då, og ikkje visste eg noko um rytme og meter heller, men eg lika no ein gong vers, eg tykte det var ein merkjeleg klang og musikk i dei.”

Det skulle gå mange år før tolvåringen si første diktsamling kom ut. Året er 1946 og tradisjonelle dikt med rim og rytme er det mest vanlege, er det som folk flest likar, men modernismen er på god veg. Sett med etterpåklokskapens briller, og ingen briller er klårare, likevel; det er litt rart at ikkje fleire såg at ein stor diktar var på gang. Det første diktet, det første verset, eller som han sjøl seier 2.februar 1959:”Det er ikkje naudsynt å sjå so mykje av eit tre fyrr du kjenner arti”:

Eg er berre ein gneiste
av den store eld.
Og som eg kveiktest i myrkret,
skal eg slokna ein kveld.

Resten av diktet ”I dag og i morgon” finnes i samlinga Glør i oska frå 1946. Sitata er henta frå Dagbok band I, 6.12.1958 og 2.2.1959.

 


Kvessar #30

Alt 19 år gamal erkjente Hauge at: ”Eg les og les, eg lever i bøkene og av bøkene; utan bøker kom eg til å ganga nord og ned.” Men las han for mykje? Når ein les ei novellesamling, er det lurt å ta ein pause mellom kvar novelle. Durer ein av garde, vert det som å sjå landskap frå eit togvindu i stor fart. Dette konkluderer han med 28. januar 1955: ”Den som les mykje, vert som eit gamalt såld, blindt og tett – med tidi.”

All denne overflodskunnskapen komprimerte han til eit lite dikt. Det kan sjå ut som om han har gått ein formidabel omveg for å nå målet, men resultatet hadde neppe vorte det same om han hadde gått beine vegen. Utsynet vert aldri så vidt om du tar heisen til toppen, som når du slit motbakkane.

Når det kjem til stykket.

År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.

Diktet ”Når det kjem til stykket” finnes i Janglestrå frå 1980. Sitata er henta frå Dagbok Band I, joli 1927 og 28.1.55.

 


Kvessar #29

Dei segjer ting so stilt, kinesarane. Me vil lett ta sterkt i når me kved, gjera maska streng og røysti grov”-

Hauge var presis og detaljert i sine skildringar. Det var ikkje nok med tre og blomst. Susa vinden, var det i ei osp eller ein alm. Revebjølle, men ikkje berre lyng; klokkelyng må veta. Ja, kanskje måtte latinen med: Nardus stricta; finntoppen - strid som ein nordmann var dette graset. Men ikkje alltid. 30. oktober 1953 seier han i dagboka at større einingar må til. Det er ut med grastust, kvist og knop. No er det inn med større einingar: Hat, angst, storm, gleda og kjærleik. ”Det er denne løyndomen Munch kunde, operera med store einingar, skjera burt detaljemningar.

Nokre dagar tidlegare – 27. oktober – gjorde han diverse praktisk arbeid, men fekk likevel laga eit lite dikt, eit slags ”kinesisk” dikt. ”Dei segjer ting so stilt, kinesarane. Me vil lett ta sterkt i når med kved, gjera maska streng og røysti grov, - Men det er slett ikkje turvande stødt.” Kanskje var det diktet ”Les Lu Chi og lag eit dikt” han skreiv, men dette diktet finnes i samlinga ”Spør vinden” frå 1971, så…

Les Lu Chi og lag eit dikt.
Han segjer ikkje korleis det skal vera.
Mange hadde måla ei eik fyrr.
Likevel måla Munch ei eik.

Eit lite dikt ribba for detaljer, men desto større rom for vidare tolking og filosofering. Eit dikt med mykje plass mellom linjene. Eit dikt med fleire tonn ettertankar. (Den hadde vel ikkje passert hos kineserane?)

Diktet ”Les Lu Chi og lag eit dikt” finnes i samlinga Spør vinden frå 1971. Dagbokssitata er henta frå Dagbok Band I, 27.10 og 30.10 1953.

 


Kvessar #28

Å dikta er som å kliva dei høgste fjell: uppvegen kan vera tung, men di lettare dansar du på skiene nedover.

