av trondbj — sist endret 2016-09-17T01:34:51+02:00

Kjære Jan Erik Vold. spor, snø. For ei vakker bok! Frie lette dikt - som dalande snøfjom. Du har vågå (sic.) det ingen andre har våga: skriva den fyrste samlingi med haiku på norsk. Og ingen kunde gjort det betre, me andre er for dimsynte, for tunge på handi. (...) Fær du høyra noko nedsetjande um henne, skal du tilgjeva, det kjem av uforstand.

(Brev til Vold, desember 1970, sitert i Under Hauges ord, s. 233.)

Kanskje likar ikkje kvinnfolki Strindberg; eg veit ikkje, dei likar gjerne best dei mannfolki som er stride med dei? Kva vert det att av Et dukkehjem etter Strindbergs kritikk, i fyreordet til Giftas? Skulde vore moro og sett maska på Ibsen då han las den! Ja ja, dette er å gå 100 år attende, men striden stend framleis. Det var berre meir blåst i dei dagar. Rett eller ikkje rett, Strindberg er herleg å lesa, det er sikkert. Skreiv han nokosinne ei keidsam line? Snautt.

(Brev til Bodil, mars 1973, sitert i Brev 1970-1975, s. 135.)

- Et liv uten bøker, kunne man tenke seg det?
- Hm... ja, det gjekk sikkert... mange lever godt utan bøker, dei er både glade og friske, ser ein... Men, der er eit gamalt ordtak i Kina - det var vel millom dei lærde det galdt - at den som har ein hage og eit bibliotek, han har det viktigaste her i livet

(Intervju med Jan Erik Vold i Basar nr. 1, 1978, sitert i Under Hauges ord, s. 83)

Fyrst dikti hans. Har me noko djervare i norsk etterkrigslyrikk, i tema, stil og tendens? Eg trur ikkje det. (...) At han endevender mykje av det me har lese og lært um norsk litteratur, fær so vera, me tek han ikkje alltid bokstaveleg, - (...)

(I skriftet En bok om Georg Johannesen, 1981, utgitt i fb.m. dikterens femtiårsdag, sitert i Under Hauges ord, s. 354.)

Det fyrste statsstipendet fekk eg utan å søkja. Lett-tente kroner, tykte eg. No fekk eg råd til fleire bøker.

(Bergens Tidende, 21/5-1988.)

Eg har aldri komme på å skrive prosa. Eg har krota ned nokre brevlappar. Det er vel prosa det og, veit eg. (...) Men essayet er ein stor ting! At ikkje essayet er med i innkjøpsordninga. John Ruskin til dømes er ein av dei største prosaistane som England nokon gong har hatt. Og han skreiv om målarar!

(Bergens Tidende 28/9-1991.)

Dei seier Hamsun skreiv um netene. Rolf Jacobsen seier også at dikta kom frå slikt han tenkte på um netene. Eg sov um netene. Det lyt ein arbeidsmann gjera. Men medan eg arbeidde på garden, kunne eg tenkja på andre ting, på dikt ved sidan av. Alle tankefolk liker grovt arbeid. Det er godt å hogga ved, eller gå. Ein kan ikkje tenkja medan ein sit.

(Adresseavisen 13/6-1992.)

Deg å takka stend Orvils samla dikt i hylla. Ja, eg var ikkje betre eg enn folk flest, Orvil var berre eit namn for meg. No må i alle fall litteraturhistorikarane sjå han! (...) Du har gjort godt arbeid her, Vold. Du har gjeve Noreg ein merkeleg lyrikar som dei ikkje visste um! Ikkje noko minder.

(Brev til Vold oktober 1993, sitert i Under Hauges ord, s. 387.)

Jeg har aldri skrevet særlig mye. Endel er det jo blitt i årenes løp, med dikt i samlinger og gjendiktninger. Det er alt jeg har gjort. Rolf Jacobsen gjorde ikke mer, han heller. Men han skrev lengre dikt, mer i fri form og prosadikt, og det tar større plass. (...) Det er forresten godt gjort, det Jacobsen gjorde. Jeg ser så mye fint i Alle mine vers, den siste samlingen hans. Det er noe av det beste vi har av dikt.

(Aftenposten 25/5-1994, bare få dager før han døde. Han var syk, og snakket om sin nylig avdøde diktervenn Rolf Jacobsen.)