av admin sist endret 2016-12-21T12:10:48+01:00
Den 9.oktober 2003 sendte biblioteket ut en serie spørsmål til forfattere tilknyttet vestlandet. Spørsmålene er gjengitt i kortform.
Korleis ser arbeidsdagen din ut?

Eg ”jobbar ikkje”. Ein viktig grunn for meg til å bli forfattar var å unngå målrasjonaliteten som omgrepet ”jobb” innebærer. Eg har ingen ”jobb” ingen ”karriere”, eg skriv ikkje av nokon uttalt ”grunn”. Det vil seie, desse grunnane befinner seg hinsides begrep som ”jobb” og ”rasjonalitet”. Kanskje meir i pakt med den unge Marx’ ideal om å vera gjetar om morgonen og forfattar om kvelden. Evt. røyrleggar om dagen og kunstnar om kvelden.

Note 1: Eg likar ikkje det ertefine begrepet ”kunst”, m.a. sidan eg ikke henvendar meg til ”poesiens venner” eller andre litterære grupper med røter i over/mellomklassa, eg kjem sjølv frå eit proletært miljø som oppvaksen på Sola kommunes minst innbringande småbruk.

Med andre ord, eg skriv i små rykk og napp, i lange periodar slett ikkje, eg likar verken ”jobb” eller ”pensum” – eg las derimot som student for å bli forfattar, dvs. at eg las alt anna enn ”pensum”. Med andre ord, eg utdanna meg til å bli ein mest muleg ubrukeleg person på arbeidsmarknaden både for å sikre meg at evt. byråkratiske organ (arbeidskontor, sosialkontor) ikkje skulle kunne finne ”jobb” til meg (eg har 4 dårlege mellomfag og er dermed både ukvalifisert og overkvalifisert til dei fleste jobbar) og fordi dette for meg syntes å vera den beste veg å bli forfattar på, med andre ord: å ikkje ha noko å falle tilbake på.

Kva er bakgrunnen din?

Eg viser til spørsmål 1. Eg dreiv og skreiv frå eg var 15-16 år, men trefte ikkje ein forfattar før eg tilfeldigvis møtte Jo Eggen på eit politisk seminar då eg var 22 år.

(Note 2: Den ”kulturelle kapital” i min familie er vel snarare Sputnik og Se og Hør, noko eg ikkje beklagar, sidan snobbefellene er mange innan kunsten. Mormor mi fra Lysefjorden meinte at bøker berre samla støv. Men ho lika ”Anna i Ødemarka”. Til dagleg ferdast eg (som pubgjest og biljardspelar) mest i lag med oljearbeidarar, taxisjåfører, kokkar og postbud som sjeldan les bøker og i alle fall ikkje slike som har ”kulturell kapital” les.)

Sidan arbeide eg jamt og trutt for å debutere, med om lag 2-300 refusjonar. Gjennombråtet kom då eg budde på ein liten hybel på eit nedlagt samvirkelag i Trøndelag. Eg var ikkje i kontakt med nokon forfattarar. Eg dreiv dette fram av eigen energi. I april –83 fekk eg beskjed om at eg fekk debutere på Gyldendal. Boka kom ut i oktober. Då hadde eg også meldt meg på eit forfattarkurs i Bø som eg rett nok ikkje fullførte, men som skaffa meg eit litterært miljø av folk som seinare blei både vener og forfattare (13 av 15 debuterte på det kullet, minst eg).

Kva litterær tradisjon eller familie føler du deg i slekt med?

Litterær tradisjon? Tja, det må vera modernismen. Den tradisjonen har eg nok ”snakka litterært med”. I Noreg var det vel helst Profil-generasjonens poetar som interesserte meg, samtidig som vi sjølv bygde opp ein generasjon av poetar på 80-talet som vel utgjorde ei slags ”gruppe” utan at nokon tok på seg å framstille den som slik. Høyr på CD’en Vagant gav ut tidleg på 90-talet. Det er mine folk.

Kva er det som driv deg til å skrive?

Det einaste som driv meg til å skrive (forutan eit obskurt indre trykk) er pengar, tanken på å kunne leva av å skrive. Utan det økonomiske incitamentet hadde eg neppe gitt ut mange bøker, men nokre av dei hadde eg vel skrive uansett. Barne- eller ungdomsbøker hadde eg i alle fall aldri utgitt.

Kan du fortelja om nokon store skriveopplevingar?

Skriveopplevingar? Rykk, napp, raptus. ”Rykningar” har eg kalt det ein stad. Eg veit ikkje kva det er. Berre at ein føler at ein må seie noko og at det gjer godt å få sagt det. Omn det gir ”meining” å skrive? Knapt anna enn terapeutisk og som økonomisk levebrød. Eller for sjølve kicket i opplevinga av å skrive noko bra eller noko ein trur er bra. I sosial eller kulturell/offentlig samanheng oppfattar eg det som 100% meningslaust sidan bøkene mine tydelegvis ikkje kommuniserer med nokon eller får kvalifisert merksemd (eller for den del merksemd i det heile). Eg hadde vel tenkt meg dette annleis då eg starta, men eg innser at eg var naiv. Den norske offentlegheita oppfattar eg det som latterleg å vere ein del av (dersom ein er det). Dei mediale kriteria for kva som blir oppfatta som ”viktig” både innan kunsten og anna oppfattar eg som så dumme at eg ville ha vurdert å avslutte forfattargjerninga dersom eg hadde noko anna val. Det har eg dessverre ikkje.

Korleis stiller du deg til begrepa ”biografi” og ”minne” i eige skriving?

”Biografi” er ikkje omgrep eg har tenkt nøye over. Omgrepet ”biografi” (meir eller mindre ”biografisk skriving”) viser vel til ein for tida utbreidd roman-mote, sjølv om også bohèmen ville ”skrive sitt liv”. Nei, dette trur eg ikkje på, endå eg har utvikla noko eg meiner er ein svært subjektiv/personleg/(privat?) skrivestil innan lyrikken. Men stilen er jo ikkje ny, og den er for min del uavhengig av kortids-motane i den litterære andedammen i Noreg. Eg veit at eg skriv umoderne og på tvers av alt, det er slik eg vil ha det. Romanane mine betraktar eg som forsøk, barne- og ungdomsbøkene likeså. Den beste romanen min er nok ”Hjarteblod”. Den har ingen biografiske trekk. Når det gjeld ”minne” går eg ut fra at det meinast ”personleg minne”. Slikt brukar ein forfattar alltid som eit av flere element. Mest uttalt har eg vel gjort det sjølv i ei diktbok for barn som heiter ”Ei fjør i hatten” og ei diktbok for ungdom som heiter ”Dei penaste jentene på TV”, som eg fekk et par priser for. Kanskje fordi nokon kvinnelege bibliotekarar følte at eg var ”ærleg”. Det meste av det eg har skrive er oppspinn og hugskott. Eg veit ikkje om eg trur på at litteratur bør vera stort anna.