Hauge kommenterer av og til historiske hendingar i dagbøkene. Månelandinga i 1969 er til dømes rikt kommentert. Eg var derfor litt spent om datoen 29.05.53 ville få noko merksemd. Hauge var opptatt av fjell, av berg, av nutar og deira verknad på folk og samfunn. Eit sveip innom diktregisteret syner at emnet fjell er ein gjengangar. 10. juni 1953 fell kommentaren: ”Det gjev større utsyn å ha lese bibelen enn å ha vore på Mount Everest.” Sportsmannen Hauge var nok ein perifer skikkelse. Tenzing og Hillary sine bragder i Himalaya imponerte ikkje.

Men fjella var viktige. Å bu, å leva under og blant fjell, skapte respekt og kanskje litt redsle for skaparverket.

Det er som eg ikkje har sett deg fyrr, endå eg har hatt
di viljeklo for augo all min dag,
fjell er fjell, og Herren har vege dei.

Resten av dette diktet ”Til eit fjell”, finnes i samlinga På ørnetuva frå 1961. Dagbokssitata er henta frå Dagbok Band I, 2.11.51 og 10.6.53.

 


Kvessar #27

Sommar og vermelding, som jordbær og fløyte. For bøndene blodig alvor. Tørrhøyet måtte bergast før floa kom, sjøl om presten stod aldri så mykje på talarstolen. For dei som har ferie: Vert det soling og bading og slikt som vi skal drøyma om resten av året, eller må vi sjå oss om i næraste lokalmuseum? Altså: Meir alvorleg enn for bøndene. Inne i Ulvik treng dei ikkje fjonge verdamer på TV 2 for å setja dagsorden. Folk på bygdene har ofte vermerke som er minst like sikre varslarar. Til og med tyskarane som var stasjonerte i Ulvik under krigen oppdaga dette. Dei kalla Vassfjøra for ”Der Vetterprophet”. ”Skodd(a) i Vassfjøra segjer meg at no er det regn yver Irland og Skottland, og at det kan ventast hit om eit par dagar.” Hauge filosoferer vidare over namnet på dette fjellet i dagboka 13.9.58, og konkluderer med at namnet opprinneleg kunne ha vore Vasshjelmen.

Men verteikna må kombinerast: ”Og rett nok, no set Vassfjøro skoddehatt; det tyder regn i vente. At det denne gongen ikkje nett når inn her, er ei onnor sak. Men her ein dag, - eg trur det var no 17. juli, slo tora så fælt på ettermiddag. Det var varmt og godt ver. Nei, det vert ikkje rusk no, sa ho mor, tora slær mot soli. Og godt ver vart det.” Til slutt set vi over til vermeldinga for Vestlandet, avdeling Ulvik, der ei lun røyst kan melda:

Vassfjøro har kledt seg
i sekk og oske
og drege hetta ned.
Dei hine fjelli laugar seg
i sein kveldsol, det er då
ingen ting som stend på.
Uver yver Nordsjøen,
melder kringkastingi.

Dette diktet ”Ingen ting stend på” finn du i samlinga Dropar i austavind frå 1966. Dagboksitata er henta frå Dagbok band I, 21.7.56 og 13.9.58.

 


Kvessar #26

Sæverud såg på månen som menneske og romantikar, det var vel det rette! For han var månen med og laga musikk, og det er slik det skal vera!

Kor var du då amerikanarane landa på månen 20.juli 1969? Dette burde sjølsagt vore eit klassisk spørsmål. I staden har ein skarve skistav fått spela denne viktige rolla. Sjøl var eg på camping i Røldal (utan fjersynsdekning), men kor var Hauge?

Gjekk burt i kveld til Pål og såg fjernsyn. Mykje styr med desse tri amerikanarane som er landa på månen. Etterpå dei vel var landa og alt var vel, intervjua ein kar i fjernsynet nokre norske kunstnarar og fekk deira syn på desse hendingane. Borgen fyrst. Og eg må segja han er kunnskapsrik og klok, og so greidt han ordla seg! Weidemann var meir uklår, men eg forstod kvar han vilde av. Ingen kan nekta for at måneferdi er ein teknologisk prestasjon, og soleis interessant nok, men heller ikkje noko anna. Men noko verkeleg utviding av vår erkjenning er det vel snautt. Sæverud såg på månen som menneske og romantikar, det var vel det rette! For han var månen med og laga musikk, og det er slik det skal vera!
Det er berre det at dette tekniske kjempearbeidet er ein fantastisk sensasjon, som folk flest sperrar gluggane upp for. Og pop-pressa og sensasjonslysti veit då og å gjera mest mogeleg ut av det, amerikanarane er no meistrar i slikt.

Det seier seg vel sjøl korleis vekas kvessar må enda:

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

Sitata er redigert frå Dagbok band III, 20.juli 1969.

