Hopp til hovedinnhold

Mari Persen anbefaler Edu Lobo og Tom Jobim

av Mari Persen — sist endret 2021-01-20T10:23:32+02:00
Mari Persen er multi-instrumentalist med hovedvekt på vokal og fiolin. Ho har bidratt på ei lang rekke utgjevnader med band som The Royalties, Professor Pez,
Edú Lobo ; Tom Jobim

Edu & Tom

Emarcy, 2008 (1981)

Madrugada og John Olav Nilsen & gjengen, for å nevna nokre. I 2009 ga ho ut sitt første og sjølvtitulerte soloalbum.

Denne plata oppdaga eg tilfeldig då eg var utvekslingselev i Brasil i 95/96. Det er ei perle av eit album med to av dei fremste komponistane innan bossa nova – Tom Jobim, (også kjend som Antonio Carlos Jobim) og Edu Lobo. 

”Lekkert” må vera det ordet som dekker dette albumet. Her finn ein utruleg flotte melodiar med finurlege og harmoniske akkordar til kromatiske nedgangar, som ofte går igjen i denne sjangeren, og få instrument – gitar, piano, kontrabass, trommer og av og til ein trompet. Musikarane utfyller kvarandre på ein så gjensidig måte, at det er ikkje måte på – ingen speler for mykje, eller for lite, det er melodien som er i fokus. Jobim får sagt mykje med lite i sine piano- soloar, og det er befriande å høyre nokon som ikkje er besatt av ”panikk-skala-solo-speling”.  

Desse herrene kjenner kvarandre godt, og dei syngjer kvarandres songar med så avslappande ”feeling", anten det er vekslande strofer, eller unison synging; dei matcher kvarandre perfekt. Dette er lyden av god-stemning i studio, med ei laid-back haldning til ”perfekt” lyd. Det er befriande å kunne høyre nase-hårene til Jobim vibrere medan han speler lekre piano-soloar - her er alt teke med, og desto meir verkar musikken levande og organisk. 

Dette er eit tidlaust album, som fint kan lyttast til sjølv om du ikkje kan portugisisk, her får ein meir enn nok uttelling på musikken. Om ein likevel kan språket, får ein desto meir ut av songane. Tekstane handlar om god kjærleik, sår kjærleik, sakn, einsemd, naturen. 

Eg vert aldri lei songane ”Pra dizer adeus” og ”E preciso dizer adeus” – mykje avskjed her, men så er eg kanskje den som liker triste tema. Både tekst og melodi er så bundne i kvarandre, både sår og håpefull samtidig. 

Dette er berre nokre av perlene i dette smykket av eit album.