av admin sist endret 2016-12-21T12:07:52+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg jobbar sporadisk. Ikkje meir enn 2 timar pr. dag.

Kva er bakgrunnen din?

Eg skreiv høvesdikt i ungdomen. Første tekst eit dikt frå gymnastida i Nordfjordeid. Byrja skriva dikt etter eg slutta jobbe på skipsverftet i Leirvik i Sogn.

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Eg vart inspirert til skriving av Olav H Hauge, Vesaas, R Jacobsen og fleire.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Eg "måtte" skrive, sidan dikttankane melde seg sterkt. No skriv eg for å bidra med mitt syn i debatten om kva mennesket er (sjå ny diktsamling: Steg -frå klår himmel)

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Artigaste opplevelsen var å skrive forteljinga "Nattsong" i boka "Natttsong og andre forteljingar" 2002. Samstundes var den forteljinga den mest anstrengande å skrive

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?
Eg nyttar til ein viss grad minne (sjølvsagt?) og prøver bearbeide dei til litterær verdi.