Diktet ”I dag såg eg” finnes i samlinga Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #25

Når ein les i dagbøkene til Hauge, kjem ein innimellom over partier som glitrar, som gnistrar, som heilt klart ber i seg opptakten til noko meir. Opptakten til Ulvik-stubbar eller kanskje ei novelle. 5. juli 1944 skal høyet i hus frå slåtteteigar som klorar seg fast i Ulviklandskapet:

”Det er slutt mykje å bera høy no; men eikor hesi hev ein då so(m) stend so ulagleg til at ein ikkje kann koma dit med vogn og hest. Heitt og steikjande sol. Ein riglar krokut og sidræva upp geilane.Toget skjer seg inn i raudbrent kjøt under den tunne skjorta og høystrå stikk og et. Byrdi sig ned på baken eller du fær kjeringhals. Tilslutt er det som du ber på alt tungt i verdi. Du krek upp brui med tunga spelande millom framtennene og sig ned på låven.”

Men Hauge klagar på at han er ikkje rare karen i norsk. Teiknsetjinga er usikker og det er ikkje flyt i setningane. Han ser seg nøgd med å klora ned eit og anna diktet. Kan det vera denne episoden som har maksla på slik at diktet ”Styvingen i høybrotet” ser dagens lys i samlinga ”Spør vinden” i 1971. Slik har han krota ned versene 2-4:

Ikkje greidt å vera styving
og ljota ta undan i brotet
og samstundes maksla på dikt!

Dikta, og slita seg til
ein pust millom vendone –
kava seg fram til ein glugg

og supa inn vindgul og lauvsus
og svalande surl av ein bekk,
drøyma og tenkja på gjentor!

Vil du drøyma vidare og tenkja på jenter, er det 4 vers att i diktet ”Styvingen i høybrotet”.

Sitatet er frå Dagbok band I, 5.juli 1944.

 


Kvessar #24

I dag kjende eg
at eg hadde laga eit godt dikt.
Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.

Skal vi uttrykka at vi likar noko, at eit eller anna er veldig flott, fantastisk bra, snik det seg fort inn eit standarduttrykk som vi nyttar i tide og utide. Skal ein bli høyrt i dag må gjerne kraftige banneord inkluderast, men den mildare varianten sinnsjukt bra er og ein gjengangar. Når det er sinnsjuktkt i annankvar setning vert slike ord eit irritasjonsmoment. Hauge hadde eit ord som han ofte nytta i dagbøkene. I byrjinga blei eg som vanleg litt irritert som eg blir av slike gjentakingar, men etterkvart såg eg nytten av ordet. Eg veit presis kva Hauge meiner; eit tydeleg kvalitetsstempel. Dette går Hauge god for, og siste fase er at eg synes ordet er sjarmerande, men eg brukar det ikkje sjøl – enno.

Forvitneleg. Smak på ordet. Forvitneleg . Eit ord som er lite brukt i dag. Det er mykje forvitneleg i dagbøkene. ”Aage Marcus: Leonardo Da Vinci. Forvitneleg.”(Dagbok Band II 3.7.65) Ikkje noko utropsteikn, ikkje særs forvitneleg. Kun forvitneleg. I motsatt fall: ”Elles lese litt i boki til Qvarnstrøm. Ikkje serleg forvitneleg, eg har lese nok om slikt no!”(Dagbok Band II 29.9.62) Men ikkje eit ord han nytta i dikta. Forvitneleg kunne vore putta inn i

I dag kjende eg
at eg hadde laga eit godt dikt.
Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.

Men hadde diktet vore like forvitnelegt?

Diktet ”I dag kjende eg” finnes i Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #23

Kva er vårt første møte med Hauge? Kva dikt fester seg først? Ikkje godt å sei, men eit dikt som kanskje får innpass i barndomen er ”Vinteren har gløymt att”. I barneboka ”Regnbogane” frå 1983 har Wenche Øyen illustrert ein del dikt av Hauge. Dette biletet festar seg: Snøflekkane som krabbar stadig høgare oppetter liene og ser ut som kvite, beitande kyr.

Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,
der beiter dei i grøne hall.
Men vårsoli og graset er for sterke,
dei magrast for kvar dag

Men dette biletet kunne sett annleis ut, for det finnes meir alrighte dyr enn kyr: ”Still, kald, klår kveld. Ei elv syng, kanskje fleire. Liene grøne; snøflekkene enno som beitande smale i det grøne.”( Dagbok Band II 3.7.65) Hadde dette diktet vorte betre med sauer som beitar, eller ville desse ulldottane vortne meir stereotype? Hauge har nok gjort sitt val med omhu. På den andre sida kan det vera så enkelt som at nokon likar mora, medan andre vil ha dottra…

Diktet ”Vinteren har gløymt att” finnes i Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #22

So gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå.

Denne veka skal vi innom to kjende skysskarar. Den eine kjenner vi godt som Osamannen til Hauge. Den andre var gjetargut i 1930-åra i fjella oppom Ål. Frå Djup seter var det om lag ei mil inn til turisthytta i Iungsdalen. Denne turen kunne kortast med ein rotur over vatnet. Det var mange gutar i denne geskjeften. Vanleg betaling var ei krone(med hol i) som dei tredde inn på ei snor. Om hausten vart snorene samanlikna, og når eg seier at vår gut heiter Olav Thon, er det vel sagt kven som hadde den lengste snora?

Hauge kommenterer i eit brev til Bodil Cappelen at han kjenner godt til Osamannen, og han som fekk skyss. Om den økonomiske status til Osamannen veit vi lite, men den moralske kapitalen har forrenta seg godt. Osamannen kjem stadig på bana når ein treng moralske vegvisarar i ein egosentrisk kvardag.

Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øydvinstø.
Og han var raust
og baud betal.

Men Osamannen ville ikkje ha betaling. Den andre fekk betala med å ”gjera ein annan mann ei beine”. Skal vi sei at slik lyder det ellevte bodet?

Heile diktet ”Gjer ein anna mann ei beine”, finn du i Seint rodnar skog i djuvet frå 1956.




Kvessar #21

Hauge er først og fremst kjent for eigne dikt og dikt som han har omsett eller gjendikta. Dagbøkene og brevsamlingane syner at han og er ein stilsikker prosaist med evne til å formulera seg på ein snerten måte. Frå desse samlingane har Sverre Tusvik redigert ”Lagnaden gjer mange til heltar. Aforismer i utval”. Aforisme kling litt ureint i mitt Hauge-øyre, men når Tusvik definerer ordet i nær slekt med ordtaket, eit poetisk uttryk og sist men ikkje minst – fyndordet – då er vi på lag.

”Aforistikarar. Er forvitnelege – når dei berre ikkje vil vera vittige.” Sjå der! Tusvik hadde rett. ”Aforismar vert lett standariserte. Nei, dei skal vera friske og folkelege som ordtøke! Eit stutt ord, med litt krut eller salt i!”

Vi har sagt at vi ikkje skal varda vegen din gjennom Hauge si poetiske verd, men små vegvisarar kan vi vel setja opp?

”Du skal sjå blomane. Kjenna angen, men ikkje plukka dei, - det er løyndomen med lyrikken.”(1947)

Hauge meinte at om du les deg opp på litteraturteori, vert du nødvendigvis ikkje ein større poet. Nokre ord på vegen kan likevel ikkje skada:

”Eit dikt kan vera ei stram line millom to punkt. Men og ein diger togkveil – Gud veit kor langt han vilde rekka!”(1973)

Sitata henta frå Olav H. Hauge. Lagnaden gjer mange til heltar frå 2002. Samla av Sverre Tusvik.

 


Kvessar #20

Graset veks godt på denne tida. No lyt vi sjå over utstyret. Vi kan ikkje møta slåttetida med sløve ljåar eller dårleg rygg. Dårleg rygg? Stive, utrena ryggar skulla vore pleid med snømåking og vedhogst gjennom mørketida. Snart vert det lange, seige eksamensøkter der ute i grashavet.

Brukte ljår
held seg blanke,
rustar ikkje, endå
eg ser dei og forgjengst.
Kva er best, rusta ubrukt i ljåkassen,
eller slitast ut av bryne og steinut slått?

Jau, slåttearbeidet er godt for kroppen, men også tankearbeidet har gode voksterkår i slåtteteigen:

Elles uppteken med å slå. Og å sjå! Ein må stogga og sjå seg um litt! Eg likar den diktar som snur ryggen til, som ikkje talar til lesaren, ser honom, forklarar honom noko, ein diktar er uppteken med gruvearbeidet sitt, som stadig høgg seg inn –

Dette såg Hauge 27.7.1967 Dagbok Band III. Diktet ”Eg ser yver ljårne fyre slåtten” finnes i samlinga Spør vinden frå 1971.

