Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Erlend O. Nødtvedt sist endret 2019-05-03T09:35:40+02:00
Bibliotekets utsendte møtte det litterære stjerneskuddet Agnes Ravatn i Krakow for å få et innblikk i hennes boklige bakgrunn. Les intervjuet komplett med Agnes' bokanbefalinger her!

 

Wavel-høyden i Krakow, en lett maibris blafrer i listen over bokanbefalinger forfatteren, essayisten og journalisten Agnes Ravatn fra Ølen har sendt oss. Agnes ankommer turistcaféen standsmessig i bil med egen sjåfør. Hun har nemlig blitt innvilget et tre måneder langt skriveopphold på et ekte slott et stykke utenfor den polske kulturbyen. Med det følger visse privilegier. Agnes vifter sin livré-kledde oppasser vekk, tar av skaut og solbriller, neier og utsier sitt dzien dobry før hun setter seg ned med bibliotekets utsendte. Etter en måned i Polen har Agnes allerede rukket å bli avhengig av de polske komleaktige pierogi som hun oppbevarer i en mageveske. Hun byr på en pierogi fylt med kål og sopp, tar selv et par før hun tenner en mentolisert cigarillo og utbryter:  - Kvifor fins det ikkje fleire slike bøker?

Hei Agnes! Ja, takk, for all del, skjenk i, skjenk i! Og til lykke med din nokså ferske bok, Folkelesnad, som jo har skapt debatt på høyeste nasjonale nivå. Blæsten må jo tilsvare rundt regnet 12 millioner i PR-verdi. Trives du som dagsordensdirigent?

Ikkje noko spesielt.

Det begynner å bli noen rynker siden debutboken din, den bittersøte men ujevne bestselgeren
Veke 53. I mellomtiden har du jo gitt ut Stillstand, en annen sakprosabok, og skrevet fast for Dag og tid. La oss nå, før denne fuselbefengte śliwowicaen fratar oss synets gave, vende oppmerksomheten vår mot listen. Hvordan har du gått frem i utarbeidelsen av anbefalingene? Vil du si at dette er bøker som har formet deg?

Ja, det kan ein nok seie. Eg prøvde å hoste fram bøker som har vore viktige for meg, på den eine eller den andre måten. Eg må vedgå at dei aller fleste bøker er gløymt i same sekund som eg har lese dei ferdig, medan dette alle er bøker som har blitt verande i medvitet mitt, bøker som eg må ha i nærleiken og som eg ofte hentar fram og les i på ny. Det er fellesnemnaren.

Men er flesteparten av disse titlene ting du leste tidlig? Hvordan ser din leserbiografi ut?

Tidleg og tidleg fru Blom, men dei fleste bøkene på lista las eg nok før eg var tjue. Som barn flest las eg nærast kva som helst, og opp til 14-årsalderen las eg like mykje teikneseriar som bøker. Men bøkene til Roald Dahl var dei første bøkene eg verkeleg elska, den storarta humoren, og det burleske og amoralske universet der ufyselege menneske blir straffa på verst tenkelege vis, barn som vaksne.

Leste du noe annet enn romaner?

Teikneseriar var like viktig. Eg kjøpte blad i bruktbutikkar og lånte av bror min, eg likte Ernie, Asterix, Tommy & Tigern, Dilbert, Gary Larson. Men først og fremst Lucky Luke, som det vil vere rett å seie at eg var besatt av. Eg fekk mitt første Lucky Luke før eg kunne lese, far min kjøpte eit Lucky Luke til meg og eit Tintin til bror min ein gong han hadde vore innom Lesehesten under eit seminar i Bergen. Heldigvis var begge foreldra mine med i lærarlaget og måtte reise på seminar og møte med jamne mellomrom, og kom alltid heim med eit nytt Lucky Luke-album. I dag har eg komplett samling. I starten måtte eg dikte opp teksten sjølv sidan eg ikkje kunne lese. Men eg hugsar enno den første snakkebobla eg greidde å tyde, ein stor personleg triumf: «Bibler! Salmebøker! Oppbyggelige tekster!», frå ein fortvila Joe Dalton, som hadde røva ei kiste frå ein prest og endeleg fått opna henne. Eg laga òg min eigen spin-off-serie, Søstrene Dilton.

