av Cathrine Strøm — sist endret 2016-09-17T00:34:54+01:00
Olav H. Hauge er slett ikke bare en forfatter for gamle menn. Mange unge lesere har funnet veien til hans "ørnetuver" og "dropar i austavind", og det gjelder kanskje i særlig grad de som selv skriver. Vi har spurt fire yngre poeter om deres forhold til Hardangerdikteren.

Erlend O. NødtvedtErlend O. Nødtvedt

Debuterte høsten 2008 med langdiktet Harudes, en mytisk-rabulistisk poetisk fremstilling av hjemfylket Hordaland. ("Harudes" er det gamle latinske navnet på hordene, som har gitt navn til Hordaland.) Bor i Bergen.

- Hva er ditt forhold til dikteren Olav H. Hauge, Erlend?soderblom.jpg

- Jeg har et nært forhold til Hauges diktning, og har lest samlingene hans i filler. Flere må gjøre som jeg gjorde i år: les dagbøkene! En fantastisk miks av små essays, hverdags-fabuleringer, arbeidsskildringer (fra både hage og skrivebord), sutring over mageknipe etter for heftig tobakkstygging eller siderinntak, sterke vitnesbyrd om ensomhet, fabuleringer om bøker og litterære strømninger, galskap, diktning, liv og død.

- Når traff du på diktene/tekstene hans første gang?

- Fikk Dikt i samling i gave i tenårene. Forsto fort at dette var min mann.

- Har Hauge påvirka deg i din egen skriving?

- Hauge har i høyeste grad påvirket min egen skriving. Diktsamlingen min Harudes inneholder sågar flere Hauge-sitater, samtidig som enkelte av diktene går i direkte dialog med Hauge.

- Hvis du skulle anbefale Hauge til noen som aldri før har lest ham, hvor ville du foreslått å begynne?

- Begynn med På ørnetuva, ha Staffan Söderbloms bok Och jag var länge död i umiddelbar nærhet. Hør deretter Hauge lese sine egne dikt på platene som følger med Mange års røynsle med pil og boge.

- Har du et favorittdikt eller sitat fra Ulvik-dikteren?

- Med pistol mot hodet må det nok bli "Gullhanen".



Hilde MyklebustHilde Myklebust

Har akkurat sluppet sin andre diktsamling, Søkk, tre år etter debuten Berre dagar seinare. Bor i Syltedalen på Sunnmøre og i Oslo.

- Hva er ditt forhold til dikteren Olav H. Hauge, Hilde?

- Eg tenkjer stundom på kor nær ein kan kome nokon som ein aldri har møtt. Berre gjennom ord, tankar, bilete kome så nær. For eg kjenner på ein nærleik til Olav H. Hauge som eg ikkje kjem utanom.

Han styrkjer noko i meg. Han styrkjer diktinga mi, styrkjer blikket mitt når eg rører meg ute, i røynd og i draum, styrkjer evna mi til å fange det som ser smått og stakkarsleg ut, ta det heilt enkle språket, lyfte det opp, halde det i hendene, halde det opp mot lyset og gjere det til ein spegel for noko som er større.

- Hvordan (hvor/når/på hvilken måte) traff du på diktene hans første gang?

- Dikta til Hauge grov seg inn i meg, utan at eg visste om det, gjennom skulegang, bøker, musikk, lærarar, ei gryande poesiinteresse, - heilt til eg ein dag merka at eg var breiddfull av sitat og setningar, svarte krossar, diktliner, vågar eg ikkje visste om, funderingar og bilete som leitte seg attende til same mann. Diktarskapen hans berre grodde fast i meg, langsamt, stilt, nærast umerkeleg. Slik tjern grør att, eller slik mose grør over steingardar: tid går, og ein dag er det berre vorte slik, ein ser utover landskapen og tenkjer at det er vorte annleis, det har endra seg, det er slik det skal vere, det er vakkert, tenkjer: kva tid kom dette til?

- Har Hauge påvirka deg i din egen skriving?

- Olav H. Hauge har synt meg at det ikkje er naudsynt å bruke dei store orda og dei største rørslene for å skape gode dikt. At det er det lågmælte og langsame som best speglar dei sterkaste kreftene som buldrar og bryt under overflata i oss. Olav H. Hauge har synt meg at det gjeng an å både leva og dikta i kvardagen òg, den grå stille dagen.

Ein stad, i dei mange dagbøkene sine, skriv han:

"Han skapte ikkje noko ny form, segjer dei. Nei, men mange store diktarar fylte den vanlege forma med innhald, og tykte det var godt nok. Shakespeare, Goethe var nøgde med det."

Hauge har fått meg til å senke skuldrane når eg skriv. Han har fått meg til å lytte, sjå, kva er det eg har her, kva vil eg skape av dette, han legg ei hand på skuldra mi og bed meg om å ikkje kave meg opp, ikkje la meg jage mot å finne ei ny form. Det er innhaldet som skaper forma, eller rettare: diktet finn den forma det må ha, den forma det treng for å verte til. Hauge stagnerte aldri, han var alltid i utvikling, var ikkje redd for nye former, - men han hadde si eiga tilnærming, han let seg ikkje fylgje straumane som drog på overflata, men let dikta sjølve gli som grunnvatn like under, til dei stundom sprang som kjelder ut i røynda, stilt og forbausande friskt.

- Hvis du skulle anbefale Hauge til noen som aldri før har lest ham, hvor ville du foreslått å begynne?

diktsamling.jpg

- Det kjem så an på kven han eller ho er, som aldri før har lest Hauge.