 


Kvessar #19

”Brudefærden i Hardanger” Kvifor skal slikt hengja på heidersplass i Nasjonalgalleriet. Det er greidt det har historisk interesse. Men det har aldri vore kunst, og ikkje vert det det heller. Innverknaden det har hatt har vore smaksfordervande, både hjå folk flest og hjå kunstnarar, so det er ei nasjonal skam at slikt har vorte kjent. Ingenting har skadt Hardanger meir enn det bilete.( Dagbok band III, 17.11.66.)

Det er sein haust då desse tankane vert festa til dagboka. Mørketida rår grunnen og det er månader sidan frukttrea stod i bløming og spegla seg i ein speilblank fjord. Dei grøne liene og dei kvite perleflekkane øverst som berre minte svakt om ein seig vinter. Prospektkort-Hardanger i all si nasjonale prakt. Var det denne kontrasten som fekk Hauge til å kaldsmi slike tankar, eller finn vi svaret dagen før den 16. november 1966:

Til Voss. Kjøpte madrass til sengi. Ei verkeleg god madrass. Eg har lege på feltseng, på hard lege alle mine dagar. Kanskje denne luksusen er fårleg? For ryggen. Eg har alltid hatt god rygg, kanskje det er hard lege som har gjort det.( Dagbok band III, 16.11.66.)

Nei, vi skal ikkje bortforklara det som er sagt, og slett ikkje det som er betrudd ei dagbok.

Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore,
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gong er sagde.

Resten av dette diktet ”Bruk ikkje sandpir” finn du i Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #18

Du kunne godt venda heim.
Ingen jorsalfar hadde lenger veg.
Stengd av drivis i Kvitehavet.
Lange var elvane i Russland.
Med askespjot frå Spånheim
stod de ved Jeriko.

No rid du heim yver sletta i Ungarn.
Kveldssoli skin,
og vinden helsar frå nord.
Då ser du skautet på Vassfjøro.
Tårone dryp under hjelmen.

Eit dikt lever sitt eige liv inne i hovudet til den som les. Kunnskap og erfaring er med på å forma dette livet. Ogmund var med i hæren til Håkon Håkonson, og kring 1218 var han med på ei sagnomsust reise til Jerusalem. Forandra diktet seg litt? Jeriko og Jorsalfar kjenner du, men Vassfjøro er ikkje ei fjøra ved fjorden; det er eit fjell – eit smykke i Ulvik på 1633m. Skautet pryder gifte kvinner frå Ulvik i bunad, men her gjer det poetisk kraft til brea som ligg på Vassfjøro. Sånn var diktet då Hauge skreiv det, og sånn vil det alltid vera, men dette askespjotet frå Spånheim… Kva om vi heller seier Sponheim? Vert ikkje spydet litt kvassare, litt meir utkrope? Seigt og uthaldane. Let seg ikkje nett pitla på nasa. Jau, diktet lyt leva med denne dimensjonen ein del år til, men Lars Sponheim vil han vera sagnomsust om 800 år?

Diktet ”Ogmund rid heim” er i samlinga Dropar i austavind frå 1966, men du kan og lesa diktet hogge inn på baksida av bautasteinen på Brakanes. Hauge ville ikkje ha noko bauta av seg sjølv, men heller ein bauta over diktinga. Han valde sjøl ut diktet. Hauge døde 23.mai 1994.

På gravsteinen til Hauge står det:

Opna mine augo, Herre,
så eg betre kan sjå
underet – ikkje berre
avglansen utanpå.

Resten av diktet ”Bøn” finnes i Glør i oska frå 1946.


Kvessar #17

Pil var fyre kule.
Difor likar eg pil.
Kula gjeng mange mil.
Men det smell stygt.
Då smiler pil
.

Det er kvass reiskap vi nyttar i dag. Rett nok seier ikkje diktet noko om at pila er spiss, men det ligg vel i korta? Hadle Oftedal Andersen hevdar i boka ”Poetens andlet” at: ”eit mest totalt oversett aspekt ved Hauges forfattarskap (er): dikta om bogeskyting.” Og han byggjer dette på at Hauge hadde skote med heimelaga pil og boge heilt frå barndomen. Kanskje ikkje så veldig spesielt, men ”utpå kvelden tok faktisk den meir enn 80 år gamle lyrikaren med seg litteraturprofessoren(Idar Stegane) ut i vedskjolet for å skyta blink.”

Hauge har og skreve diktet ”Mange års røynsle med pil og boge”(I samlinga Janglestrå frå 1980). Diktet byrjar slik:

Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!

