Logg inn





Glemt passord?   Registrer deg her.
av Kjartan Fløgstad — sist endret 2016-09-17T01:37:04+02:00

Fødd den 7. juni 1944 i Sauda på den norske Vestkysten, ein einsidig industristad der det nordamerikanske konsernet Union Carbide utnytta vasskrafta til drift av eit av dei største mangansmelteverka i verda. Amerikansk kapital, vasskraft frå den norske Regnkysten, malm frå Gullkysten i Afrika: eit internasjonalt samfunn med andre ord, svært sårbart for svingingane i verdskonjunkturane.

Examen artium i Sauda i 1963. Deretter erfaring som sjømann og industriarbeidar. Lange opphald i Spania og Latinamerika. Studiar i arkitektur ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, og filologi ved universiteta i Bergen og Oslo.

Sidan 1971 levd som fri forfattar, for det meste i Oslo, dessutan i Finnmark, Nord-Norge, og i fleire søramerikanske storbyar, særleg Buenos Aires.

Erfaringa av den industrielle moderniteten er det viktigaste utgangspunktet for forfattarskapen, som i stor grad har dreia seg om kulturmøte, språkblanding, historiske overgangsfasar, synkretisme, polyfoni, modernitet og eksil.