«Bibler! Salmebøker! Oppbyggelige tekster!»


Jeg ser i din curriculum vitae at du er kåret av Reiseradioen som den fra Vindafjord med best allmennkunnskap. Hvordan har dette gått til?


Innimellom bøker og teikneseriar las eg mykje i leksikon, både for barn og for vaksne, og syntest det var spennande å lese om eldre historie (inni mellom dei obligatoriske oppslagsorda «forplantning» og «befruktning»). Eg laga òg mitt eige historieverk – mynta på unge studentar -, med alternativ framstilling av verdshistoria: «1. jernalderen 2. steinalderen 3. vikingtiden 4. indianertiden 5. pirattiden», samt faunaen «Norske dyr, på nynorsk – illustrert av forfattaren», men kom berre til B for bever, før eg mista interessa.

I følge din mor var du et veslevoksent, nebbete barn som truet med advokat så fort du fikk høre et par Pauli ord. Og du lærte deg latin som femåring?

Eg las mykje krim og «vaksenbøker» tidleg, sjølv om eg med jamne mellomrom blei nekta av bibliotekaren. Men eg trur Jonas av Bjørneboe var den første boka eg las der eg tenkte at no les eg ei vaksenbok, som fjortenåring. Boka slo frykteleg sterkt an på den sterke rettferdsstrengen som barn har. Frå då las eg alt av Bjørneboe i ein rasande fart, og i årevis gjekk eg og hadde oppdikta samtalar med han inni hovudet mitt. Sannsynlegvis var han min første store kjærleik – då meiner eg ikkje som forfattar, men som menneske. Eg gjekk rundt og sakna han intenst, og syntest det var uendeleg sørgeleg at han var død. Ikkje at eg trur det ville blitt ein stor suksess dersom eg hadde fått møte han, men likevel.

Du tror med andre ord du hadde tapt i håndbak? Jeg har da selv sett deg på overbevisende måte nedtvinge armene til opptil flere litterære storheter, hvorav flere finnes på listen?
 
Av namna på lista har eg nok berre brote handbak med Hovland, Askildsen og Rorgemoen, og eg måtte dessverre sjå meg slått av dei alle tre. Eg er svak i armane, men sterk i beina, og har kome triumferande ut av revkrok med eit ikkje ubetydeleg antal forfattarar. I litteraturlivet må det av og til fysiske tevlingar til, ein kan ikkje berre drive med poesislam. 

La oss se litt nærmere på bøkene du har plukket ut. En tidlig modernistisk klassiker er Hjalmar Söderbergs Dr. Glas, om legen som med Raskolnikov i bakhodet, men med et ganske annet motiv, gjør seg selv til drapsmann?

Ja, men sjølve drapet er kanskje det som interesserer meg aller minst i denne boka. Som dei fleste kanskje erfarer, blir det berre vanskelegare og vanskelegare å la seg verkeleg begeistre av bøker - men Dr. Glas, som eg først las for ein tre-fire år sidan, er ei bok eg har lengta etter. Kombinasjon av dagboksforma, melankolien, desillusjonen og humoren tiltalar meg veldig. Først etterpå las eg Garborgs Trætte Mænd, som liknar i stiltone og form, og som var sjokkerande fornøyeleg. På eit vis har kanskje Dr. Glas noko til felles med Bjørn Hansen i Ellevte roman, bok atten - opplevinga av at tilveret er umuleg driv dei begge til ei ugjenkalleleg handling; for Dr. Glas er det drapet, for Hansen å setje seg i rullestolen. Dr. Glas er ein observerande outsider med eit kvernande sjølvmedvit, akkurat som dei fleste av Solstads personar.

Solstad, ja. Jeg forstår han har betydd mye for deg? Noen vil kanskje bli overrasket over at du velger to såpass nye bøker fra hans omfangsrike forfatterskap?


Eg veit ikkje kva slags folk det skulle vere. Men bøkene heng jo saman, og eg syntest dei begge er blant Solstads beste. Eg synest dei høyrer til både det morosamste og dystraste han har gjort. Men det er eigentleg ikkje noko kjekt å like Solstad, alle gjer jo det.

I litteraturlivet må det av og til fysiske tevlingar til, ein kan ikkje berre drive med poesislam.