Andersen vil pensa oss over på japansk bogeskyting og øvingar i zen og haikudikt, men vi kan nøya oss med å sjå dei to karane i vedskjolet; kven har den mest avslappa overarmen slik at pila smiler midt i den svarte prikken? Trekkjer Hauge hatten eit knepp ned slik at kveldssola i gluggjen ikkje blendar? Hauge nyttar ikkje så mange ordpilar i koggja si, men dei han fyrer av treff midt i hjarta eller senteret for luktesansen, om det var blinken.

Diktet ”Pil og kule” finn du i samlinga Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #16

Eit lite utdrag av dagbok frå 31. januar 1968:

Regn. Grått. Seint uppe. Låg lenge i går kveld fyrr eg sovna. Verkte i hovudet, hadde lese for mykje. Det tek på å lesa, ein vert stiv i augo, og tom på tankar, det er nett som ei skrede har sopa all ungskogen burt inne i hovudet, det som grodde og vaks av eigne tankar, og stemningane dine eigne vert skræmde burt i holer og glipar, vågar seg ikkje fram att fyrr på lenge. For det durar hardt i hovudet, og er sterk kost, mykje av Ekelund på ein gong. Nei, det er fårleg å ha for mykje bøker, du vert forfallen til lesnad som drikkar til sterke saker.

Ein kvar kan vel verta litt stiv i augo av å lesa for lenge på senga, men vi evner vel ikkje å uttryka det ”som ei skrede har sopa alla ungskogen burt inne i hovudet.” For ein henfallen lesar vert dette dagbok på blå resept. Treng du meir litterær medisin – men husk; det kan bli for mykje Møllers tran – er Hauge sine dagbøker mellom anna ei reise i den store bokverda.

Dette utdraget finn du i Dagbok Band III.


Kvessar #15

Vintrane kunne vera harde der inne i Ulvik. 3-lags isolerglas og 20 cm Glava var enno ein draum i det fjerne. Då måtte ein gå i vedaskogen. Hauge likte å bala med ved. Tankane kunne fara og eit og anna vers vart til i slike økter. Gartnararbeidet var meir tanke- og konsentrasjonkrevande og den åndelege skaparevna fekk desto skrinnare kår. Men no er veden komen til gards, oppskåren og kløyvd. Det er på tide å turka veden. Veit du korleis eit vedlag skal stablast?

Eg ser du har lært
å rigla upp
eit vedlad i skogen,
godt å leggja det
i høgdi
so det turkar;
legg ein det lågt og langt,
ligg veden og røytest.

Slik sluttar diktet ”Eg ser du har lært” i samlinga Spør vinden frå 1971. Visuelt kan diktet sjåast som eit vedlag med oppskrift på korleis ein skal bruka orda.

Hauge er vorten kjend for tingdikta sine og dette passar godt i denne vedøkta:

Lat dei hogga
her i tunet!
Eg sprett og sprikjer
med mi flishogg-krune.

Vi skal ikkje tolka, men at ein hoggestabbe kan vera meir enn ein hoggestabbe…Det vert no og litt ekstra sus med rim og rytme, men suset frå den elektriske vedkløyvaren kan vi klara oss utan; for den poetiske krafta er mykje veikare.

Resten av diktet ”Hoggestabben” finn du i samlinga På Ørnetuva frå 1961.


Kvessar #14

Hauge kunne luka kraftig i ordhagen. Berre dei ytterst få orda, berre dei som var heilt naudsynte fekk stå att i:

Eit ord
- ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til -
Eg lyt ha fleire steinar
skal eg koma yver.

Eit strippa språk, men breidfull av spenningar. Vi veit ikkje om eg-personen i diktet fann fleire steinar; om han kom seg trygt over. Vi får vel ekstra respekt for orda vi bruker; at vi ikkje klussar til språket slik at elva vert umogeleg å forsera.

Hauge kunne seia kompliserte ting enkelt. Litteraturvitaren Otto Hageberg kan seia det meir komplisert:
Diktet "Eit ord" plasserer seg innanfor det mest sentrale temaet i verdenslitteraturen: Spenninga mellom det faktiske og det mogelege, mellom notid og framtid. Denne spenninga med utopien inkarnert i språket, er den poetiske dimensjonen i tekste
n.

Diktet "Eit ord" finn du i samlinga Dropar i austavind frå 1966. (Sitatet av Hageberg frå Tunn is, 1994)


Kvessar #13

Det er ikkje mykje med
desse versi, berre
nokre ord, røysa saman
på slump.

