Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.

Jan Stenmark

av Agnes Ravatn — sist endret 2019-05-09T11:47:16+02:00
Første gongen eg såg arbeida til Jan Stenmark, tenkte eg: ”Eg visste det! Eg visste at det måtte finnast, berre ikkje kor!”
Jan Stenmark

Örat mot väggen

Kartago Forlag
Mykje fall på plass då eg blei merksam på bøkene hans, som har kome ut i ein jamn straum sidan Detta har hänt (1990). Stenmark tilhøyrer ein tradisjon som er så godt som fråverande i Noreg, men som til gjengjeld er levande til stades i Sverige. Eg har ikkje noko bestemt namn på denne tradisjonen, eg veit berre at han ikkje finst i nemneverdig utstrekning her til lands, og det er synd. Det siste me treng er vel endå ei bitter påminning om den grenselaust skeive fordelinga. Svenskane har fått alt, kan ein ofte ta seg i å tenka: Bergman, Bellman, Astrid Lindgren… og altså ikkje minst, Jan Stenmark.

Montasjeteknikken hans er i utgangspunktet ikkje unik: eit bilde, ofte ein kollasj av fleire andre bilde, med ein liten tekst til. Bilda er stort sett henta frå vekeblad frå femti- og sekstitalet. Han har etter eige utsegn eit enormt reservoar av slikt bildemateriale, etter årevis med leiting i gamle bruktsjapper og antikvariat, og i tillegg til penn og ei kopimaskin er det det einaste han treng av utstyr for å laga bilda sine. Men sjølv om mange har forsøkt å kopiera Jan Stenmark, i stil, tone og uttrykk, så er det ingen som får det til. Det er ikkje godt å seia presist akkurat kva det er som gjer Stenmark så umuleg å kopiera, når det samstundes ser så lett ut. Men truleg har det med kombinasjonen av nostalgi, absurdisme, kynisme og varme å gjera, og som for meg resulterer i at Stenmark høyrer til det ypparste av humor. Det er kunst for kunstens skyld på sitt beste. Det er så upretensiøst og så frekt, så burlesk og så overraskande. Ei feiring av det dumme og det skarpe, det uventa, og det gamle, vante: og brotet. Samstundes ligg det ofte eit eksistensialistisk alvor og vakar like under overflata, ein kommentar til menneskets vilkår, dødsmedvitet, og menneskelege relasjonar. Like ofte ironiserer og parodierer bilda hans den delen av filosofien som krinsar rundt slike tema.

Den svenske poeten og kritikaren Anna Hallberg skriv om Stenmark: ”Och liksom när man läser poesi gör man klokt i att inte läsa för många åt gången. Då infinner sig snabbt en mättnad, man ser mönstren i förväg, hinner parera och upplevelsen går förlorad. Placera i stället Storpack på nattduksbordet och läs ett par tre stycken. Det är precis lagom för att känna att man inte är ensam i världen. Och för att kunna skratta lite åt det förtvivlat hopplösa, och likväl förtröstansfullt gemensamma, som det är att vara människa.”

På Galleri finn du dei to siste bøkene hans: U-sväng inslagen i folie og Örat mot väggen. Førstnemnde inneheld polaroidfoto med bildetekstar, og skil seg dermed litt frå den øvrige produksjonen. I tillegg har biblioteket kjøpt inn Storpack (Kartago forlag, 2007). Dette er dei to første bøkene hans, Detta har hänt og Det började med fåglar, som er trykt opp att og samla i éi bok - eit praktverk og ei pryd for ein kvar heim! Dessverre er dei andre bøkene hans utselde frå forlaget, men er ein heldig kan ein få tak i nokre av dei eldre titlane på antikvariat.

Det er eigentleg ingen grunn til at ikkje nordmenn også skal trykka Jan Stenmark til sine bryst. Mange kunne ha godt av å blir rykka ut av den automatiserte kvardagen sin, og då er dette ein god stad å starta. Ein får ein sterk lyst til å leva i ei verd der Jan Stenmark sine arbeid finst. Jan Stenmark har i fleire år har han hatt fri boltreplass på kultursidene i dagsavisa Aftonbladet, noko som delt lesarane på midten: anten elskar dei han eller så hatar dei han.

 

Først publisert: 30.08.07