Den fremmede av Albert Camus er en bok som for min del var en sjokkartet opplevelse da jeg leste den i ungdommen. Beskrivelsen av hovedpersonen Mersaults totale likegyldighet ovenfor det meningsløse drapet han begår er en rystende studie i total fremmedgjøring. En bok som en gang for alle bekrefter menneskelivets grunnleggende meningsløshet?

Ja og tja. Boka greip meg veldig då eg las henne, mot slutten av vidaregåande. Mersaults likesæle var både skremmande og gjenkjenneleg. Dette med meiningsløysa og det absurde var mulegens noko som opptok meg meir før enn no. Ikkje dermed sagt at eg har funne noka som helst meining, snarare har eg ei meir forsona innstilling til meiningsløysa. No må eg passe meg for å seie for mykje. I morgon kan eg like godt seie det motsette, det kjem litt an på dagsformen.

Og det er den første og siste boka eg har lese der sola og den trykkande varmen er opphøga til ein interessant bikarakter. Eg er vanlegvis svært kritisk til naturskildringar. Nei, forresten er den trykkande varmen òg sentral i Dr. Glas, der all handling er lagt til ein uvanleg varm sommar i Stockholm rundt 1900.

Like varmt som det er her, nesten. Jeg må be om nok en forfriskende pierogi fra rumpetasken din, og kanskje skal vi bestille en liten liter til med śliwowica? Jaja, hvis livet er meningsløst kan vi vel ha det gøy for det? Agnes, jeg må spørre deg, blir du noen gang kvitt dette raggete Hovland-stempelet
?

Det blir eg nok aldri, så lenge eg skriv på nynorsk og “bruker humor som virkemiddel”, som folk utan humor gjerne seier. Men eg ser ikkje på Hovland-stempelet som ei tung bør. Bøkene hans har utan tvil hatt mykje å seie for meg. Eg trur nesten det var han som gav meg lyst til å skrive igjen, etter at eg i mine tunge, tidlege pubertetsår la skrivinga på hylla til fordel for baksnakking og volleyball.

Eg trur nesten det var han som gav meg lyst til å skrive igjen, etter at eg i mine tunge, tidlege pubertetsår la skrivinga på hylla til fordel for baksnakking og volleyball.


Hovland er Hovland. Kanskje vi skal forfølge sporet til Einar Økl …neimen se, Agnes! Jeg tror forsyne meg det er professor emeritus Asbjørn Aarnes som sykler forbi i sin nye topp for å møte eksen. Å, kan du ikke fortelle litt om gullalderen i Bergen, med Ikke til hjemlån-fanzinen (som jo senere ble bok på Samlaget!) som naturlig omdreiningspunkt. Kunne Ikke til hjemlån eksistert uten Jan Stenmark?

Ja, Ikke til hjemlån kunne så definitivt eksistert utan Stenmark, for det var ingen av oss som kjende til verken mannen eller arbeida hans før etter at me hadde halde på ei stund. Men etter at me hadde oppdaga han, blei det nok litt tyngre, ja.

Mens vi er i det små-absurde strøket: Jeg husker fra min ungdom at jeg ved en anledning oppsøkte det utmerkete Bergen offentlige bibliotek. Der spurte jeg en dundre i skranken, som jo i etterkant viste seg å være deg!, om hun ville anbefale en bok. Du gikk sporenstreks til magasinet og opphentet Henri Michaux’ kortprosasamling
Plume. En blott-til-lyst-bok?

Plume er jo morosam lesnad, men òg brutal. Det er snakk om Egners “Den uheldige mannen” utan lykkeleg slutt.  

Det er snakk om Egners “Den uheldige mannen” utan lykkeleg slutt.  


Du har en klassisk romer på listen, nemlig Seneca den yngre, eller Lucius Liksom som han ble kalt i sin samtid. Kan en rundt to tusen år gammel bok som Epistulae morales ad Lucilium si oss noe i dag?