Slik byrjar ein typisk smålåten Hauge. Men det er neppe berre på slump. Hovmot og stormannsgalskap vert i tilfelle ironisert. Hauge er realist og veit at orda rekk ikkje til i alle samanhengar; særleg om dei vert for svulstige. Diktet endar i ei enkel snøhytte frå Hauge sin barndom:

Eller snøhusi i joli,
krjupa inn og
stengja etter seg med ein sekk,
kveika ljos, vera der
i kalde kveldar.

Kjenner du den gode, smålåtne stemninga?

Diktet ”Lauvhyttor og snøhus” finn du i Spør vinden frå 1971.

 


Kvessar #12

Hauge kaldsmir når han skriv vers; han bruker kvardagsord som ikkje øser opp kjenslelivet. Men diktaren skal vera ein fagmann. På same vis som gartnaren veit at det ikkje berre er blomen som tel, men at rot, stilk og jordsmonn er like viktige.

Rosone har dei sunge um.
Eg vil syngja om tornane
og roti, - ho klengjer seg
hardt um berget, hard som
ei mager gjentehand.

Det duftar romantikk av jenter og roser, men med Hauge si kaldsmiing vert det eit bilete på korleis mennesket har klora seg fast på same vis som desse nyperosene. Men kan ikkje kaldsmiing og vera vakker?

Diktet ”Klunger” finn du i Dropar i austavind frå 1966.


Kvessar #11

Vev meg eit teppe, Bodil
vev det av syner og draumar,
vev det av vind –

Kven skulle ikkje hatt eit slikt teppe? Eit slikt kjærleiksteppe som og får tankane i retning ”Tusen og ei natt”:

Slik at eg som beduinen, kan
breida det ut når eg bed,

Og når tida er komen; det er klart for den siste reisa, kan det vel ikkje gjerast vakrare:

- Ein dag skal eg setja meg på teppet
og sigla burt på det
til ei onnor verd.

Diktet ”Teppet” finn du i Janglestrå frå 1980.


Kvessar #10

Eit av dei viktigaste motiva i Hauge si diktning er vestlandsnaturen. Han visualiserer ofte dette i dikta, men i ”Elvi burtanum fjorden, syner han og grafisk korleis elva dett nedetter boksida. Når eit slikt dikt vert oversett kan uttrykket skifta ein tanke: ”Medan elva i den amerikanske varianten synest å ha større vassføring, seier Idar Stegane lakonisk.”(Ole Karlsen: Ord og bilete, 2003) Men så er no alt mykje større over dammen…

PS! Kan du sjå for deg ei dansk elv detta på denne måten?

Elvi burtanum fjorden

Ho dett og dett
i dag som i går,
dett i berg
der berre ørn
fyk –
dett i eino,
dett tungt mot fjell
utan ljod,
utan song,
strævar og dett –
velt fram
or giljar og gjøttor,
bullar
i kvitskjegget,
stoggar
og heng –
dett
i tidløyse,
dett
i marebunden draum –
fær ikkje ord fram,
ikkje ljod…

Diktet ”Elvi burtanum fjorden” finn du i samlinga Seint rodnar skog i djuvet, frå 1956.


Kvessar #9

Du hadde kanskje håpt at vi skulle hjelpa deg å tolka Hauge sine dikt? Men det er ikkje i hans ånd. Hauge ville som oftast ikkje kommentera tolkingar av dikta sine. Ein tryllekunstnar forklarer ikkje triksa sine, kunne han seie. Likevel

Når månebåten
kjem fram i vest
og Onen salar
sin kvite hest

Kan det vera greit å vita at Onen er eit 1 630 meter høgt fjell i Ulvik. Diktet byrjar slik:

No stiller hausten
på nytt si fele,

Og kanskje venter vi at ei mollstemt fele skal spela opp, men

eg ventar berre på
på Kvite-Jo,
han har fela si
full av snjo.

Diktet ”Haustspell” finn du i Seint rodnar skog i djuvet frå 1956.


Kvessar #8

Forfattarar vert inspirerte av kunstmålarar. Frode Grytten er ein av dei siste. Frode Grytten Edvard Hopper etter Olav H Hauge, og han fekk vel ikkje same oppdrifta i bakken…

Sonetten ”Til eit Astrup-bilete”, er ein klassikar. Biletet er vakkert i seg sjøl, men med Hauge sin tekst får det ein meir levande dimensjon der opplevinga av rom og tid trer fram. Sonetten var eit takkedikt for reproduksjonen han fekk av venen Jon Bleie.

