Hopp til hovedinnhold

Brit Aksnes anbefaler Holy Toy

av Brit Aksnes — sist endret 2023-03-28T13:54:04+02:00
Brit Aksnes er blant mange kjend som altmogleg-kvinne innen Hordalands kulturliv. Ho er i tillegg medlem av Kvam herad si finaste eksportvare: den smått eklektiske duoen Microbandet.
Holy Toy

Warszawa

Tatra Records, 2009, Norge

Polakk, ja takk

Korleis oppdagar ein ny, gammal musikk i 2011? Eg kan med glede melda at mitt fyrste møte med Holy Toy gjekk over eteren, nærare bestemt Musikkredaksjonen på P2.

Kven stod bak desse harde og samstundes melodisk industrielle songane med gebrokken vokasjon og særeigen vokal? Jovisst, polskfødde Andrej Nebb - betre kjend frå DePress, som vart oppløyst rett før nyprosjektet- og skaparane av «Warzawa», bandet Holy Toy.

Dette måtte sjekkast ut, og som ein leitar på Bergen Offentlige Bibliotek, så finn ein!

For meg var den opplagte hiten Dada, dansbar og deilig. Har òg høyrt rykte om dei haldt på å bli skikkeleg store i England, slike rykter høyrer ein jo i ny og ne, men utfrå fyrstesporet Down in Japan, så skjønar eg kvifor. Det er rett og slett utruleg få daupunkt på denne plata - blinkskotet frå tidleg åttital, gøymt men ikkje gløymt: turar på byn fører til stjerner i augo på folk når eg spør om dei har kjennskap til denne glitrande plata.Så viss du er ute etter å imponera musikknerdar og middelaldrande i dag, dengong sinte tenåringar, køyr deg opp med denne. Og dagen derpå, når du innser at du kanskje prøvde litt hardt, så set på spor 3, Marmur, på full guff og drit i kvelden før. Holy Toy rular!