Når det gjeld Seneca, så er vita brevis, memento mori-tematikken gjennomgåande i breva til den unge Lucilius. Ei anna bok ber den sjølvforklarande tittelen Om livets korthet. Ei sentral Seneca-setning eg stadig siterer, når eg prøver å lokke folk til sengs, neidå, er: “Det gjeld ikkje å leve lenge, men å leve nok.” Eg trur nok dette var slikt som opptok meg veldig i lat oss seie 22-årsalderen, at ein må få noko ut av livet, kvar dag tel, osb. Eller som Warren Zevon formulerer det: Enjoy every sandwich. Det høyrest banalt ut, men det er jo ikkje det. Og det skadar ikkje å tenke i dei banar i ny og ne. Eg trur denne typen livsførselsfilosofi i prinsippet har veldig gode levekår i dag, det er jo ei form for luksusproblematikk, men dessverre skjér det vanlegvis berre ut i new age og The Secret-livsførsel.

En annen filosof på listen din som har skrevet en del om både Seneca og Epikur, er jo papa Jon Hellesnes, han med firkanteggene. I Om livstolkning finnes det et stykke som heter “Tilfeldig bagasje” der Hellesnes nesten kan tolkes som determinist?

Ja, i grunnen kan han det, og det er jo vanskeleg å vere usamd: “Mykje er alt staka ut i og med utrustninga vår, i og med den bagasjen vi har fått med oss på livsvegen, og det er slikt som temperament, karakterdrag, spesielle talent, fantasi, teft, intelligens, helse, livskraft og utsjånad. Er ein dårleig utstyrt i så måte, kan det neppe gå bra.” Og motsett, er ein velutstyrt frå fødselen av, er det nesten nøydd til å gå ein godt. Så urettferdig er livet, og det er grunnen til at ein til dømes arbeider politisk for sosial utjamning. Det merkelege er at folk som har hatt flaks frå fødselen, trur dei har gjort seg fortent til suksessen sin. Men dei har jo ikkje gjort noko for det. Alt dei har gjort er å bli fødde.

Fuglane. Fuglane. Fuglane. Finnes det en vakrere roman på norsk?

Det veit eg ikkje, men det er iallfall den einaste romanen som har gitt meg lyst til å bli omsorgsarbeidar! Det seier litt om bokas kraft, skulle eg tru, eg som elles berre har sjølvomsorg.

Fordi du får vondt av Tusten? Er det ikke også noe paradoksalt heroisk ved denne skikkelsen?


Først og framst på grunn av forholdet mellom Mattis og Hege, trur eg. Ein særleg hjarteskjerande konflikt i boka, er jo kor mykje Hege skal ofre av si eiga lykke for å ta seg av Mattis. Ein konflikt som eskalerer ved at Jørgen kjem inn i biletet, og som driv Mattis til sjølvmordet. Opplevinga hans av å vere ikkje anna enn ei bør, erkjenninga av at det beste for alle er om han blir borte. Det er opprivande, fordi det er så mykje sanning der. Og boka har overføringsverdi til dei fleste område i samfunnet, frå fostervatnsproblematikk til asylpolitikk. Formidla i ein lyrisk prosa som her, gjer det boka til eit meisterverk som eg håpar aldri vil døy. Så er det sjølvsagt den andre sida ved boka, om Mattis som kunstnar. Han har eit sanse- og persepsjonsapparat som viser kva kunsten blant anna kan gi oss: ei oppleving av den grå kvardagen som magisk. Slik kvardagen faktisk er, om ein berre stansar opp og tenkjer seg litt om. Og det burde folk strengt tatt vere i stand til å skjøne sjølv, ein burde ikkje trenge Tusten til å vise oss det. Men slik er det jo ikkje, når alle ledige stunder går med til å pusse opp kjøkkenet og bestille time for analbleiking. Der har du verda i 2011. Såpass moralistisk må det vere lov å ytre seg.

Du skal få en stiloppgave av meg: Michel de Montaigne og Olav H. Hauges dagbøker. Grei ut.


Dersom eg kunne hatt eit sidesprang med ein historisk person, ville valet falle på Montaigne. Han hadde alt: vidd, eleganse, eit talent for å hugse morosame anekdoter, og autoritet! Det er lite som er så kjekt som å sitje nokon timar og bla i bøkene hans, og det same kan ein gjere med Hauge. 

Montaigne var jo den som innførte jogge-hysteriet blant forfattere! “Sjelen får nok sin mosjon, men kroppen, hvis sunnhet også opptar meg, blir tung og trist av mangel på bevegelse. Nå når min livsdag begynner å helle, tror jeg ikke det er noen ytterlighet som er skadeligere og viktigere å unngå enn overdreven lesning.” Pytt, pytt, vi leser videre på listen: Purkene snudde seg av bestevenninnen din Kjersti Rorgemoen er en perle, den inneholder blant annet norsk litteraturs beste slå opp-scene. Kan tenke meg du kjenner deg igjen i verdensanskuelsen til hovedperson Magna Bekk?