Kan henda drøymde dei um dette her
å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

Resten av ”Til eit Astrup-bilete” finn du i På ørnetuva frå 1961.


Kvessar #7

”Kupperen skrid i Squaw Valley”. For den yngre garde er denne tittelen kanskje noko som ein bestefar har vore innom i historietimen, men for oss som låg klistra til radioapparata og noterte rundetider på gamle yatzy-blokker, er Knut ”Kuppern” Johannessen sitt Ol-gull på 10 000 meter skøyter i Squaw Valley i 1960 ein klassikar.

Men no skrid Kupperen i Squaw Valley!
Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
men ordi fær ein djervare sving,
og ho mor grip fastare um staven.

Den legendariske tida 15.46.6 er minstepensum for alle skøytefrelste. Resten av diktet ”Kupperen skrid i Squaw Valley” finn du i samlinga På ørnetuva frå 1961


Kvessar #6

Kordan er det å laga eit dikt? Kva føler diktaren når fingrane har klora bokstavane fast på eit stykke kvitt papir og resultatet er vorte poesi?

Den gamle diktaren har laga eit vers.
Og han er glad, glad som ei siderflaske
når ho um våren har sendt
ei buble frisk kolsyre upp
og er um å sprengja korken.

Hauge har laga mange slike siderflasker som me kan opna heile året og friska oss på. Diktet ” Den gamle diktaren har laga eit vers” finn du i samlinga Spør vinden frå 1971.


Kvessar #5

Halldis Moren Vesaas var forlagskonsulent for Hauge si første diktsamling. ”Men også manuskriptet av den ukjende mannen(Hauge) fekk eins indre flagg til å løfte seg, smått om senn – til det brått fauk til topps da ein litt uti boka støytte på dette, som gjekk inn som eit hogg”:

Svarte krossar
i kvite snjo
luter i regnet gruve.

Hit kom dei døde
yver klungermo
med krossar på herd
og sette dei frå seg
og gjekk til ro
under si klaka tuve.

”Det sat. Det sit. Den dag i dag synest eg at dette diktet er noko av det beste Olav H Hauge har gjort.” ”Svarte krossar” finnes i Glør i oska frå 1946. (Sitatet henta frå ”Ei bok til 60-årsdagen”)


Kvessar #4

Kva er sanning? Vi vil vel helst at sanninga skal vera eintydig; at livet er svart/kvitt. Du trudde kanskje vi skulle koma med heile sanninga, men så enkelt er det ikkje – alltid:

Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um hoso vore,
kan du godt strjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.
Andre held sanningi for
ei kald knivsegg,
ho er både
yin og yang,
ormen i graset,
og fuglekongen som lettar frå ørni
når ho trur seg høgst.
Eg har og set
sanningi daud:
augo stod som på ein klaka hare.

Vil du ha heile sanninga finn du henne i diktet ”Sanningi” i Dropar i austavind frå 1966.


Kvessar #3

Du er så vidt komen inn i Hauge sitt diktlandskap. Korleis skulle dette landskapet sjå ut? Han kunne bruka sonetten; det kunne gå i rim og rytme, men den frie verseforma er vel den som lever best i dag. Å skriva eit dikt er no arbeid, det og, seier Hauge. Ein kan sjå at mange av dikta hans er skriven av ein arbeidsmann, men korleis skulle diktet vera?

Eit godt dikt
skal lukta av te,
eller av rå mold og nykløyvd ved.

Verre er det ikkje. Resten av oppskrifta finn du i ”Eg har tri dikt” i samlinga Dropar i austavind frå 1966.

 


Kvessar #2

Du har nett starta turen i Olav H Hauge sitt landskap. Det er mange freistingar. Det er ikkje godt å veta kva du skal smaka først. Du treng kanskje ein vegviser, ein guide? Då kan du ta ein prat med

Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.

Diktet ”Katten” finn du i samlinga Dropar i austavind frå 1966.


Kvessar #1


Kan vi ikkje like godt starta med:

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå

Kanskje fører vegen deg til ein gamal apal i Ulvik, kanskje reiser du for å jaga dragar i Kina. Resten av dette diktet "Din veg", finn du i samlinga Under Bergfallet frå 1951.

Tekstansvarlig: Alf-Kåre Blindheim, Hovedbiblioteket

©Bergen Off. Bibliotek 2008