Var vedkomande ein ungdom, ville eg seie: Gå sporenstreks og lån/kjøp Dropar i austavind. Tingdikta hans ser ut til å fenge dei unge, og vert såleis ein fin innfallsport til resten av forfattarskapen.

Var vedkomande ein som hadde lest mykje norsk lyrikk, men aldri Hauge, ville eg fyrst undre meg, og deretter gje frå meg ei handfull enkeltdikt som saman spegla mangfaldet og djupna i forfattarskapen hans, til dømes desse:"Tid å hausta inn", "Gullhanen", "Eit ord" og "Kvardag".

Desse dikta ville eg forresten anbefale til kven det måtte vere.

- Har du et favorittdikt eller sitat fra Ulvik-dikteren?

- Å velje ut eitt favorittdikt frå ein slik forfattarskap. Ei nærast umogleg oppgåve! Men sidan det no er haust, sidan stjernehimmelen vert sterkare for kvar einaste kveld framover, vel eg dette som mitt haustfavorittdikt:

Eg dreg ifrå glaset

Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,
eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen. Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.
No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.
Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.


Mona HøvringMona Høvring

Debuterte med diktsamlinga IIK!! Ein dialog i 1998, og ga i år (ti år, tre diktsamlinger og en roman senere) ut foto-diktboka Å paradis. Bor på Vestfossen.

- Hvordan (hvor/når/på hvilken måte) traff du på diktene/tekstene til Olav H. Hauge første gang?

- Den fyrste gongen eg las Hauge gjekk eg på ungdomskulen, det var altså på midten av syttitalet, og eg var deprimert. Då eg skulle norsktentamendebutere, valde eg å analysere eit dikt av han. Teksten gjorde sterkt inntrykk, eg fann ei slags roleg trøyst i forsøket på å tolke skrifta, sjøl om ho ikkje hadde noka løysing på tilværets si tidvise einsemd og fortvilande flokar, - og diktet, fritt sitert frå langtidsminnet, går slik:Ingen har varda den vegen / du skal gå / ut i det ukjende / ut i det blå. / Dette er din veg. / Berre du / skal gå han. Og det er / uråd å snu. / Og ikkje vardar du vegen, / du hell. / Og vinden stryk ut ditt far / i aude fjell.

Veit ikke om eg framleis er samd i filosofien her, - og, eg har, diverre, ikkje boka, men ifølge nettsida til Bergen Off. Bibliotek så er dette diktet frå samlinga Under bergfallet som kom ut i 1951, og heiter "Din veg".

- Har Hauge påvirka deg i din egen skriving?

- Eg trur, ganske enkelt, at alt vi les, og ser og høyrer osb, påverkar oss på mange plan, alt vi tek til oss skal gjennom det mentale fordøyingssystemet, anten vi vil, eller ikkje. Konkret og indirekte, forståeleg og abstrakt.

Hauge skreiv:

"Barn, du veit ikkje / kva verd du er kome til, / du skynar ikkje / den myrke tåra til mor di."

Og fleire tiår seinare, i diktsamlinga IIK!! Ein dialog, skulle eg sjøl komme til å skrive [med bokmål som skriftleg hovudmål, med nynorsk som tilnærma talemål, og med stor glede over å få høve til å utforske den nynorske grooven og klangen]:

"Då eg blei født var alle sølvskeiene borte. / Då eg blei født skreik eg og mor mi. / Då eg blei født kraup ei flue over pannefontanellen. // Det var ei tung flue."

Og tungsinnet var framleis på vitjing, og sa:

"Eg har ingen å snakke med. / Eg har ingen å snakke med om dei viktige tinga."


 

Joar TibergJoar Tiberg

Joar Tiberg har gitt ut til sammen seks dikt- og reportasjebøker. Seneste utgivelser er den poetiske fuglekikkerboka Fåglar i förorten fra 2007 og mikroutgivelsen ---t--m-p-t--Forlaget Attåt i 2008. Bor i en forstad til Stockholm.

- Hva er ditt forhold til dikteren og oversetteren Olav H. Hauge, Joar?

- klef! hah! Fdioshg, , fs, gdlsl nksghfs , lhsf fkskjdjh jksdf dfkjksnksdfkbm,fn jsk kkska dfnkjbs kfhskdjf kjdh kk kdjk kdsk khgjya, aj!

- Hvordan (hvor/når/på hvilken måte) traff du på tekstene/forfatterskapet hans? (Og: Ble du overrasket over hva du fant?)

- Kjsdhf, rwtye, eowk, dijjkl hka kas djk kjsdhkj kjhks js kdfkh kjfhgkl køouyi k al k jgkl kjdhfk kj kdka kjdfhhøpgrtru kh gm- lfk lglkj kghkøL , dg.

- Har Hauge påvirka deg i din egen skriving?

- Jaj jf I k ier iikk oiiho kkkhkl ikki ikjiku kio iki ifkiikikyik ikikigk iiki iiki ikgi, ikk!!

- Hvis du skulle anbefale Hauge til noen som aldri før har lest ham, hvor ville du foreslått å begynne?

- Från najbør.

- Har du et favorittdikt eller sitat fra Ulvik-dikteren?

- Njej!

 

 

Kontant svar fra Joar Tiberg der, altså. Les for øvrig også den fine teksten hans om Hauge, Under Hardangers himmel på Ordfront magasin på nettet. Flere yngre forfattere om Hauge finnes også i den nye antologien Tid å hausta inn der for eksempel bidragene til poetene Ruth Lillegraven og Ingrid Storholmen er å anbefale.