Formidla i ein lyrisk prosa som her, gjer det boka til eit meisterverk som eg håpar aldri vil døy


Ja, det stemmer, men truleg ikkje like mykje som forfattaren sjølv kjenner seg att. Magna Bekk er eit herleg tilskot til den litterære skogen av intellektuelle outcasts. Eg vil seie det både er spor av Woody Allen, Dag Solstad, A. O. Vinje og Larry David i Magna Bekk, men ho klarer fint å stå og skine åleine, med sitt lange, gråe hår. Ho er ein av mine favorittfigurar i all litteratur, der ho kjem seg gjennom kvardagen med ei fin blanding av sjølvforakt og self-deprecation, misantropi, intellektuelle refleksjonar og ein temmeleg sjeldan humor. Det er ei perle, så eg kan godt vedgå at eg er stolt av å kjenne forfattaren.

Hvorfor er egentlig alle så enige i at Askildsen er vår største novellist?

Dette blir sjølvsagt rein gjetting frå mi side, men svaret er truleg så enkelt som at han er det. Thomas F. var sjølvsagt den første Askildsen-boka eg las, og fekk stadfesta det eg lenge hadde hatt ein mistanke om; at litteratur faktisk kan vere så bra. Men eg har altså valt å ha Hundene i Tessaloniki på lista mi. Det er ei delvis personleg årsak til det, eg las henne som 18-åring på reise til og frå ei gravferd, eit trist dødsfall i familien, og av ein eller annan grunn var det ei form for trøyst å hente i boka. Eg skjønar ikkje kvifor, for alle novellene skildrar jo tragiske og deprimerande familierelasjonar - så forklaringa er nok rett og slett at det er kunst. Det er sjølvsagt muleg at eg var i ein sinnstilstand som gjorde meg ekstra reseptiv, og at eg like gjerne ville fått same utbyttet av å lese Alkymisten, men eg har mine tvil. Og boka held seg like godt, det er nok den boka eg har lese flest gonger omatt. Eg hadde ein gong ein plan om å skrive masteroppgåve om Askildsen, men då eg oppdaga at nittisnitten andre sjølvsagt alt hadde gjort det, mista eg motivasjonen (og avslutta studia mine). Men så var eg altså som nemnt så heldig å i staden få lov til å bryte handbak med forfattaren, på Lorry langt over midnatt, og det var ei glede å tape mot ein fugleliknande 83-åring.

Quiz: I hvilken bok forekommer tittelen “Ei kvinne steller i huset og passar ungane sine før ho drep seg”?

Rønnaug Kleiva!

Et solid forfatterskap, Kleivas! Og se der! Vigdis Hjorth! En gang kysset hun meg i munnviken i rødvinsrus! Dette til tross - hun har en gang for alle kvittet seg med rødvinsdronningsstempelet? En dypt seriøs forfatter som skriver bøker av høy kvalitet!

Ja, det var vel eit tidsspørsmål før . For ein god gjennomgang av korleis Vigdis Hjorths forfattarskap kom i skyggen av media sin merkelapp på henne som “kvinneleg erotisk forfattar”, kan eg i same slengen tilrå Unn Conradi Andersens bok Har vi henne nå.
Eg fekk ei slags generell kjærleikssorg av å lese Om bare. Det er ei opprivande og intens leseoppleving.

Eg fekk ei slags generell kjærleikssorg av å lese “Om bare”. Det er ei opprivande og intens leseoppleving

Mens vi er inne på dette samtidslitteratursporet, hvordan vil du karakterisere Trude Marstein?

Å lese Trude Marstein kan vere ubehageleg, men ho er òg veldig morosam, og dét ser eg ikkje ofte at folk trekker fram.

Jeg har hørt at du alltid feirer jonsok i gul dress og drømmer “om en Literatur der har Mennesker hos hvem Inkonsekvensen Bogstavelig er Grundkaraktertrek”? Ingen i Norge klarer å sove før de får vite hva som er din favorittscene fra Hamsuns
Mysterier.

No er det mange år sidan eg las Mysterier sist, så den scenen som først renn meg i hu er då Nagel møter ei jente med ei lang, tjukk flette, og spør henne om nøyaktig kor langt inn det er til sentrum. Når han så ber om lov til å få slå følgje henne på vegen, på ein i overkant snakkesalig måte, legg jenta på sprang og spurtar alt ho kan for å komme seg vekk frå Nagel, og han observerer: “Den svære blonde flætte tok hun simpelthen i hånden da hun sprang. Jeg har aldrig set maken.”

Elles står det jo mellom Mysterier, Sult og Pan, eg likar dei omlag like godt. Skoscenen frå Pan er jo òg kosteleg, då Glahn under ein stor felles båttur kastar den eine skoen til Edvarda på vatnet i eit mislykka forsøk på å få merksemda hennar. Men mi favoritt-Hamsun-scene generelt er nok frå Sult. Nærare bestemt der vår namnlause hovudperson spør ein mann om han har sett ein person, kor på den stakkars, hjelpevillige mannen spør: Denne personen, hadde han på seg ein kvit frakk? Her bryt den namnlause ut i raseri, og svarer: En hvit frak? Tror du, det er en tekop jeg leter efter?!

Han burde ta seg en bolle til teen. Noe som bringer oss over til din mann, the man with the plan, Einar Økland, som jo har Norges største samling av tekopp-bruksanvisninger. Hva er det med Ötzi som appellerer så sterkt til deg? Mangfoldigheten? Klisjeen om den store undringa?

Iallfall ikkje “den store undringa”, gud forby! Om noko, så den vesle. Og mangfaldet er imponerande nok, men det er nok snarare at ein finn att “den øklandske klo” uansett kva han skriv og skriv om. Det er ikkje enkelt å skulle seie noko slagordaktig og kort om Einar Økland og hans produksjon. Han blir gjerne kalla for Askeladd og liknande, slik ein gjerne kallar nokon som er vanskelege å gripe. For meg er det, i prioritert rekkefølgje, visdommen, viddet, overraskingane og originaliteten som gjer han til. Sjølv vil han nok motsetje seg særleg dette med “visdom”. Ein kan ikkje vente å finne fengande livsvisdoms-formuleringar, slik lesarar ofte drøymer om. Nettopp fordi han er motstandar av store idear og sanningar. Han er nok ein klassisk rev i så måte (òg av utsjånad), dersom ein skal ta Isaiah Berlins klassiske inndeling av menneske i revar og pinnsvin på alvor. Reven veit mange små ting, medan pinnsvinet veit èin stor ting. Slik Montaigne òg er rev, eller Aristoteles, sett opp mot Platon, som må vere sjølve ur-pinnsvinet. Reven trur ikkje at verda kan kokast ned til èin absolutt idé, men ser verda gjennom eit sett av erfaringar og perspektiv.

Han er nok ein klassisk rev i så måte (òg av utsjånad), dersom ein skal ta Isaiah Berlins klassiske inndeling av menneske i revar og pinnsvin på alvor. Reven veit mange små ting, medan pinnsvinet veit èin stor ting.

Eg synest det er like givande å høyre på Økland som å lese han. Eg er samd med meg sjølv når eg seier at han er landets klokaste. Men det er vanskeleg å tilrå ei enkelt bok eller ein enkelt tekst. Det er summen av alt som er så strålande. Han skriv ikkje “meisterverk”, slikt som lesarar og forlagsfolk drøymer om. Til gjengjeld kan ein lese bøkene hans om att og om att. Så det er kanskje mannen like mykje som ballen.

Agnes' mageveske er tom for pierogi, flaskene husker ikke lenger sitt tidligere innhold. Vi takker hjerteligst for maten og anbefalingene, og tar farvel. Agnes trykker i all hast en lapp i hånden til bibliotekets utsendte, før hun vinker på sin sjåfør. Jeg bretter den ut og leser: "Redd meg, sjåføren held meg som gissel!" Det er søndag når Polen-flyet lander på Flesland, flybussen stopper like ved biblioteket. Da er det bare å rulle frem soveposen og vente til biblioteket åpner. For her skal det lånes, her skal det jommen meg leses!


Liste over Agnes Ravatns anbefalinger